Table of Contents Table of Contents
Previous Page  19 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 19 / 60 Next Page
Page Background

19 |

UTDANNING

nr. 7/15. april 2016

Ut i verda

Barn av nenets-folket

nordvest i Russland får

no tilbod om ein ambu-

lerande barnehage.

Siktemålet er mellom

anna å gje kontinuitet i

læringstilbodet til barn,

utan at dei må vere

borte frå familien, skriv

den regionale avisa

Pravda Severa.

Reindrift har vore den

tradisjonelle leveve-

gen til nenetsarane,

og tilbodet er særleg

med tanke på barna til

familiar som følgjer

reinflokken.

Barnehagen på tun-

draen skal drivast av

ein pedagog frå ein av

landsbyane i området.

Irske lærarar og rektorar merkar føl-

gjene av offentlege nedskjeringar.

Rundt halvparten av rektorane meiner

dei ikkje klarer å oppfylle styresmak-

tene sine retningsliner for tiltak for

elevane si mentale helse, skriv den irske

avisa The Irish Times. Det går fram av

ei spørjeundersøking som er gjort av

selskapet Millward Brown på oppdrag

av lærarorganisasjonen Association of

Secondary Teachers in Ireland (ASTI).

Desse tiltaka dreier seg mellom anna om

oppfølging av elevar med høgt fravær.

Samstundes seier 78 prosent av lær-

arane at dei har fått meir administrativt

arbeid det siste året. Delen som svarte

at dei er svært eller ganske nøgde med

jobben, har dessutan falle frå 77 pro-

sent i 2009 til 55 prosent no.

Som ein del av innsparingane nektar

styresmaktene skulane å tilsette nye

mellomleiarar, og leiaren i ASTI, Máire

G Ní Chiarba, meiner dette særleg råkar

tiltak for utsette elevar.

– Korleis ungdom har det, er eit sen-

tralt helsespørsmål som vert mykje

omtala i media. Men det er ikkje eit

prioritert område i utdanningspolitik-

ken, seier ho til avisa.

Lærarar må gje

foreldre karakterar

Russland

Irland

USA

Lærarar i Mississippi skal gje foreldre karakter etter kor involverte

dei er i barna sin skulegang.

Representanthuset i delstaten

vedtok dette lovframlegget i midten

av mars. Ifølgje framlegget, som vart fremja av demokraten Gregory

Holloway, skal det verte eit nytt felt i karakterkortet til kvar elev, der

foreldra får karakter for deira vilje til å kommunisere med skulen, mel-

der kringkastingsselskapet Fox News.

Forskar Clare Reim ved den konservative tankesmia Heritage Foun-

dation meiner framlegget er absurd.

– Dette er omvendt av korleis utdanningssystemet skal fungere. Det

er foreldra som skulle setje karakter på korleis lærarane presterer, seier

ho til Fox News.

Framlegget må òg handsamast i senatet i delstaten og av guvernøren

før det vert gjeldande lov.

Urfolk får omreisande barnehage

Skulekutt råkar sårbare elevar

Karakterar på foreldre

si samarbeidsevne er på veg til å verte lovfesta i delstaten Mississippi

i USA.

FOTO

WIKIMEDIACOMMONS

Barn av nenets-folket

i Russland skal få barneha-

getilbod samstundes som dei følgjer reinflokken

saman med familiane sine.

FOTO

ØYVINDRAVNA/WIKIMEDIACOMMONS

Offentlege nedskjeringar

i

Irland går ut over

tiltak for utsette elevar.

ILL.FOTO

MARTINWIMMER/ISTOCKPHOTO