Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  19 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 19 / 68 Next Page
Page Background

19 |

UTDANNING

nr. 21/12. desember 2014

Ut i verden

Foreldrebetalinga i barnehage og andre former

for småbarnsomsorg er dobla på 25 år. Prisen er

nå svært høg, til dømes samanlikna med vidaregå-

ande utdanning. Men løna til pedagogar og andre

tilsette i småbarnomsorgen har ikkje auka. Det

er TheWashington Post sommelder dette frå ein

rapport frå Senter for studiar av arbeid i barneom-

sorgen ved Berkeley-universitetet i California.

– Vi betalar dei tilsette i småbarnsomsorgen like

mye som vi betalar dei som vender hamburgarane

våre eller luftar bikkjene våre. Sjølv om eg har

studert dette i 25 år, er eg sjokkert, seier psyko-

logiprofessor Deborah Philips til avisa.

I dag er ein fjerdedel av alle i heile verda mellom 10 og 24 år. Aldri før har ungdom vore ein så stor del av

verdsbefolkninga. I alt er 1,8 milliardar menneske mellom 10 og 24 år, og veksten i denne gruppa vil halde

fram i åra som kjem.

Det er den årlege rapporten frå befolkningsfondet i FN, som i år har fått tittelen «Makta til 1,8 milli-

ardar», som slår dette fast. Men 60 prosent av dei unge i utviklingsland har ikkje jobb og går heller ikkje på

skole. Kvar dag blir 39.000 jenter under 18 år gifta bort. Kvar dag føder 20.000 jenter under 18 år, og kvart

år dør 70.000 jenter av komplikasjonar frå svangerskap og fødsel, ifølgje FN-sambandet.

– Det må vere semje om utdanningsspørsmåla, vi kan

ikkje halde frammed dei harde stridene, sa Britta

Ernst, ny utdanningsminister i delstaten Schleswig

Holstein i Tyskland.

19. november var den sosialdemokratiske utdan-

ningsministeren på eit såkalla «skolefredsmøte»

i filologforeininga i Hamburg. Representanten for

gymnaslærarane i foreininga meinte at delstats-

regjeringa nå ville avskaffe det tradisjonelle gymna-

set og erstatte det med ein felles skole. I Tyskland

blir dei dyktigaste elevane plukka ut ti år gamle til å

gå i gymnaset i åtte år. Men Britta Ernst understreka

at ho var for eit skolesystemmed to søyler: gymnas

og fellesskole.

Flinke jenter

USA

Verda

Tyskland

Jemen

Desse jentene

er to

av dei 47 dyktigaste

elevane frå vidare-

gåande skole i Jemen.

Difor var dei 24.

november med i den

årlege seremonien der

Utdannings-

departementet i

landet heidrar dei

dyktigaste elevane for

innsatsen med med-

alje og pengepris.

EN SUPERLÆRERS

OPPMUNTRINGER

til lærere, foreldre og tenåringer

McCullough bruker sin erfaring som

lærer til å male et innsiktsfullt og

humoristisk bilde av problematiske

sider ved vår tids oppdragelses-

teknikker.

«McCullough slår et slag for det

menneskelige, som innebærer

både prestasjon, mestring,

ikke-mestring, feilsteg og

middelmådighet.»

«Han er opptatt av å ha nys-

gjerrige elever som tenker selv.

Elever som bestiger fjell for å se

verden, ikke for at verden skal

se dem. Elever som innser at de

ikke er unike – for det er vi alle

sammen.»

- A

FTENPOSTEN

, K

RISTIN

G

RUE

L

ANGSET

ISBN 978-82-92773-64-2

Kroner 279,-

www.flux.no

BOKNYHET

Låge løner i barnehagen

Fleire unge enn nokon gong før

Vil ikkje avskaffe gymnaset

FOTO

KHALEDABDULLAHREUTERS/SCANPIX