Table of Contents Table of Contents
Previous Page  8 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 8 / 60 Next Page
Page Background

8 |

UTDANNING

nr. 4/24. februar 2017

Aktuelt

namn

Kva er det beste med å vere på landsmøte?

Det beste med landsmøta er å treffe hundrevis av

glade og entusiastiske partivener frå heile landet.

Me har gode ordskifte, og me har det sosialt i lag

frå tidleg til seint, fire dagar til ende. Dette blir det

17. landsmøtet mitt.

Kva oppgåver har du i forkant av og under

landsmøtet?

Det er mitt ansvar å sjå til at alt blir planlagt og gjen-

nomført, og det er eg som skal ta kjeften dersom

noko sviktar. Eg vert sitjande ved ordstyrarbordet

gjennom heile møtet. Det betyr at eg får med meg så

å seie kvart einaste innlegg og røysting, fire dagar til

ende. Og som ein del av vertskapet prøver eg å prate

med så mange folk sommogleg i løpet av helga.

I utkastet til Høgres stortingsvalprogram står

det at Høgre vil arbeide for strengare opptaks-

krav til lærarstudia. I haust kom det krav om

karakteren 4 i matematikk. Kan me vente noko

liknande i andre fag?

I Høgre skal generalsekretæren halde seg litt til-

bake i dei interne politiske ordskifta. Difor vrir eg

meg unna å svare konkret på spørsmålet. Men det

som er heilt sikkert, er at Høgre framleis vil vere

opptekne av å løfte statusen til læraren, fordi me

veit at læraren er den viktigaste ressursen i skulen.

Kva kjend person ville du hatt som lærar?

Eg ville ikkje hatt nokon kjend person. Eg har nokre

favorittar blant dei lærarane eg hadde da eg gjekk

på skulen heime i Hallingdal, og det er nettopp dei

eg ville valt meg dersom eg hadde fått sjansen.

Du får halde ein undervisningstime for det

norske folket. Kva handlar timen om?

Overskrifta måtte vere «Moglegheiter for alle», og

timen måtte handle om det konservative verdi-

grunnlaget. Eg trur i det heile tatt at alle me som er

politisk aktive, skulle ønske oss at folk flest gjorde

seg meir kjent med ideologien og verdigrunnlaget

til dei ulike partia. Kjenner ein ideologien, er det

lettare å forstå partipolitikk og å velje rett parti.

Kva liker du best med deg sjølv?

Å vurdere seg sjølv er ein uting. Men eg trur at eg

stort sett er i godt humør og ser positivt på livet.

Kva lag og foreiningar er du medlem av?

Eg er medlem i Noregs Mållag, Skiforeningen og

Hallinglaget i Oslo.

Har du ei favorittbok?

Eg las nyleg «Sannheten omHarry Quebert-saken»

av Joël Dicker. Den var fantastisk god! Og så har vi

bøkenes bok, da: Bibelen.

Kva bok har du ikkje fått tid til å lese?

Den neste som ligg for tur, er boka «Augustus», ein

historisk roman om den store romerske keisaren,

skriven av John Williams.

Kva gjer du for å få ut frustrasjon?

Då legg eg i veg til fjells eller til skogs på ein skitur

eller joggetur.

Kven er din favorittpolitikar?

Det er vanskeleg å kome utanom Nelson Mandela.

Eg såg nyleg ein større dokumentar om han, kor eg

vart minna på kva slags ufatteleg menneske han

var. Evnene han hadde til å skape fred og forsoning,

til å tilgi og vere raus, men samstundes vere realist.

Kva er ditt bidrag i kampen for å redde verda?

Å vere aktiv i eit parti som har som ambisjon å bidra

til moglegheiter for alle menneske både ute i verda

og her heime, og for ei berekraftig utvikling, er eit

ørlite bidrag.

John-Ragnar

Aarset (43)

Kven

Generalsekretær

i Høgre

Aktuell

Høgres landsmøte

går av stabelen 9.–12.

mars. Der skal partiet

blant anna vedta val-

programmet for neste

stortingsperiode.

Tek kjeften dersom

noko sviktar

«Læraren er den

viktigaste ressursen

i skulen.»

John-Ragnar Aarset tek ansvar, men på konkrete politiske spørsmål

nøyer Høgre sin generalsekretær seg med generelle svar.

TEKST

StåleJohnsen |

sj@utdanningsnytt.no

FOTO

HansKristianThorbjørnsen