Utdanning nr 20-2013 - page 9

9 |
UTDANNING
nr. 20/29. november 2013
TEKST
KirstenRopeid |
Fylkesråd for utdanning
i Nord-
Trøndelag fylkeskommune, May
Britt Lagesen (Ap), presenterte 19.
november fylkesrådet si tilråding
om skolestruktur. Fylkesrådet gjekk
mot tilrådinga frå konsulentselskapet
Norconsult, som etter å ha laga ein
rapport tilrådde å leggje ned Leksvik
videregående skole, slik Utdanning
skreiv om i nr. 18.
Lagesen vedgjekk at denne skolen
hadde eit elevtal som var på grensa
til å vere kritisk lågt. Men ho viste til
ideane om å samarbeide med Sør-
Trøndelag fylkeskommune om ein
ny, større skole i Vanvikan, som kan
ta imot elevar frå begge fylka. Ho gav
inntrykk av at for Nord-Trøndelag sin
del vil denne skolen kunne ta over
mye av funksjonen Leksvik har i dag.
Forsvarte musikk, dans og
drama
Lagesen leverte også ein sterk for-
svarstale for Inderøy videregående
skole, ein skole mange har oppfatta
som nedleggingstruga. Trass i å vere
ein relativt liten skole tilbyr skolen
både musikk, dans og drama. May
Britt Lagesen slo fast at det skal vere
tilbod om musikk, dans og drama i
alle tre regionane i fylket. Dessutan
viste ho til arbeidet med opprettinga
av Inderøy kultur- og oppvekstsen-
ter. Her skal grunnskole, kulturskole
og vidaregåande skole samarbeide,
ikkje berre om å dele lokale, men om
pedagogikk og innhald.
– Dette arbeidet blir unikt, ingen
andre i landet vårt er kome så langt
i å planleggje slikt samarbeid, sa May
Britt Lagesen.
Lite vinst i skolekutt
Lagesen vedgjekk at fylkeskom-
munen med å følgje dette vedtaket
framleis hadde økonomiske pro-
blem. Ho understreka at den økono-
miske vinsten med å leggje ned ein
skole er svært liten, og at dei øko-
nomiske problema må handsamast
saman med dei overordna måla for
skolane i Nord-Trøndelag, sommel-
lom anna er lågare fråfall.
I skildringa av korleis økonomien
skal handterast, trekte ho fram fleire
meir eller mindre konkrete omgrep og
tiltak, som å ta i bruk ein «ressurs-
fordelingsmodell», og å «effektivisere
tilbodsmodell». Fylkestinget gjer ved-
tak i saka 5. desember.
Vidaregåande opplæring
Inga nedlegging i Nord-Trøndelag
11 prosent færre lærere i Danmark på fire år
Mens elevtallet har falt med 3 prosent, har antall fulltidsansatte lærere i
den danske grunnskolen gått ned med 11 prosent på fire år. Tallene gjelder
fulltidsansatte lærere inklusive lærere i spesialundervisning, i kommunal regi,
ifølge folkeskolen.dk.
Én av ti jenter har blitt presset til sex
Én av ti jenter har blitt presset til oralsex eller samleie, viser en undersøkelse
om seksuell trakassering blant elever ved videregående skoler i Sør-Trøndelag,
skriver forskningsmagasinet Gemini.
Fylkesrådet i Nord-
Trøndelag tilrår ikkje
å leggje ned vidare-
gåande skolar i dei
midtre delane av
fylket.
Fylkesrådet i Nord-
Trøndelag
følgjer ikkje
tilrådinga frå konsulentane
om å kutte i dei vidaregå-
ande skolane. Ane Vangen
(til venstre), Tiril Aasenhus,
Kamilla Brønstad, Eva
Skåra og Kristin Simila er
elevar ved Inderøy videre-
gående skole.
FOTO
LEIFARNEHOLME
Flere nyheter: utdanningsnytt.no
Ut_08-09.indd 9
22.11.13 14.19
1,2,3,4,5,6,7,8 10,11,12,13,14,15,16,17,18,19,...60
Powered by FlippingBook