46 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Kronikk
Bomskot frå Skogen Lund
NHO-direktør Kristin Skogen
Lund sitt utspel om prestasjons-
løn for lærarar tyder på at ho
veit for lite om skulesektoren.
ILLUSTRASJON
LarsAurtande |
NHO-direktør Kristin Skogen Lund
har vore i
media og uttala seg om «gode» lærarar, som ho
meiner bør få ein større del av den samla lærar-
lønspotten — og, underforstått, om lærarar som
ho oppfattar som mindre «gode» og som ho vil
at skal diskriminerast lønsmessig (pressemelding
6. januar). Utspelet luktar sterkt av 1: privat syns-
ing, 2: taylorisme.
La meg ta
det siste først: FrederickWinslow Taylor
(1856–1915) la grunnlaget for mykje av korleis
næringslivsleiarar tradisjonelt har tenkt om å
drive verksemder. Han meinte, populært forklart,
at arbeid stort sett består av enkle, keisame oppgå-
ver som arbeidarane helst vil fri seg frå, og at leiing
(eng. «management») handlar om å overvake dei
tilsette, hindre dei i å sluntre unna gjennom å truge
med å straffe dei om dei gjer det, og motivere dei
med større materielt vederlag dess meir dei pro-
duserer. Taylor sin motivasjonsmedisin har vore
mykje brukt. I «Politisk kvarter» på NRK radio,
same dag som NHO publiserte pressemeldinga,
hevda Kristin Skogen Lund i eit ordskifte med
Utdanningsforbundet sin leiar, Ragnhild Lied, at
heile resten av arbeidslivet [bortsett frå skulen] er
tufta på dei prinsippa.
Best effekt har
taylorismen hatt i verksemder der
utfordringa har vore å få lågt kvalifiserte fattig-
folk til å bli produktive i rutineprega og skiftelause
arbeidsoppgåver blotta for menneskeleg meining,
som å stå ved det same samlebandet og stramme
til den same skruen på den same type bilmotoren
dag ut og dag inn.
I dagens komplekst
kunnskapsintensive arbeids-
liv er det annleis, særleg i sektorar og næringar der
dei tilsette arbeider med og for menneske (på eit
meir involverande plan enn å pushe salsvarer på
dei eller fakturere timar til dei). Løn og lønsdif-
ferensiering er berre eitt av mange moglege ver-
kemiddel for å motivere medarbeidarar. Og det er
ikkje alltid det beste. Lønsdifferensiering kan slå
negativt ut. Løn har verknad opp til eit visst nivå.
Deretter er det andre motivasjonsfaktorar som i
større mon avgjer om arbeidstakarar går inn for å
«levere god kvalitet» og får lyst til å bli verande i
jobben sin. Men for ein som berre har hammar, ser
alle problem ut som spikar.
I motstrid til
NHO-direktøren sitt tayloristiske
tankesett om løn og prestasjonar, er eit nytt para-
digme om leiing i ferd med å vekse fram, fundert
på ei forståing av at menneske i sin uforderva
naturtilstand har ein indre motivasjon for å gjere
så godt dei kan. Framståande talsmenn for denne
nye motivasjonsfilosofien er psykologiprofes-
sorane Edward Deci og Richard Ryan, og forfatta-
ren Daniel H. Pink. Sistnemnde har skrive New
York Times topp ti-bestseljarboka «Drive. e sur-
prising truth about what motivates us». Dersom
dei tilsette i ein organisasjon eller ei verksemd har
eit arbeid der dei opplever meistring, autonomi og
meining, på toppen av at dei får ei tilstrekkeleg,
adekvat og rettvis grunnløn, framheld Pink, kan
den tayloristiske medisinen skade meir enn han
gagnar, i tillegg til at han er vanedannande og tole-
ranseutviklande. Pink hevdar at Taylor sine idear
om «management» høyrer førre hundreåret til, og
at taylorisme fremjar kortsiktig tenking, hemmar
menneska si evne til å tenkje utanfor boksen og
løyse problem på nye måtar, reduserer trivsel, bryt
ned samarbeidsmoral, stimulerer til juksekultur,
og i verste fall — og rett som det er — verkar mot
siktemålet sitt ved at han drep den indre motiva-
sjonen hos medarbeidarane.
Mange yrke er
i dag, meir eller mindre, inkom-
patible med Taylors «management»-filosofi. Di
meir yrket fordrar av kompetanse og mennes-
keleg kløkt og høgre hjernehalvdel, dess meir
inkompatibelt er det. Læraryrket har alltid vore
det. Når norske lærarar så massivt og samstemd
vender tommelen ned for NHO sitt framlegg om
«bedre lønn til gode lærere», er det ikkje fordi vi
helst vil sleppe i frå å måtte arbeide så flittig vi
kan, og heller ikkje fordi dei fleste av oss er redde
for å bli avslørte som «ikkje gode» og bli straffa
med lågare løn. Det er fordi vi veit kor mangelfullt
tayloristisk medisin verkar i vårt yrke, og fordi vi
fryktar biverknadane. Dessutan skjøna alle med
ein gong at det Kristin Skogen Lund går inn for, er
å forskjellshandsame lærarar lønsmessig, ikkje å
auke lærarløningane jamt over til eit nivå som er
adekvat og rettvist samanlikna med andre yrkes-
grupper som har like lang utdanning. Ho kunne
spart seg bryet med å pakke det inn i forsøksvis
fine formuleringar.
I pressemeldinga viser
Skogen Lund til ein rap-
port frå ei internasjonal undersøking som ho mei-
ner dokumenterer at norske ungdomsskolelærarar
Ingvald Straume
lærar i ungdomsskulen
FOTO
PRIVAT
>
« Like mykje som blodet er
ei vital væske i ein men-
neskekropp, er tillit vitalt i
skulen.»