Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  54 / 60 Next Page
Basic version Information
Show Menu
Previous Page 54 / 60 Next Page
Page Background

54 |

UTDANNING

nr. 19/14. november 2014

Minneord

Christian Grønborg Christensen

Odd Asbjørn Mediås

Den triste meldinga

nådde oss om at vår kjære venn og kollega Christian

hadde gått ut av tida. Tilfellet var at meldinga kom under den årlege samlinga

av tillitsvalde i tidlegare Gudbrandsdal Lærarlag, noko som kom til å prege

dette samværet sterkt. Christian var ein naturleg deltakar i desse samlingane

inntil sjukdommen hans gjorde det umogleg.

Christian var opphavleg dansk, men slo seg ned i Øyer, der han var lærar på

1970- og 1980-talet. Han var ein godt likt lærar, sporty, humørfylt og fagleg

flink. Han var ein god kollega, lett å samarbeide med og bidrog aktivt til eit

godt læringsmiljø.

I fylkeslaget var Christian mangeårig styremedlem og kursleiar. Mange vil

hugse hans blide åsyn og godmodige innfall med eit smil. For oss fagforei-

ningskollegaer var han ein inspirator som ofte kommed gode korrektiv eller

ein utløysande, frigjerande replikk. Men framfor alt var han ein god og kjær

venn som vi nå saknar sårt.

«Årsmøtet» vårt vart denne gongen annleis. Vondt, men også godt, fordi tids-

punktet gjorde at det i det vesentlege vart eit minnesamvær for Christian.

Mange bilete og gode historier, som da Christian i ein sein kveldstime under

strevsam utarbeiding av eit komplekst spørjeskjema løyste det heile slik:

– Vi må ikkje stille så mange spørsmål, for da får vi så mange svar!

Rundt bordet i hytta føler vi at Christian formanar oss gjennom Benny Ander-

sens vakre dikt:

Venner

lad oss drikke

og se på hinanden

Spar ikke på venlighed

vi ved ikke hvem af os

der først vil blive til ingen

eller noget ufatteligt andet

men i dag kan vi nå hinanden

og høre hinandens latter

Det må vi benytte os af

Drik ud

men langsomt

opmærksomt

Spar ikke på angst og venlighed.

Ærbødige takkar vi for alt Christian var for oss og lyser fred over hans vakre

minne.

Venner frå Gudbrandsdal Lærarlag

Odd Asbjørn Mediås,

fødd i 1930, døydde 28. oktober 2014. Han var skole-

direktør i Nord-Trøndelag frå 1985 til 1992. Med hans utdanningsbakgrunn

med lærarprøve, mellomfag i norsk og pedagogikk hovedfag, saman med

allsidig praksis frå lærargjerning, 28 år som kommunal skolesjef og erfaring

frå ulike verv i lærarorganisasjonsarbeid, hadde han ein rik erfaringsbak-

grunn for skoledirektørembetet. Han hadde også erfaring frå frivillig kultur-

og idrettsarbeid, og med leiar- og utgreiingsarbeid innan sektoren.

Vi skoledirektørane sette stor pris på å ha Odd Asbjørn Mediås som interes-

sert og kreativ kollega. Samarbeid på tvers av fylka, og særleg i Midt-Noreg,

var naturleg for han. Med hans bakgrunn var det naturleg at Kyrkje-, utdan-

nings- og forskingsdepartementet i 1992 gav han i oppdrag å skrive skole-

direktørembetet si historie. Med tenestestad på Høgskolen i Nord-Trøndelag

gjennomførde han denne oppgåva med glans, og i 1996 kom boka «Skole-

direktørembetet i Norge 1860-1992». Dette utgreiingsarbeidet på nær 700

sider gav han doktorgrad. Denne boka handlar ikkje berre om skoledirektør-

embetet, men gir eit breidt og spanande oversyn over norsk skoleutvikling,

samstundes som ho gir perspektiv på samfunnsutviklinga i perioden. Seinare

heldt Mediås fram med ulike skoleforskingsprosjekt av lokalt og nasjonalt

tilsnitt. I 1998 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for sin innsats.

Vi som var kollegaer i andre fylke, er takksame for det gode samarbeidet vi

hadde med han, og for det verdfulle forskingsarbeidet han gjorde til nytte

for norsk skole. Kona Aud var til god støtte for han i arbeidet, og vi har med-

kjensle med henne i tapet av Odd Asbjørn.

Vi lyser fred over minnet til Odd Asbjørn.

Skoledirektørvener v/ Elen Lein