Table of Contents Table of Contents
Previous Page  45 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 45 / 60 Next Page
Page Background 45 | UTDANNING nr. 2/27. januar 2017

Fravær i skolen

Kvart år får mange studentar ikkje eksamen på

nynorsk, trass i at dei er meldt opp somnynorsk-

studentar hjå studiestaden sin og ifølgjemållova

har rett til eksamen på eige språk. Difor oppretta

NorskMålungdom i 2015 ein klageportal somhjel-

per studentane å klage når dei ikkje får eksamen på

rett språk. Dette semesteret syner det same som

dei tidlegare semestera. Lærestadane tek ikkje det

språklege ansvaret sitt på alvor.

Totalt er det kome inn eit titals klagar frå fleire av

landets største utdanningsinstitusjonar. Me har nokre

verstingar somgår att. Det syner at lærestadane

ikkje tek studentane sine rettar på alvor. Kva studen-

tane klagar på, endrar seg heller ikkje frå semester til

semester. Me får nokre klagar omsvært dårleg språk,

men nesten alle klaganeme får inn, går på at eksa-

menssettet berre fanst på bokmål. Det verkar som

ommange av universiteta og høgskulane ikkje tek seg

bryet med å prøve å oppfylle krava fråMålloven, og

nynorskstudentane sit att som taparane.

Alle klagene NorskMålungdomsender inn, går òg

i kopi til Språkrådet, sompålegg lærestaden å svare

for korleis dei vil hindre at noko liknande skjer igjen.

Dei fleste lærestadane lovar å gå gjennom rutinane

sine, men fleire svarar berremed ei orsaking og at dei

ikkje ynskjer at noko liknande skal skje igjen. Det er

rett og slett ikkje godt nok. Mållova skal følgjast, og

dåmå ein gjere skikkelege tiltak, ikkje berre ynskje at

problemet skal gå over.

NorskMålungdomhar likevel ikkje berre negative

erfaringar frå arbeidet med klageportalen. Det blir

gjort ein god jobb på fleire lærestadar. Mange gjen-

nomfører digitale eksamenar der det er lett å ha

eksamenssettet tilgjengeleg på båe språk, ogmange

har gode ordningar somsikrar at kvar student får

eksamen på rett språk. Likevel opplever studentane

ofte at dei får for dårleg informasjon omkvar og kor-

leis ein vel språk i eksamensprogrammet. Det gjer at

mange ikkje finn fram til den rette eksamensteksten.

Bruk klageportalen vår til å klage, så hjelper me

deg å ta saka vidare til studiestaden din og til Språk-

rådet. Du har rett til å få eksamen på ditt eige språk,

og saman kanme leggje press på lærestadane for at

dei skal skjerpe seg.

SynnøveMarie Sætre

leiar i NorskMålungdom

Mange klagar, men nynorsksyndinga held fram

Kompetanse i skolen Videreutdanning for lærere, rådgivere og skoleledere. Samlings- og nettbasert. Høy faglig og fagdidaktisk kvalitet. Tilpasset lærere i jobb. For lærere i grunn- og videregående skole. Fagområder: • Matematikk • Naturfag • Fysikk • Kjemi • Teknologi og forskningslære • Engelsk • Norsk • Rådgivning • Norsk tegnspråk • Skoleledelse • Utdanningsvalg • Veileder- og mentorutdanning Du kan søke om finansiering via den statlige satsningen Kompetanse for kvalitet i perioden 1. februar – 1. mars . Les mer om NTNUs videreutdanningstilbud studieåret 2017/18 på www.ntnu.no/kompis Sett spor

Har dumykje på hjartet?

Det er du ikkje åleine om. Utdanning tek imot store mengder kortare og lengre debattinnlegg,

innspel og kronikkar. Men det er trongt om plassen. Difor går det ofte lang tid før tekstane

kjem på trykk, nokre gonger så lang tid at dei vert uaktuelle. Vårt tips er: Skriv kort! Held du

debattinnlegget ditt på under 2500 teikn (tal på teikn inklusive mellomrom), er sjansen større

for å få plass. Redaksjonen set retten til å kutte i innlegga som vilkår.

For innlegg på innspelplass er lengda 3000–10.000 teikn, og kronikkar kan ha ei lengd på mel-

lom 12.000 og 17.000 teikn.

Redaksjonen tek imot debattstoff på denne adressa:

debatt@utdanningsnytt.no