Table of Contents Table of Contents
Previous Page  27 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 27 / 68 Next Page
Page Background

den rette kunnskapen. Då kan eit hus

stå i hundrevis av år. Sett med sam-

funnsøkonomiske briller bør ein difor

satse på denne utdanninga. Dei som

studerer tradisjonsfag, vil også oppdage

at mykje av kunnskapen kan nyttast i

moderne samanhengar. Hus som står

seg over tid, er like viktige i dag som

dei alltid har vore. Skuletilbodet på

Hjerleid er difor eit steg i riktig retning,

seier Håkon Telnes Fjågesund.

Ein annan ung handverkar er Anton

Rudi (20) frå Ringebu som snart er

ferdig med tida som lærling.

– Skulle eg ha starta utdanninga på

nytt, hadde Vg2 tradisjonstømring vore

midt i blinken. At ein til dømes kan gå

vidare på NTNU, er heilt supert, seier

Anton.

TRADISJONSMÅLING

Erlend Mæhlum

som har halde fleire kurs i tradisjons-

måling ved nettopp Hjerleid, er også

særs nøgd med Utdanningsdirektora-

tet sitt vedtak. Mæhlum som kjem frå

ein familie med rike handverkstradi-

sjonar, dreiv i mange år målarfirma

på Lillehammer før han vart lærar på

vidaregåande. Han har også vore sti-

pendiat ved Norsk Handverksutvikling

på Maihaugen der han arbeidde med

gamle oppskrifter og teknikkar innan

tradisjonsmåling.

– Veldig bra at Hjerleid også har fått

Vg2 Overflateteknikk. Det hjelper lite å

restaurere gamle hus dersom ein ikkje

smør dei inn med dei riktige produkta.

Eg håper difor at bransjen tek dette på

alvor og dreg nytte av tilbodet. Dette er

kunnskap vi må ta vare på før det er for

seint, seier Mæhlum.

STORT BEHOV

Ein annan som også

gler seg, er riksantikvar Jørn Holme.

– Ei særs god nyheit for bygnings-

vernet. Hjerleid som også fekk riksan-

tikvaren sin kulturminnepris i 2014, er

ein flott institusjon innan antikvariske

bygningsfag, seier Holme.

– Skal ein nå Stortinget sitt mål

om å setje alle freda bygningar i god

stand innan 2020, treng vi kompe-

tente handverkarar. Difor er tilbodet

på Dovre viktig, skreiv Eivind Falk ved

Norsk Håndverksinstitutt i si tilråding

då skulen søkte om å få dei nye tilboda.

Andre som stilte seg bak søknaden var

Norsk institutt for kulturminneforsking

og Opplæringskontoret for byggfagene

i Gudbrandsdalen.

GULL VERDT

Rektor Helle Hundevadt

ved Handverksskolen vedgår at ho vart

gledeleg overraska då ho fekk nyheita.

– Dette er gull verdt og ein utruleg

stimulans. Eit prov på at Hjerleid er ein

stad i utvikling, seier Hundevadt, som

meiner at tilboda vil kome kulturmin-

nevernet til gode. Dessutan eit viktig

supplement til den eksisterande utdan-

ninga. Ikkje minst ein god grunnmur

for dei som tek bachelorstudiet «Utø-

vande, tradisjonelt bygghandverk» ved

NTNU i Trondheim.

Mange vil kanskje også hevde at

tradisjonsfag høyrer heime i bygda

nord i Gudbrandsdalen. Hjerleid Hus-

flidsskole som vart grunnlagt i 1896, var

nemleg den fyrste handverksskulen her

til lands. I dag tilbyr dei også opplæring

i treskjering, møbelsnikring og smiing.

– Dei nye tilboda på Hjerleid luktar det fugl av. Noko av det beste som har hendt på lenge, seier

Jon Bojer Godal , her i kjent positur der han auser av sin kunnskap.

– Tradisjonstømring og tradisjonsmåling på vidaregåande er både verdifullt og naudsynt

for den tradisjonelle bygningskulturen, seier Håkon Telnes Fjågesund (25) frå Seljord som tek

bachelorstudiet «Utøvande, tradisjonelt bygghandverk» ved NTNU i Trondheim.

YRKE

2 • 2017 / 61. årgang

27