Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  56 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 56 / 60 Next Page
Page Background

Straumen av flyktningar som no har kurs for

Europa frå Midtausten og Afrika, er den største

sidan andre verdskrigen. Mottakssystema kneler

under børa. Likevel er det grunn til å minne om at

talet på flyktningar i Europa er mykje mindre enn

til dømes i nabolanda til Syria, land som er både

fattigare og har mykje dårlegare infrastruktur enn

i våre land.

Norge har ein lang og stolt tradisjon når det gjeld å

hjelpe flyktningar og folk i naud. Og nordmenn har

i ulike situasjonar opp gjennom historia også nytt

godt av andre land sin innsats og sjenerøsitet når

dei sjølve har vore flyktningar frå krig og naud her

heime. Å hjelpe menneske som er på flukt frå krig

og naud er både eit moralsk ansvar for kvar enkelt

av oss og eit folkerettsleg ansvar for Norge som

nasjon.

Som representantar for lærarprofesjonen er

vi spesielt opptekne av barna og dei unge sin

situasjon som flyktningar. Derfor har Utdannings-

forbundet sendt eit brev til statsministeren der

vi viser til dei plikter styresmaktene har etter

Barnekonvensjonen overfor flyktningebarna. Barn

på flukt har rett til ekstra vern. Dei har eit særskilt

behov for tryggleik og faste rammer i kvardagen

etter at dei har vore utsette for traumatiserande

opplevingar og lange, strabasiøse reiser.

Høgkommisæren for flyktningar understrekar kor

viktig det er at landa i Europa samarbeider om å

løyse utfordringane. Sjølv om Norge ikkje er med

i EU, bør vi stille oss solidarisk og ta vår del av

ansvaret for å ta imot dei flyktningane som alt er

komne til Europa og nye som kjem. Norske styre-

makter bør derfor stø opp om felleseuropeiske

tiltak, mellom anna arbeidet med eit flyktningin-

stitutt som gir mindre risiko for flyktningane og

eit solidarisk system for byrdefordeling mellom

statane.

Politiske vedtak som gjeld korleis vi skal hjelpe

flyktningane, bør i størst mogleg grad byggje på

solid forskingsbasert kunnskap. Vi opplever at

dette kunnskapsgrunnlaget bør bli betre og opp-

modar regjeringa til å auke løyvingane til forsking

på feltet.

Utdanningssystemet bør spele ei viktig rolle i den

nasjonale dugnaden som bør settast i verk for å

hjelpe flyktningbarna. Det må leggast til rette for

at dei raskt får plass i barnehage og skule. Vi kan

love at medlemmene våre vil strekke seg langt for

å gi sitt bidrag til at dette skal bli mogeleg. Men

det er styresmaktene, både sentralt og lokalt,

som bør ta leiarrolla i arbeidet med å koordinere

innsatsen.

Dugnad er eit godt norsk ord. Mykje av verdiane

i samfunnet vårt er bygd opp på dugnad. Då ten-

kjer eg ikkje berre på dei materielle resultata av

dugnadsarbeid. Kanskje enno viktigare er den

fellesskapskjensla og solidariteten som dugnaden

er med på å fremje. Frå gamalt var dugnad òg ein

måte å hjelpe og løfte dei svakaste i samfunnet.

«Å hjelpe menneske som

er på flukt frå krig og naud

er både eit moralsk ansvar

for kvar enkelt av oss og

eit folkerettsleg ansvar

for Norge som nasjon.»

Ekstra innsats

for flyktningar

Fra forbundet

Utdanningsforbundet

Ragnhild Lied

|

leiar

FOTO

TOM-EGILJENSEN

56 |

UTDANNING

nr. 16/2. oktober 2015

Ein dugnad for flyktningar er difor ei vidareføring

av dei beste tradisjonar i det norske samfunnet.

For framande som kjem til landet vårt utanfrå,

skal vi vise fram noko av det beste i vår tradisjon

og kultur. Det skal vi gjere ved å løfte saman,

gjennom dugnaden.

Rundt omkring i landet står det står det ubrukte

skulehus, og mange skular blir berre brukte ein

liten del av døgnet. Eg er sikker på at den nødven-

dige kapasiteten finst for å gjere ein ekstra inn-

sats, både den reint fysiske, og den menneskelige.

Eg oppmodar lærarar og leiarar i utdannings-

samfunnet og å ta ei leiarrolle i denne nødvendige

dugnaden. Ta initiativ. Press på overfor styres-

maktene. Vis kreativitet i å finne løysingar og

ekstra kapasitet.