8 |
UTDANNING
nr. 11/6. juni 2017
I vidaregåande skole i Troms
blir det frå i haust ikkje tatt
opp elevar til tolv skoleklassar
som har vore i drift i år. Det gjer
lærarar overtalige.
TEKST
KirstenRopeid
|kr@utdanningsnytt.noLeiar i Utdanningsforbundet Troms, Thomas Nord-
gård, stadfestar at det er fleire saker på gong om
overtalige lærarar. Det er for tidleg å seie noko om
utfallet.
– Men vi risikerer at lærarar går inn i ferien utan
å vite om dei har jobb til hausten, seier han.
Grunnen er færre søkjarar til vidaregåande skole.
To av klassane som ikkje blir sette i gong, er
ved Ishavsbyen vidaregåande skole i Tromsø. Ein
annan er ved Stangnes vidaregåande skole i Har-
stad. Men dei fleste er ved skolar i distrikta. Til
dømes blir klassen for køyretøy ved Nord-Troms
vidaregåande skole ikkje starta opp i haust.
– At dette i så stor grad rammar skolane i små
samfunn, gjer at desse stadene mister arbeids-
plassar som krev høg kompetanse. Det gjer også
at fylkeskommunen blir sett på som ein lite attrak-
tiv arbeidsgivar på slike stader. Folk har ikkje
tiltru til at dei tilbyr trygge arbeidsplassar. Båe
delane er svært uheldig, seier Thomas Nordgård.
– Kan ikkje dei overtalige overførast til arbeid
ved ein annan skole?
– For svært mange er ikkje det noko reelt alter-
nativ. Avstandane er for store.
Nordgård ventar meir bråk neste år. Da skal
fylkeskommunen spare fleire titals millionar på
skoledrift.
– Vi bør starte arbeidet mot konsekvensane av
dette alt nå, seier Nordgård.
– Vil ein sterkare arbeidsgivar, altså ei
samanslåing av fylke, sikre ein meir stabil
skolestruktur?
– Det er inga utsegn eller planer som gir von om
at færre og større fylke vil gi meir omsyn til små
skolestader, seier Thomas Nordgård.
Lovar ikkje jobb til alle
– Skulle vi tatt vare på alle lærarar frå alle nedlagde
kurs, hadde det blitt ei dyr drift, seier fylkesråd for
utdanning i Troms, Roar Sollied frå Venstre.
– Er det greitt at lærarar startar ferien utan å
vite om dei har jobb til hausten?
– I ein desentralisert skolestruktur er det van-
skeleg å unngå. Men vi prøver å gi dei det gjeld
andre oppgåver ved skolane, seier Sollied.
Han opplyser at søkarsvikta gjeld særleg
yrkesfaga.
– For dei 12 klassane vi har lagt ned, hadde vi til
saman 28 primærsøkjarar, seier han.
Utdanningsdirektoratet har, med utgangspunkt
i tal frå Statistisk sentralbyrå, rekna ut at 13 fylke
vil ha elevnedgang i vidaregåande skole fram til
2022. Fylka der det ikkje er venta elevnedgang, er
Oslo, Akershus, Rogaland, Aust-Agder, Buskerud
og Østfold.
Vidaregåande skole
Lærarar blir overtalige
Aktuelt
Ingen av de 901 alvorlige tilfellene av vold
mot lærere ved skoler i Oslo i fjor ble varslet
til Arbeidstilsynet. – Mulig systemsvikt, sier
professor.
19. mai skrev Dagsavisen at det i fjor ble meldt
inn 1940 tilfeller av vold mot lærere i Oslo. 901
av disse var alvorlige og innebar blant annet slag,
spark, biting eller trusler. Ifølge avisen har ingen
av disse blitt meldt inn til Arbeidstilsynet.
Ifølge arbeidsmiljøloven skal arbeidsgiver varsle
Arbeidstilsynet og nærmeste politimyndighet når
det skjer ulykker, trusler eller vold på arbeidsplas-
sen av alvorlig karakter.
– Når dette ikke er meldt inn, er det et spørsmål om
vi har med systemsvikt å gjøre, både når det gjelder
meldeplikt og det som verre er, nemlig å beskytte
ansatte mot vold og trusler på arbeidsplassen, sier
professor emeritus Henning Jakhelln ved Institutt
for offentlig rett ved Universitetet i Oslo. ©NTB
Arbeidstilsynet ble ikke varslet
omvoldmot lærere i Oslo
Arbeidsmiljø
Utdannings-
direktoratet
har, med
utgangspunkt i
tal frå Statistisk
sentralbyrå, rekna
ut at 13 fylke
får elevnedgang
i vidaregåande
skole fram til
2022.
ARKIVFOTO
ERIKM.SUNDT