Utdanning nr 03-2014 - page 31

31 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Opptur
med
flatbrødtakke
– Norsk- og engelsklærarane såg nok mest på denne
guten som lat. Det var andre gongen han byrja på eit
grunnkurs.
TEKST
YlvaTörngren |
FOTO
Privat
Slik innleier rådgjevar
og arbeidslivskontakt
Øystein Garfors om den hendinga han har valt
seg som eit ekstra godt augeblikk frå yrkeslivet.
– Dette handlar om ein elev som gjekk hos oss
for fleire år sidan, held han fram. – Han var elev
på programfag for service og samferdsel og ikkje
akkurat pålogga i teorifag, og han kunne fort ha
droppa ut igjen, viss ikkje lagnaden hadde villa
det annleis.
– Saman med fire andre elevar skulle denne
guten setje i gang ei ungdomsbedrift, fortel Gar-
fors.
– Det å starte og drive ei slik bedrift grip over
store delar av pensum, og som skuleprosjekt varer
det frå september til mai, forklarar Garfors.
Eit lys gjekk opp
Aller først skulle gruppa ha idédugnad om kva
føretaket skulle produsere. Guten var ikkje særleg
aktiv, men så melde han seg plutseleg på.
– Det gjekk med eit opp for han at «Her kan vi
faktisk tene pengar!» For i drifta av eit slikt føretak
er det lov å tene opptil 140.000 kroner for eit år.
Ideen han kom med, var frå bestemora si flat-
brødbaking. Der hadde han sjølv vore med og
baka. Gjengen fekk låne flatbrødtakka til beste-
mora, og så skaffa dei seg endå ei takke og tok til.
Bestemora lærte dei tradisjonell flatbrødbaking, og
så baka dei flatbrød på kveldstid på eit av skulen
sine kjøkken.
Og sonesonen vart sjefen for ungdomsbedrifta
med namnet «Bestemors flatbrød».
– Bedrifta gjorde faga mykje meir
interessante
– Dette med elevbedrifta løfta han i dei aller fleste
faga, seier Garfors om guten.
Men ikkje nok med det. Årleg arrangerer Flora
vidaregåande skule kick-off for alle ungdoms-
bedriftene. Då kjem ordføraren og gruppeleiarar
frå bystyret, og helst to lokalaviser for å høyre på.
Alle får femminutt til å fortelje om føretaket.
– Det var sterkt. Å sjå denne eleven sommange
hadde frykta skulle droppe ut, stå stolt på scena
og fortelje om ei vellukka bedrift han sjølv hadde
hatt ideen til, og som han sjølv var sjef for, hugsar
Garfors.
Og flatbrødet fekk bedrifta avsetning for, seier
Garfors. Han fortel korleis gjengen vitja julemesser
i nabobygdene, spreidde reklame i postkasser og
dreiv direkte sal ved å gå frå hus til hus. Mestepar-
ten av salet skjedde rundt juletider. Dei selde til
rundt påske og avvikla føretaket etterpå. Dei fekk
inn 40-50.000 kroner, meiner Garfors å hugse.
– Å sjå korleis elevar vert trigga til læring og å
sjå korleis dei veks når dei får ansvar, er svært til-
fredsstillande, avsluttar Øystein Garfors.
Gylne augeblikk
I denne spalta fortel lærarar og førskolelærarar om noko
dei har lukkast særleg godt med.
Øystein
Garfors (37)
Kven:
Rådgjevar og arbeids-
livskontakt ved Flora
vidaregåande skule i
Florø i Sogn og Fjor-
dane. Skulen har sju
studieretningar innan
studiespesialise-
rande og yrkesretta
utdanning
Godt å tenkje på:
Å sjå korleis elevar
veks ved at dei vert gitt
ansvar og at eg har ein
jobb der eg ser dette
ofte.
Har du opplevd eit gyllent augeblikk
som du vil dele med andre?
Send det til
.
Merk e-posten «Gylne øyeblikk».
«– Det var sterkt.»
1...,21,22,23,24,25,26,27,28,29,30 32,33,34,35,36,37,38,39,40,41,...68
Powered by FlippingBook