Utdanning nr 03-2014 - page 37

37 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
«Vi hadde fått sett Afrika på
godt og vondt, og samstun-
des verkeleg sett at det nyt-
tar å hjelpe, sjølv om det vert
som ein drope i havet.»
I haust var to elevar og to læra-
rar frå Eid vidaregåande skule på
besøk til ein skule i Nairobi for å
læremeir omhjelpearbeidet dei er
med i.
Frå Nordfjord til Nairobi
Tone Flem
Ulvestad
Eid vidaregåande skule
Anita Hunvik
Eid vidaregåande skule
Her var metallporten overvaka døgnet rundt, og
eigendomen var omkransa av høge murar, piggtråd
og elektrisk gjerde. Etter skytinga ved kjøpesenteret
Westgate i Nairobi kort tid før vi skulle reise, var vi
ekstra merksame på tryggleik, og vi fekk sjå mange
døme på at ein tok dette på alvor i Kenya, både i
kjøpesenter, hotell og ved attraksjonar.
Sjiraffar og elefantar
Afrika får oss oftast til å tenkje på sjiraffar, elefantar
og andre spennande dyr, og på måndagen besøkte
vi €e David Sheldrick Wildlife Trust; Elephant
Orphanage og €e Giraffe Centre. Her fekk vi sjå
foreldrelause elefantar som dei bergar og fostrar
opp. Mange av desse elefantane er blitt foreldre-
lause grunna krypskyting, som er eit stort problem
i Kenya. Ved €e Giraffe Centre fekk vi sjå Roths-
child-sjiraffar. Dette er ein særleg utryddingstrua
art.
Om ettermiddagen besøkte vi eit fotballag i
Maringo-gettoen. Her kosa vi oss i ettermiddags-
sola, delte ut fotballsko og drakter og fekk sjå dei
spele. Ida og Ørjan leika med ungane på sidelinja,
og stemninga var god!
Bøker
Tysdag var vi i bokhandelen og fylde handlekorgene
med skjønnlitteratur til skulen. Vi kjøpte også bøker
ommellom anna geografi, mat, helse, hygiene og
idrett. Biblioteket på skulen fekk då utvida sam-
linga si frå tre til seks hyller. Dit får elevane følgje
ein lærar og sitje og lese ein time.
Torsdagen etter skulebesøket fekk vi med oss
lister frå lærarane med ynskjer om fagbøker og
utstyr. Ynskja var mange, og vi måtte prioritere.
Vi kjøpte bøker til lesing, matematikk og engelsk
for alle klassetrinn, samt ein del lærarrettleiingar,
tavlelinjalar og passarar. Skulenmanglar det meste
av det vi ser på som sjølvsagt i eit klasserom, så alt
var kjærkome.
Skulebesøk
Onsdag var første dag vi skulle besøke skulen. LCEC
held til i ei smal murbygning med kjellar og tre eta-
sjar. I kjellaren driv dei ein enkel helseklinikk der
dei hjelper så godt dei kanmed enkle middel. Før vi
skulle besøke klassene, gjekk vi ein runde i slum-
men. Dette var vi mest spent på. Vi fekk vite at det
var litt mindre folk der enn vanleg, av di det hadde
vore fleire drap der nokre dagar tidlegare. Å gå
rundt i slummen var spesielt. Smuga er tronge, det
ligg søppel overalt, og kloakk rennmidt i «vegen».
Vi vart invitert inn i heimane nokre stader, sjølv om
det gjerne ikkje var plass til oss alle på ein gong. Det
kjendest ikkje berre greitt å vere kvit og rikmed fint
kamera, når dei vi trefte hadde det så fattigsleg. Det
var vanskeleg å fatte at folk faktisk bur slik heile
tida. Vi var på besøk i ein time, og hadde Nord˜ord
å reise heim til – mykje ettertanke her ...
Tilbake på skulen møtte vi «Babyclass» og 1.–8.
klasse i ei bygning som neppe ville blitt godkjent
som skule heime. Inne vart vi likevel møtt av glade
˜es, song og «Welcome». Alle klassene hadde
budd seg til besøket, og dei song og dansa for oss.
Stemninga i bygningen var god, men intens. Sidan
det ikkje er dører innvendig i bygget, var lydnivået
høgt. Mykje av undervisninga skjer ved at elevane
repeterer høgt det læraren går gjennom, og lyden
bar godt mellom romma. Vi fekk pakka ut bøkene
vi hadde kjøpt, og gjort oss kjent i skulen. «How are
you?» runga gjennom romma når vi kom innom
eller gjekk forbi, og alle var blide og interesserte.
«Eg følte meg nesten som ein kjendis», sa Ørjan.
Dagen etter skulle vi «underhalde». Ida og Ørjan
hadde med bilete av norsk natur, dyr, nasjonaldrak-
ter, skulen vår, Eid, og snø. Elevane lytta interessert
og spurde ommange ting, mellom anna om vi har
slum i Noreg. I første klasse fekk dei fargeleggje det
norske flagget. Vi hadde med kopiar og fargebly-
antar, og dei gjekk til oppgåva med stor iver! Det er
ikkje ofte dei får drive med slikt. I dei andre klas-
sene lærte vi bort «Hovud, skulder, kne og tå», så
no kan elevane frå 2.–8. klasse ein song på norsk.
Safari og bading
Grytidleg fredag for vi på safari i Nairobi Natio-
nal Park, der vi fekk sjå både sjiraffar, løver, sebra
og krokodille. Om kvelden besøkte vi Carnivore
Restaurant, ein verdskjend restaurant der vi prøvde
både struts og krokodille. Siste dag i Nairobi besøkte
vi eit hotell der vi bada og sola oss – det var godt.
Vi var ganske slitne etter ei veke full av opplevingar
og inntrykk utanom det vanlege. Vi hadde fått sett
Afrika på godt og vondt, og samstundes verkeleg
sett at det nyttar å hjelpe, sjølv om det vert som ein
drope i havet.
Målet med årets aksjon 14.–15. november er å
samle inn nok pengar til at ein kan byggje ein eta-
sje til på skulen, slik at dei får plass til opp mot 450
elevar, få kjøpe fleire skulebøker og meir materiell,
halde frammed å gi elevane eit måltid kvar dag, og
gjerne få til ein enno betre helseklinikk. Vi håpar
vi når målet!
FOTO
PRIVAT
FOTO
PRIVAT
Eid vidaregåande skule
i Nord˜ord har i mange
år drive hjelpearbeid i Mbala i Zambia, men i 2011
kom skulen i kontakt med Britt Lødøen frå Hor-
nindal, som sidan 2000 har drive hjelpearbeid og
samla inn pengar til ein skule i Mathare-slummen
i Nairobi i Kenya.
Elevrådet ved skulen syntest dette ville vere eit
godt prosjekt for skulen å ta del i, og frå 2012 går
pengane frå aksjonsdagen ved Eid vidaregåande
skule til Loving Concern Education Centre (LCEC)
i Nairobi.
I haust var to elevar, Ida Etterdal og Ørjan Ryland,
og to lærarar, Tone FlemUlvestad og Anita Hunvik,
på besøk til skulen i slummen, for slik å lære meir
om hjelpearbeidet. I haust har vi i tillegg arbeidd
med innsamling av klede, sko og skulesaker.
Vi sende brev til ulike organisasjonar og bedrifter
i nærområdet, der vi bad ommateriell og pengar
til tur. Fleire svarte ja, og vi ende opp med å vere
rimeleg fullpakka då vi sette nasen sørover natt til
19. oktober 2013.
Lokalkunnskap
Nairobi er ein stor bymed om lag 4,2 millionar inn-
byggjarar. Britt hadde bestilt bil med sjåfør til oss
for heile veka, og hennar lokalkunnskap var gull
verdt for oss på tur. Ikkje minst det at ho snakkar
swahili og kjenner den kenyanske kulturen gjorde
at vi følte oss i trygge hender heile vegen. Vi vart
innlosjerte på eit «pensjonat» i utkanten av byen.
1...,27,28,29,30,31,32,33,34,35,36 38,39,40,41,42,43,44,45,46,47,...68
Powered by FlippingBook