Table of Contents Table of Contents
Previous Page  26 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 26 / 68 Next Page
Page Background

DOVRE

Handverksskolen på Dovre har fått godkjend 30 nye elevplassar

for ungdomog vaksne. Dei landsdekkjande tilboda er Vg2 Overflateteknikk

og Vg2 Byggteknikkmed vekt på tradisjonshandverk.

TEKST OG BILDER

OVE KIRKESTUEN

Skulen som er ein del av Hjerleid skole-

og håndverkssenter, har fått mange gra-

tulasjonar i det siste. Sjølve høvdingen

innan tradisjonshandverk, i alle fall når

det gjeld hus og båt, Jon Bojer Godal,

er mildt sagt godt nøgd.

Mannen som er Kommandør av

Den Kongelige Norske St. Olavs Orden

takka vere innsatsen for tradisjonsfaga,

meiner at tradisjonsboren kunnskap i

vidaregåande skule er eit kvantesprang

for ei opplæring ein lyt sjå i samband

med studiet i utøvande bygningshand-

verk ved NTNU.

– Først vidaregåande, deretter

praksis i verksemd og til slutt tre år

ved NTNU er ei utdanning det luktar

fugl av. Gratulerer til alle som er knytt

til Hjerleid. Gratulerer Noreg. Dette er

noko av det beste som har hendt oss på

lenge. Dei som får denne opplæringa,

er svært heldige. Dei blir i alle fall ikkje

arbeidslause, seier Jon Bojer Godal

som meiner det var på høg tid med ei

formell opplæring innan dette feltet. Vi

er nemleg i ei kritisk fase når det gjeld

slik kunnskap.

TRUGA RESSURS

Til dømes er det tru-

leg éin million lafta hus her i landet som

treng vøling.

– Tidsspennet for desse husa er over

1100 år, der det eldste byggverket av

lafta tømmer er gravkammeret i Gok-

stadskipet. Dessutan finst det tallaust

mange variantar, seier Godal som også

har sine tankar om lafting av nye hus.

Ein bransje der industrialisert og stan-

dardisert laft er det mest vanlege og der

nyansane dermed får dårlege kår.

– Kunnskapen som trengst for å kun-

ne analysere dei eldre bygga, blir difor

borte. Kulturarven med lafta byggverk

blir såleis ein viktig dimensjon fattigare,

meiner Godal, som også nemner treet

si evne til å lagre karbondioksid. Noko

som er viktig i høve til klima. Han hev-

dar også at lafta hus er gode å bu i fordi

dei syter for vermde og fukt.

MIDT I BLINKEN

Tradisjonsfag på vi-

daregåande haustar også applaus hjå

den yngre garde. Éin av dei er Håkon

Telnes Fjågesund (26) frå Seljord som

tek det nemnde bachelorstudiet ved

NTNU i Trondheim. Han meiner at

tradisjonstømring og tradisjonsmå-

ling på vidaregåande er både verdi-

fullt og naudsynt for den tradisjonelle

bygningskulturen. Ikkje minst ei viktig

motvekt til forbrukarsamfunnet.

– Det finst relativt enkle vegar til

god og varig kvalitet, men det krev

Tradisjonsfag

på vidaregåande

Restaurering av eldre hus går ljosare tider i møte etter

at Handverksskolen på Dovre har fått godkjend Vg2

Overflateteknikk og Vg2 Byggteknikk. Eit landsdekkjande

tilbod for ungdom og vaksne med vekt på tradisjonshandverk.

26

YRKE

2 • 2017 / 61. årgang

NYHETSREPORTASJE