Utdanning nr 14 - 2014 - page 26

26 |
UTDANNING
nr. 14/5. september 2014
– Me trong eit
lyft
Reportasje
Til jul kunne alle elevane på
1. trinn ved Rosseland skule på
Bryne lese, og i februar skreiv dei
eigne tekstar.
TEKST OG FOTO
Lise-M.VikseKallåk
– Å kople dei to tinga er veldig viktig, fordi du
får repetert. Har du skrive eit ord mange gonger,
kan du det, hevdar lesepedagogen, som har brukt
pedagogiske treningsprogram tidlegare ved ein
annan skule.
Nå har ho fått kollegiet ved Rosseland skule på
gli.
– Dei har ikkje visst kva STL+ var, men har blitt
interesserte etter kvart, seier ho og tar oss med inn
i klasserommet for å vise oss korleis elevane jobbar.
Langs den eine veggen står seks stasjonære
datamaskinar. Ved ein av dei sit førsteklassingen
Bjørnar Heigre Gjerdevik. Han skriv at han skal
på stranda i sommar og at der er sanden varm.
Han tastar inn bokstavane v-e-r-m-e. Stemma frå
datamaskinen les «verme».
– Seier du «verme»? spør Barvik.
Elev Aud Elin Heskje
på 1. trinn ved Rosseland skule leitar etter rett bokstav, medan inspektør Heidi Barvik nyttar høvet til å hjelpe ein av dei andre elevane i gruppa.
– Å lære
to bokstavar i veka samt bruke lyd på øyra
har gitt gode resultat, men me starta skuleåret etter
gammal metode, med å lære elevane ein bokstav i
veka, seier inspektør Heidi Barvik ved skulen, som
ligg i Time kommune i Rogaland.
Etter oppslag i media om lese- og skriveopplæ-
ring, og forsking som viste at elevane knekk lese-
koden raskare ved å lære fleire bokstavar i veka,
byrja kollegiet ved skulen å reflektere over temaet.
– Korfor driv me med det gamle, når det ikkje
gir framgang? var spørsmål lesepedagog Mari Lura
Elvedahl stilte.
Både ho og Barvik har vore pådrivarar for den
såkalla STL+-metoden (Skrive seg til lesing). Når
elevane trykker på ein bokstav på PC-tastaturet,
blir bokstavlyden lese opp, og heile ordet når det
er ferdigskrive.
1...,16,17,18,19,20,21,22,23,24,25 27,28,29,30,31,32,33,34,35,36,...68
Powered by FlippingBook