Utdanning nr 14 - 2014 - page 27

27 |
UTDANNING
nr. 14/5. september 2014
Ho er òg med inn i klasserommet og nyttar
høvet til å hjelpe.
– Ja, eg seier det, svarar Bjørnar.
– Eller er det «varm» du seier?
Barvik gir seg ikkje før eleven har skrive ordet
rett. Han får setninga på øyra att.
– Åh, «varm sand», seier han, og endrar e-en
til -a.
To vaksne på 23 elevar
– Det er krevjande. Elevane skal lære å skrive
orda rett og må ha vaksne som kan rettleie, seier
inspektøren, som har skjerma desse timane.
– Du er ganske sveitt på ryggen, du skal rundt
og sjå at alle meistrar, seier lærar på 1. trinn, Lise
Emberland.
Ho fortel at dei alltid er to vaksne i ei gruppe (23
elevar). Resten av elevane driv med sjølvgåande
aktivitetar medan dei andre skriv.
Å bruke datamaskin fenger gutane, meiner ho.
– Dei er tekniske, ikkje så motoriske, forklarar
ho.
Emberland har hatt 1. klasse tre gonger tidle-
gare og fortel at gutar som berre skriv tre ord med
blyant, gjerne skriv ei halv side når dei får bruke
PC. Ho finn fram ei bunke med arbeidsbøker der
elevane har limt inn tekstane sine, som dei har
illustrert med teikningar.
– Dei flinke skriv masse og spør etter ord.
Medan dei i andre enden er kjempenøgde med å
ha skrive to setningar, seier Emberland.
Ho meiner alle får utfordringar på sitt nivå. Tek-
sten dei har skrive, får dei i heimelekse.
– Dei synest det er lystprega å lese eigne tekstar.
Det blir differensiert, meiner Emberland. Elevane
har òg øvd på høgfrekvente ord.
– Det har òg hatt ein verknad. Det er noko me
ikkje har gjort før, seier læraren på 1. trinn.
– Dei blir òg veldig medvitne om punktum,
påpeikar ho og forklarar at talesyntesen ikkje
stoppar opp dersom det ikkje er teikn i ein tekst.
Då les stemma utan stans.
– Brukar elevane berre datamaskin?
– Me har øvd på bokstavforming parallelt, men
ikkje så mykje, røper ho.
Mari Lura Elvedahl forklarar at dei ikkje rein-
dyrkar STL+ ved skulen, det vil seie at dei ikkje lar
blyanten liggje til 2. trinn.
Gode resultat på kartleggingsprøver
På slutten av skuleåret gjennomførte alle elevane
på 1. trinn Utdanningsdirektoratet sin kartleg-
gingsprøve i norsk. Den viser opplyftande resultat.
– I år var det ein ny test, så me har og tatt den
gamle, for å kunne samanlikna med tidlegare år,
forklarar inspektøren. Også denne prøva viser
framgang.
Barvik peikar på tala for 2011, der 16 prosent
(12 elevar) er på eller under kritisk grense når det
gjeld «å trekkje saman lyd». I år var prosenten
null. Ser ein på «å lese ord», var prosenten 16,67 i
2013 og 3,6 i 2014. Å lese setningar viser høvesvis
6,7 og 2 prosent.
Samanlikna med andre skular i regionen talar
òg resultata for seg.
Barvik legg fram statistikken som syner at dei
òg skårar betre enn andre skular i regionen når det
gjeld «å trekke saman lydar til ord», «å lese ord»
og «å lese er å forstå».
– Me ser at me har gjort noko som er rett når det
gjeld resultat, meistringsnivå og iver, seier Barvik,
sommåtte hente inn lesebøker frå 2. trinn til ele-
vane for å møte dei på rett lesenivå.
– Ingen skil seg ut
– Er det nokre elevar som meiner læraren har gått for
fort fram?
– Nei, ingen, seier Mari Lura Elvedahl.
– Kva med dei elevane som har lese- og skrivevanskar?
– Gjennom heile året har elevane blitt testa, og
dei me har fanga opp, har fått ekstra støtte med
lyd, seier lesepedagogen.
At alle brukar datamaskinar med tale, meiner
ho er ein fordel. Ingen skil seg ut. Ho meiner òg
at metoden er bra for tospråklege. Når dei høyrer
bokstavlyden, erfarer dei samanhengen mellom
lyd og bokstav. Denne samanhengen er utfor-
drande å forklare til elevar som ikkje kan lese og
skrive, og som ofte heller ikkje forstår opplærings-
språket.
– Har lærarane fått nokon form for opplæring før dei
starta?
– Logoped Tone Finne, candidatus spesialpe-
dagogikk (cand.paed. spec), som har vore ein
pådrivar for STL+, var her ein planleggingsdag og
ho har òg gitt rettleiing undervegs. Samstundes er
Mari Lura Elvedahl ein ressursperson når det gjeld
pedagogiske treningsprogram, opplyser Barvik.
Programmet er òg introdusert for foreldra, som
blei tipsa om kva dei kan øve på med ungane. Mari
Lura Elvedahl fortel at foreldra kan laste ned ein
app for nettbrett med talesyntese.
– Me har tru på dette, me har sett at det verkar
og vil utvikla det vidare, seier Barvik.
Viktig å ha med administrasjonen
Inspektøren og lesepedagogen understrekar at
det er viktig å ha med administrasjonen når slike
omleggingar skal skje. Både når det gjeld lærarres-
sursar og det å motivera medarbeidarane. Begge
innrømmer at ikkje alle pedagogane var overtydde
då dei endra metode sist haust. Dei fortel at ein-
skilde lærarar var noko skeptiske og redde for at
elevane skulle bli prøvekaninar, men at alle læra-
rane på 1. trinn var positive.
– Skepsis er i utgangspunktet sunt, og me ser
dei kjem etter kvart, meiner Barvik, som reknar
med det vil ta ein fem års tid før metoden er
implementert.
80
1...,17,18,19,20,21,22,23,24,25,26 28,29,30,31,32,33,34,35,36,37,...68
Powered by FlippingBook