Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  19 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 19 / 60 Next Page
Page Background

19 |

UTDANNING

nr. 16/2. oktober 2015

Ut i verda

Vaktene ved russiske skular får utvida oppgåver. Dei skal mel-

lom anna kontrollere bilar for å hindre at dei fraktar inn farlege

gjenstandar eller tek med seg noko som høyrer til skulen, går

det fram i framlegget til ny stillingsinstruks, ifølgje den rus-

siske nettavisa M24. Vaktene skal dessutan sjekke om elevane

har med seg narkotika og hindre skulking og røyking. I dag har

dei som hovudoppgåver å passe på skulen sin eigedom og hin-

dre at uvedkommande kjem inn.

222.000 born i Skottland vert kategorisert som fattige, og no

har lærarane fått informasjon om korleis dei kan oppdage om

elevar er underernærte, ifølgje avisa The Independent. I skrivet

frå lærarorganisasjonen Educational Institute of Scotland står

det at medan svolt hjå elevar før var sjeldan, er det nå blitt meir

vanleg, ettersom stadig fleire familiar slit økonomisk. EIS har

nyleg gjennomført ei undersøking som viser at lærarar stadig

oftare må hjelpe elevar som får for lite mat, mellom anna ved å

melde dei på ei skulefrokostordning eller fortelje foreldra kor-

leis dei kan få støtte. Ein talsperson for den skotske regjeringa

støttar råda frå lærarorganisasjonen og legg skylda på den bri-

tiske regjeringa for at fleire skotske barn vert fattige.

Skulane må auke

kapasiteten for

flyktningborn

Russland

Skottland

Tyskland

Skulane i München har auka kapasiteten i mottaksklassar med

20 prosent samanlikna i fjor. Men styresmaktene vedgår det er heilt

uvisst om dette vil vere nok.

München er delstatshovudstaden

i Bayern, inngangsporten til Tyskland for

dei mange hundre tusen flyktningane frå borgarkrigen i Syria. I Bayern har

born av asylsøkjarar rett og plikt til å gå på skule, og no vurderer styresmak-

tene å tilsette endå fleire lærarar i mottaksklassane for nyleg komne inn-

vandrarborn. Ifølgje den amerikanske avisa Los Angeles Times har dei ikkje

oversikt over kor mange born i skulealder som har kome dei siste vekene.

Desse innføringskursa varer frå eit par månader til to år. Her skal borna

både få ei grunnleggjande innføring i tysk språk, men òg lære sosiale kodar

som kan skilje seg frå det dei er vande med i heimlandet, som at gutar og

jenter ser kvarandre i auga når dei snakkar saman, ifølgje avisa.

Monika Steinhauser, leiar for lokalavdelinga til Flyktningrådet, kritiserer

styresmaktene for ikkje å ha budd seg på situasjonen som no er oppstått.

– Følgjer dei ikkje med på nyhendene? seier ho til avisa.

Ifølgje Michael Stenger, som leiar ei gruppe lærarar som underviser inn-

vandrarar, er det først heilt nyleg at lærarutdanninga omfattar korleis ein

skal handtere born med krigstraume.

– Difor kan det vere vanskeleg for ein lærar å forstå kvifor ein elev som

tidlegare har gjort det godt på skulen, brått byrjar å slite, seier han til Los

Angeles Times.

CLUB ENGLAND www.clubengland.net info@clubengland.net Scarborough med York Spennende badeby, flotte strender og fornøyelsespark. Språkkurs, evt. ligakamp. York med Viking Centre. Kombinér med London eller Skottland. Brighton med London E nglands mest berømte ferieby, nær London, som vi besøker på dagstur. Fantastisk reisemål hvor dere treffer ungdommer fra hele verden. 900 22 310 22 11 13 33 Perfekt som start eller slutt på 10. klasse. Gratis lederplasser. Vær raskt ute hvis klassen vil reise i juni eller om høsten! RABATT 650,- PR. ELEV AKTIVE OG LÆRERIKE KLASSETURER The leading class tour to England for almost 50 years

Vakter skal sjekke bilane til lærarane

Stadig fleire elevar er underernærte

To syriske flyktningborn

på jernbanestasjonen i München. No arbeider styresmaktene på høggir

for å sikre skulegang til alle.

FOTO

SIPAUSA/NTBSCANPIX