Table of Contents Table of Contents
Previous Page  44 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 44 / 68 Next Page
Page Background

Dei stille

barna blir

ikkje sett

Stille, sjenerte og introverte barn får

ikkje like mykje merksemd som barn

med utagerande åtferd, viser undersøking.

Får det stille barnet hjelp allereie i

barnehagen, vil ikkje vanskane følgje

barnet i skulealder.

V

aksne forventar og aksepterer

meir høglydt og krevjande

oppførsel frå barn no enn

tidlegare, og det er blitt

«umoderne» å være stille

(Nilsen, 2007). Ein var ikkje

like oppmerksam på dei stille barna før. I denne

artikkelen presenterast resultat etter ei kartleg-

ging av personalet i barnehagen si oppfatning av

kva stille og tilbakehaldne barn treng i kvardagen.

Eg sit her heilt for meg sjølv. Ser ned. Det er

ingen som ser på meg, ingen som spør om eg vil

leike. Eg tør ikkje gå bort til dei andre barna,

er redd for at dei skal sei eg ikkje får være med

i leiken. Eg seier til ein vaksen at eg har vondt i

magen, har lyst til mamma. «Uff då», seier den

vaksne, «det var ikkje bra, kanskje du vil ……

STIAN, GÅ NED FRÅ STOLEN! Du kan ramle

ned og slå deg». Den vaksne er vekk, må redde

Stian så han ikkje skal ramle ned frå tripp-

trapp-stolen, igjen. Eg sit her heilt for meg

sjølv. Ser ned. Det er ingen som ser meg, ingen

som spør om eg vil leike.

SJENERTE OG INTROVERTE

Dei stille barna i barnehagen er dei barna som

ikkje gjer så mykje ut av seg, dei held seg i

bakgrunnen og lagar ikkje uro. Det er dei som

TEKST:

Sigrid Hamre

Student, Høgskulen

på Vestlandet

sigrid.hamre@hotmail.com

TEKST:

Kirsten Flaten

Dosent, Høgskulen

på Vestlandet

kirsten.flaten@hvl.no

FAG OG FORSKNING

44