Table of Contents Table of Contents
Previous Page  85 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 85 / 100 Next Page
Page Background

breidda av mål som er i planverket, er

utenkeleg utan eit myndig og medvite

lærarsubjekt. Ved å rehabilitere om-

grepet «undervising» og tilføre det

litt «tapt glans», kan vi kanskje og

friske opp nokre basale innsikter om

sjølve læringssituasjonen.

Biesta peikar tidleg på at «lærings-

situasjonen» er svært sårbar, og at

vi ikkje kan setje denne til side med

styringsgrep. For å navigere i denne

sårbare situasjonen skisserer han ei

lærarrolle som er fylt av både sensi-

bilitet, handlekraft og dømmekraft,

utan å vere sentimental eller maktsjuk.

Korleis kvaliteten er på møtet mellom

lærar og elev, er er heilt avgjerande for

om det skjer vesentleg læring eller

ikkje. Det å ta undervisingsomgrepet

tilbake er å minne om basale føreset-

nader for læring som ikkje er vilkår-

leg. Vi kan ikkje resignere på læraren

sine vegne. Om vi er villige til å gje

opp tanken om at læraren har noko

å undervise i, og at elevane har noko

å lære av lærarane sine, er det berre å

pakke saman.

Læraren har alltid arbeidd fram

mot å gjere seg sjølv overflødig, gjen-

nom å bidra til eleven sin vekst på

mange ulike område. Noko må skje.

Noko må verte utvikla. Noko må

kome til eleven som ikkje var der frå

før. Dette «noko» er ferdigheiter. Det

er kunnskapar. Og sist, men like vel

først: det er meining, noko som eleven

gjer til sitt eige. Idealet er at gjennom

undervisinga skal eleven utvikle sjølv-

stende og dei indre og ytre reiskapane

som skal til for å klare seg i verda.

Som Per Tore Dalen også uttryk-

ker det, blir eleven «dannet til de

mennesker de blir gjennom å tilegne

seg kulturens praksisformer»

(Bedre

Skole nr. 2, 2014, s. 90).

Utan læraren som den skjervheim-

ske «deltakar og tilskodar» får eleven

heller ingen å spele ball med. Under-

visingsomgrepet gjer plass til både det

ansvarleg lærarsubjekt som represen-

tant for ein kultur, og den naudsynte

dialogpartnaren som eleven treng for

å vekse inn i vaksensamfunnet. Dette

er grunnleggande komponentar som

ikkje passar like saumlaust inn i læ-

ringsomgrepet.

Møtet mellom menneske er avgje-

rande for kva som vert lært, og kva

meining som vert skapt. Ekte meining

vert skapt gjennom kommunikasjon

og dialog, gjennom ein refleksiv prak-

sis der vi analyserer konsekvensane

av handlingane våre før vi går vidare.

Møta som er mellommenneske i sku-

len er og blir etiske hendingar i stort

og smått. Menneske som ikkje sjølv

har valt kvarandre, skal vere i lag og

arbeide mot formål som er definert

av andre. I dette møtet er det mange

spenningar sommå verte konfrontert

og jobba med. Det er ein lang, frustre-

rande og tung veg utan store garantiar.

Målstyring og kjensla for individet

Den kompetansemålstenkinga sku-

len er prega av, står i eit markant

spenningsforhold til den sårbare

kvardagen, som er fylt av konkrete

Illustrasjonsfoto:

© Rido

85

Bedre Skole nr. 3

2017 – 29. årgang