Utdanning nr 03-2014 - page 33

De sensitive
blant oss
Aktuell bok
MELDAV
KirstenFlaten,Høgskulen iSogn
ogFjordane/Sogndalbarne-ogungdoms-
psykiatriskepoliklinikk
Særlig sensitiv
Av Elaine N.
Aron
Cappelen Damm
2013
288 sider
Omsett av
Nina Kraft
33 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Ei nyttig bok om eit viktig tema ligg
endeleg føre i norsk språkdrakt.
Boka til Aron
kom først ut i 1996 i
USA (« e Highly Sensitive Person»),
så det er ikkje heilt nye tankar som
kjem fram her. Mange års forsking
ligg bak teorien om at menneske
kan vere føddemed eit særskilt sen-
sitivt nervesystem, og at dette er ein
ressurs for enkeltpersonen sjølv og
samfunnet somheilskap. Aron lener
seg tungt på mellom andre Jerome
Kagan og Mary Rothbart, sombegge
har gitt gode bidrag inn i tempera-
mentsforskinga.
Boka har eit
tydeleg uttalt normali-
tetsperspektiv på det å vere stille og
reservert, og er eit tydeleg motsvar
mot ei verd som i aukande grad set
likskapsteikn mellom det å rope
høgt og det å vere vellukka. Aron vil
ha framalle ressursane som fort kan
verte oversett fordi personen sjølv
ikkje ropar høgt om alle sine flotte
eigenskapar. Her kan eg leggje til at
ved siste revisjon av det psykiatriske
diagnosesystemet (DSM-V) vart det
vurdert om det å vere sjenert skulle
takast med somein psykiatrisk diag-
nose, noko det heldigvis ikkje vart. Å
vere sensitiv er ikkje berre lett «i vår
tids ikke altfor sensitive verden» (s
21), eit sitat somviser Aron sinmoti-
vasjon for å skrive boka.
Aron er psykolog
og forskar, noko
som gir bakgrunn for forfattarverk-
semda. Det er òg ei svært personleg
bok, og Aron skriv at det tok tid før ho
forstod at ho sjølv er ein svært sen-
sitiv person, eller Highly Sensitive
Person (HSP), ei forkorting som vert
nytta gjennom boka og i denne bok-
meldinga. Omgrepet sensitiv kan lett
verte oppfatta som kjenslevar, men
Aron utvidar det til å omfatta også
observant og skjønnsam. Ei hel-
ler uformell kartlegging gjennom ei
telefonutspørjing konkluderte med
at 20 prosent rekna seg som svært
sensitive, 22 prosent som moderat
sensitive. Og så er det 42 prosent
som oppgir å ikkje vere sensitive i
det heile. Aron påpeikar at det er den
sistnemnde gruppa som lagar mest
ståk, visermest att og dermed set ein
standard for kva somer rett åtferd. Er
det naudsynt å seie kva Aronmeiner
omdet? Tala høver ellesmed kva som
kjem fram i kartleggingar av tempe-
ramentstrekk, og ein finn likemange
kvinner sommenn i gruppa HSP.
Omgrepet overstimulert får
òg
mykje plass i boka. Det er nøkkel-
ordet for å forstå vanskane ein HSP
kan oppleve. Å verte overstimulert
er å verte bombardert med inn-
trykk, og for ein person som vert
påverka, inneber det ei overbelast-
ning som fører til at alt går i stå. Det
vert umogeleg å tenke klårt og finne
godemåtar å handle på. Eit tema som
òg kjem att fleire gonger, er behovet
for å ha det stille og roleg rundt seg,
å få trekkje seg attende til omgivna-
der med få eller ingen stimuli. Aron
nemner det å få trekkje seg attende
til eit mørkt og stille rom, der ein kan
vere åleine. Her kan HSP få høve til
å dempe reaksjonane på bombar-
dementet av stimuli som ein vanleg
kvardag inneber. Trekkjer ein dette
inn i ein skulekvardag, ser ein at
elevar som er HSP har få stader der
dei får høve til å hente seg inn att.
Eksempla i boka
dekkjer heile
aldersperspektivet, frå nokremåna-
der til inn i pensjonsalder. Slik sett
kan boka både vere ei fagbok omkva
tilrettelegging eit born treng, og ei
bok der ein får auka forståing for seg
sjølv, mellom anna gjennom fleire
kartleggingsskjema. Boka vekslar
mellom fagperspektiv og praktiske
erfaringar, og er såleis ikkje ei tung
fagbok, men heller ikkje særskilt
lettlesen. Her krevst noko fagbak-
grunn; det er utstrakt bruk av namn
og omgrep som høyrer heime i psy-
kologifaget. Det er dessutan ei svært
personleg bok, då Aron brukar eg-
forma og gir dermed ein intimitet
og nærleik inn i teksten. Ho nyttar
òg mange eksempel som det går an
for lesaren å kjenne seg att i. Sam-
anlikninga av ein HSP-kropp og
eit spedbarn var eit eksempel som
denne lesaren opplevde som heller
platt, men kanskje det gir ein anna
lesar ei aha-oppleving.
Det er ei
nyttig bok som tek opp
eit viktig tema – det å få lov å vere
reservert og stille, og fornøgd med
å vere slik. Innleiinga viser at HSP
med si åtferdsmessige nøling er i ei
risikosone for å verte mobba. Men-
neske med sensitive sinnelag er
ressursar, og dei skal ikkje pres-
sast til å leve etter ein utagerande
mal. Dei skal heller ikkje plasserast
i ein angstkategori, noko som lett
skjer no når forståing og beskriving
av normal psykisk helse låner så
mange omgrep frå psykiatrien. Slik
sett er Aron si bok med på å utvide
omgrepa vi har i å beskrive ein psy-
kisk helsefaktor med eit positivt og
normaliserande språk. Forståing for
og innsikt i temaet psykisk helse
treng vi alle å verte betre skulert i.
1...,23,24,25,26,27,28,29,30,31,32 34,35,36,37,38,39,40,41,42,43,...68
Powered by FlippingBook