Table of Contents Table of Contents
Previous Page  45 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 45 / 68 Next Page
Page Background

ein ikkje merkar om er borte ein dag, eller som

ein kanskje lurer på om faktisk var i barnehagen

etter endt arbeidsdag, dei barna som forsvinn

litt i mengda. Vi høyrer ulike omgrep om desse

barna. Barn med innagerande åtferd, introverte

barn, sjenerte barn, sensitive barn og tause

barn. Gutar med innagerande åtferd har større

vanskar enn jenter. Det har med forventningane

vaksne har til dei ulike kjønna å gjere (Torvik,

2009). Det er lite forsking på innagerande åtferd

i barnehagen, men forsking gjort i skulen viser at

det er om lag like stor førekomst av innagerande

som utagerande åtferd (Barsøe, 2012). Ved

stigande alder ser det ut som talet utagerande

barn minkar, medan talet barn med innagerande

åtferd er aukande (Lund, 2004). Årsaka til det

kan være at barn som viser innagerande åtferd

ikkje får like mykje merksemd som barn som

viser utagerande åtferd (Barsøe, 2012).

IKKJE TIL PLAGE FOR NOKON

Det er liksom greitt for barn å være stille, fordi

alle barn er forskjellige, og dei stille barna er

ikkje til plage for nokon. Dersom den innag-

erande åtferda til eit stille barn blir til hinder for

utviklinga og den sosiale relasjonen til andre,

er det barnehagen si plikt å bryte inn til trass

for at det stille barnet er tilfreds med situas-

jonen (Barsøe, 2012). Det viktigaste for barnet

er at det får anerkjenning frå dei vaksne, og

at barnet lærer seg å tilpasse omgjevnadane

rundt det (Bergwitz-Larsen, 2015). Resultata i

undersøkinga viser at dei som jobbar i barne-

hagen ikkje er i tvil om at dei stille barna treng

merksemd. Den viser òg at størsteparten av

barnehagepersonalet gir mest merksemd til dei

utagerande barna. Dette er ein tankevekkjar.

ANERKJENNANDE HALDNING

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til

barnehagen legg vekt på at barna skal takast på

alvor når dei uttrykker kjensler, og at dei skal

oppmuntrast til å gi uttrykk for eigne tankar og

meiningar. Alle har rett på å møte anerkjenning

for uttrykka sine (KD, 2011: 18). Barnehagen skal

ta utgangspunkt i måten barn uttrykker seg på.

Berit Bae (1997) seier at anerkjenning ikkje er

ein kommunikasjonsmåte, men ei haldning eller

ein veremåte. Lund (2004) seier at når dei stille

barna føler at dei ikkje blir tatt på alvor, blir dei

meir stille. Om barnehagelæraren har trua på at

barnet har sin eigen opplevingsverd, og har evna

til å sette seg inn i dette, vil barnet føle seg verd-

sett og få styrka sjølvfølelsen. Anerkjenning av

det stille barnet krev at ein lyttar, har forståing,

aksept og toleranse, og målet med anerkjenning

er å gi det stille barnet ei oppleving av å bli sett

(Lund, 2004). Utan å forstå grunnen til eit barns

oppførsel, kan ikkje barnehagelæraren støtte

barnet på ein relevant måte (Hansen & Scheele,

2000).

RESULTAT

Undersøkinga vart lagt ut på facebook-sida

«Idèbroen for barnehagen». Dette er eit aktivt

forum, og nær 700 svarte på spørjeskjema.

Berre 1.8 % av respondentane seier at dei ikkje

har stille barn i sin barnehage. I løpet av ein

barnehagedag gir 54 % av respondentane mest

merksemd til dei utagerande og urolege barna.

4 % av personalet gir dei stille barna mest

merksemd, og 43 % svarar at dei gir like mykje

merksemd til alle. Ved å skilje ut kva pedagogen

svarar i forhold til kva fagarbeidaren og assis-

tenten svarar, viser resultatet at tala er om lag

like mellom desse gruppene.

Denne figuren viser i kva grad fordeling av

merksemd dei ulike arbeidsgruppene gir til

barna i løpet av ein barnehagekvardag. Ein kan

sjå at 49 % av assistentane svarer at dei gir like

mykje merksemd til alle, medan størstedelen av

fagarbeidarane og pedagogane gir mest merk-

semd til dei utagerande barna. Det er få av dei

tilsette i barnehagen som gir mest merksemd til

dei stille barna. 98,82 % svarar at dei stille barna

treng merksemd.

I løpet av ein barnehagedag gir 54 %

av barnehagetilsette mest merksemd til

dei utagerande og urolege barna, mens

4 % av personalet gir dei stille barna

mest merksemd, viser ny undersøking.

Foto: Thinkstock

ASSISTENT

FAGARBEIDAR

PEDAGOG

Utagerande barn

Like mykje merksemd

Stille barn

45