Utdanning nr 03-2014 - page 48

48 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Kronikk
opplever mindre konsekvensar av kvaliteten på
arbeidet sitt enn lærarar i andre land. Med «kon-
sekvensar» siktar både ho og rapporten snevert
til eksternt påførd løn eller straff frå arbeidsgjevar.
Når det kjem til å vurdere dei aktuelle spørsmåla i
undersøkinga som Skogen Lund meiner seg opp-
lyst av, høver det å hente fram det gamle ordtaket:
Som du ropar i skogen, får du svar. I undersøkinga
skulle lærarane svare på kor einige eller ueinige
dei var i ei rekkje fråsegner, mellom anna denne:
«Slik jeg ser det, mottar de mest effektive lærerne
ved denne skolen de største økonomiske og ikke-
økonomiske fordelene». Her hadde det vore meir
nyttig om lærarane kunne krysse av på ein skala
for kor einige eller ueinige dei var i presupposisjo-
nane i spørsmålet.
Eit anna problem
med det Kristin Skogen Lund
føreslår, er kva for parametrar ein skal leggje til
grunn og korleis ein skal måle om ein lærar er god
eller dårlig. I debatten mellomNHO-direktøren og
Ragnhild Lied i «Politisk kvarter» svara Skogen
Lund slik, ordrett sitert, då programleiaren spurde
henne om nettopp det:
«I skolen og i læreryrket så driver man tross
alt med ganske målbare ting. Det er mye ... jeg vil
påstå at det er lettere å vurdere hva en innsats en
god lærer enn for eksempel kanskje en god sekre-
tær da, eller journalist for den saks skyld. Så jeg
kan ikke forstå de som sier at dette er så umulig.
Vi får det til i nesten hele resten av arbeidslivet, og
da må vi få til det i skolen også.»
Her demonstrerer sjefen
for Næringslivets
hovedorganisasjon arrogant ignoranse. Eg vil
gjerne at Skogen Lund skal forstå (og eg forsøker
ikkje å vere arrogant tilbake): Det er tre hovudut-
fordringar med å måle kvaliteten på det lærarar
gjer i skulen. Desse gjeld uansett kva føremålet
med å måle er, anten det er å hjelpe oss til å bli
betre, eller det er å innføre eit prestasjonslønsre-
gime. Dei to første gjeld generelt. Den siste gjeld
særskilt for skuleverket og institusjonar som har
liknande, langsiktige ideelle mål som handlar om
menneske:
1. Å måle er å endre.
Det er umogleg å måle noko
utan å vekselverke med det ein måler. Stikk du
eit termometer ned i eit glas med vatn, vil tempe-
raturen til termometeret påverke temperaturen i
vatnet. Eit gloheitt termometer vil påverke tempe-
raturen i vassglaset så mykje at det som blir målt,
er noko anna enn det som var der i utgangspunk-
tet. Dermed blir målinga upåliteleg. Endringa som
ei måling fører med seg, kan også vere skadeleg.
Lækjarar veit til dømes at det ikkje er klokt å ta
omfattande blodprøvar av ein pasient som nett har
lidd eit livstrugande blodtap. Like mykje som blo-
det er ei vital væske i ein menneskekropp, er tillit
vitalt i skulen. Det må vere tillit mellom lærarar og
elevar, mellom skule og heim, og mellom lærarar
og rektor for at skulen skal fungere godt. Dersom
det i utgangspunktet skortar på tillit mellommen-
neska i skulen, og ein går i gang med å måle på
ein måte som svekkar tilliten ytterlegare, kan det
gå rett ille.
2. Å måle krev ressursar.
Ein må ha grunn til å
tru at ein vinn meir med å måle enn det målin-
gane kostar, viss det skal vere nokon vits. Det kan
vere ein idé å starte med å måle kva det vil koste
å måle. For skulen kan det nemleg bli dyrt, både i
form av tidsbruken og merksemda til dei tilsette
og pengar.
3. Å måle er vanskeleg.
Kristin Skogen Lund
veit ikkje kva ho snakkar om når ho påstår at
det er lettare å måle innsatsen til ein god lærar
enn ein god sekretær. Å måle rett og å måle det
rette er mykje meir innfløkt i skulen enn NHO-
direktøren har forstått. Det er, som Ragnhild Lied
freista å opplyse henne om under radiodebatten,
nesten umogleg å identifisere kva slags lærarar
som påverkar ulike elevresultat. I skulen, som i
fotball, kjem sjeldan måla og sigrane berre av inn-
satsen til den som har siste fot på ballen. Men i
skulen, i motsetnad til i fotball, er det ikkje alltid
lett å få auge på kven som gjev dei målgjevande
pasningane, kven som har gjort førearbeidet, og
kven som har gått i forsvar og hindra baklengs-
mål. Dette veit alle som jobbar i skulen. Resultata
i skulen avheng også av faktorar utanfor skulen,
som sosiokulturelle omstende og heimetilhøve,
som lærarane ikkje rår over. Å korrigere for dette
krev kløkt og innsikt. Vidare er det slik at det
viktigaste av det ein lærar er sett til å gjere, er det
som er mest vidløftig å skulle måle: nemleg om
han eller ho evnar å hjelpe elevane så dei lukkast
med liva sine og blir gode samfunnsmenneske.
Om slike målingar lét seg gjennomføre i praksis,
ville tidsperspektivet uansett vore så langt at det
hadde vore uråd å nytte dei til det føremålet som
Kristin Skogen Lund har tenkt. Å oversjå dette, og
i staden fortape seg i å måle mindre viktige, men
meir «målbare ting», som til dømes resultata av
standardiserte avkryssingsprøvar, og legge det til
grunn for differensiering av lærarløningane, er
ei sikker oppskrift på å få skulen til å gå heilt av
hengslene.
Så, nokre alvorsord
om privat synsing. Vi læra-
rar er vande til at lekfolk har ei oppfatning om
«gode» og «dårlege» lærarar og om korleis skulen
bør vere. Vi veit at vi er ei yrkesgruppe som blir
mykje samtala om— på godt og vondt — blant folk.
Årvisst skjer det at private synsarar som har ein
stor megafon, slik Kristin Skogen Lund har, nyttar
denne til å tale nedsetjande om skulen og lærarar
i media. Det finnest knapt noka yrkesgruppe som
så til dei grader blir fortald offentleg at dei ikkje
gjer jobben sin, og korleis dei burde gjere han, som
lærarar. Eg kan forstå at «Kvarmannsen» har ei
meining om skule og kva som er ein god lærar;
alle har opplevd sin egen skulegang og kan snakke
ut frå den. (Akkurat som at vi snakkar om korleis
vi synest ein god tannlege eller servitør bør vere).
Dei som har born i skulen, kan også snakke ut
frå slik dei opplever skulegangen til borna sine.
Men når politikarar skal ta avgjerder om skule og
utdanning, kan dei ikkje basere seg berre på sine
eigne eller andre amatørar sine private røynsler og
synse ut frå det. Dei burde lytte meir til eksperti-
sen i skulen, nemleg lærarane, og då helst til dei
lærarane som er ute i skulen — ikkje dei som har
funne seg noko anna å gjere. Og i denne saka bør
dei ikkje akte for mykje på plapringa til NHO-
direktøren. For bortsett frå det ho nemner om
karrieremoglegheiter, er det ikkje meir fornuft i
det ho har sagt og skrive, enn det ein gjennom-
snittleg pubgjest kan lire av seg. Det hjelper ikkje
at ho nyttar finare ord, som «konsekvenskultur».
To dagar etter
medieutspelet og radiodebatten
hadde NHO sin årlege konferanse, om læring
denne gongen, under tittelen «Læringslivet».
Både NRK Dagsrevyen og TV2 hadde reportasjar
frå dagen. Og det var lett for meg å vurdere at NRK
sin journalist hadde gjort ein betre jobb enn TV2
sin, i alle fall med spørsmåla. (Men kven av dei
som ville fått høgast løn om det hadde vore opp
til NHO og Kristin Skogen Lund, er eg meir uviss
på.) For mens TV2 fokuserte overflatisk på glit-
ter og glamour, greip NRK sin journalist fatt i det
påfallande at berre éin person med lærarbakgrunn
var invitert, nemleg Ragnhild Lied frå Utdannings-
forbundet. Då NRK spurde NHO-direktøren om
kvifor det berre var éin lærar i dagens skuledebatt,
svara ho slik, igjen ordrett sitert:
«Ja, men asså det er jo ikke sånn at vi skal for
eksempel invitere hundre lærere fordi det handler
om det. Asså. Jeg håper hundre lærere er interes-
sert i konferansen. Men da håper jeg at de kan ha
sett det på nett og deltatt på den måten.»
Det ville aldeles
ikkje ha vore nokon dårleg idé
om NHO hadde invitert hundre lærarar til konfe-
ransen. Så kunne dei ha engasjert to–tre av læra-
rane som talarar og spreidd dei hundre jamt utover
som bordkavalerar til dei høge herrane og damene
under middagen. Meininga med dette måtte ikkje
ha vore at NHO skulle vise sitt storsinn mot allmu-
gen ved at dei lét alminnelege lærarar menge seg
med fiffen for ein dag, men at samfunnstoppane
fekk høve til å lytte til og samtale med ekspertane
i norsk skule.
NHO-direktøren treng å
bli klokare. Det blir ho
viss ho lyttar til lærarane sine motførestellingar i
denne saka.
I mellomtida uroar
det meg at politikarane og dei
som styrer i skulen, nasjonalt og lokalt, kan kome
til å tru at NHO-direktøren sitt framlegg om resul-
tatbasert lærarløn er gjennomtenkt og bra, og at
det kan inspirere dei til å finne på noko dumt i den
retninga som ho peikar. Når eg tek såpass kvast til
motmæle mot Skogen Lund som eg her gjer, er det
fordi eg er redd for dette, og ein ting til: Eg er redd
«Å måle rett og å måle det
rette er mykje meir innfløkt i
skulen enn NHO-direktøren
har forstått.»
1...,38,39,40,41,42,43,44,45,46,47 49,50,51,52,53,54,55,56,57,58,...68
Powered by FlippingBook