Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  56 / 60 Next Page
Basic version Information
Show Menu
Previous Page 56 / 60 Next Page
Page Background

I haust

la Torbjørn Røe Isaksen og Erna Solberg

fram «Lærarløftet», ein strategi for regjeringa

sitt arbeid med å styrke skulen. Det vart ikkje

stor jubel for satsinga, sjølv om det i strategien

ligg mange tiltak som lærarar flest vil ha. Grunn-

utdanning for lærarar på masternivå og gode vilkår

for vidareutdanning er tiltak som Utdanningsfor-

bundet har arbeidd for lenge. Kvifor er det likevel

skepsis til lærarløftet?

Kanskje er denne strategien

for einsidig retta mot

den formelle lærarkompetansen. Lærarar opplever

at mange elevar i dag slit med å finne meining i

skulen – og dei ser at å hjelpe elevane til større

kunnskap er ei kompleks oppgåve. Den formelle

kompetansen som læraren har, er svært viktig,

men ikkje nok. Læraren må rå over fleire ressur-

sar i samspelet med elevane. Lærarar treng tid,

armslag og tilgang til eit variert spekter av lære-

middel og støttetiltak.

Kompetansen til lærarar

er ein god miks av for-

mell utdanning og praktisk erfaring. Men det må

vere ein rimeleg balanse mellom tid for handling,

tid for refleksjon og fagleg samhandling i lærar-

kollegiet. Den profesjonelle kunnskapen er frukt

av god utdanning og godt lærararbeid, og ligg til

grunn når læraren bruker sitt skjønn.

Det ligg ansatsar

i Lærarløftet som kan knyte

formell kompetanse til praktisk erfaring. Karri-

erevegar for lærarar er eit tema som har fått eit

eige kapittel i strategien. Omfattande pilotprosjekt

skal settast i gang i ulike skoleslag. Nokre er skep-

tiske og trur at nye karrierevegar vil dyrke fram

ekspertstillingar for nokre få – og gi mindre tid

til utvikling for resten av kollegiet. Det er ikkje

det skulen treng. Det ser nok også regjeringa – for

«lagbygging» og «kollegabasert vidareutdanning»

er omgrep som vert nytta hyppig. Så her gjeld det

å overtyde lærarane om at faglege karrierevegar

først og fremst skal virke til utvikling av heile

organisasjonen sin kompetanse.

Så attende

til der eg starta – kvifor er det ikkje

meir begeistring over ein strategi som har som

mål å løfte vår eigen profesjon? Eg trur at lærarar

i kvardagen merkar at skoen trykker på fleire ulike

stader. Lærarane har tapt i dei siste tariffoppgjera,

kommunane knip på skulebudsjetta og vi har

kjempa ein hard forsvarskamp for ei arbeidstids-

ordning som gjer det mogeleg å drive ein profe-

sjonell praksis. God formell kompetanse er utan

tvil viktig for lærarprofesjonen – men kompe-

tansen kjem til sin rett berre innanfor rimelege

rammevilkår. Medlemmene er ikkje overtydd om

at denne forståinga ligg til grunn for styringa av

skulen, korkje lokalt eller nasjonalt.

Regjeringa vil det beste

for elevar og for skulen.

Det har dei til felles med norske lærarar. Det ligg

både vilje og økonomi i Lærarløftet. Skal dette bli

ei vellukka satsing, må regjeringa tenke breitt om

kompetanse – og om vilkåra for å bruke kunn-

skapen.

«Regjeringa

må tenke

breitt om

kompetanse.»

Lærarløftet treng

ei breiare plattform

Fra forbundet

Utdanningsforbundet

Ragnhild Lied

|

leiar

FOTO

TOM-EGILJENSEN

56 |

UTDANNING

nr. 19/14. november 2014