AKTUELT
BARN OG SINNE
Er det slik at barn ikkje får lov til å vere
sinte i barnehagen? Førsteamanuensis
og barnehageforskar LivTorunnGrind-
heim ved Høgskulen i Bergen seier at
det får dei, men at sinne ser ut til å bli
oppfatta somnoko ein helst skal unngå.
Det syner også barnehagens rammeplan,
somslett ikkje nemner sinne, mens deri-
mot «glede» er nytta 24 gonger.
–At glede er så sterkt vektlagt, forstår
eg someit syn på kva somkjenneteiknar
«den gode barndomen». At både kon-
fliktar og sinne kan vere konstruktivt
for å vidareutvikle eit fellesskap, har
kanskje vore ein meir framand tanke i
barnehagesamanheng, seier Grindheim.
Ho har forska på haldningar til barns
sinne i barnehagen gjennom observa-
sjon og samtalar med barn og tilsette i
tre barnehagar.
SINNE = KOMMUNIKASJON
–Barnehagepersonalet vil gjernemeine
at sinte barn må slutte å vere sinte og
finne andre måtar å uttrykkje seg på.
Eg er einig,
men
: Om det å få eit barn
til å slutte å vere sint, får skugge for det
å rette opp urettferd og krenkingar i
barnehagen, blir ikkje barnehagen ein
betre stad å vere, seier forskaren. Ho
meiner barn har rett til å medverke
også før dei kan uttrykkje seg logisk og
balansert verbalt.
– Innspel somviser til urett og krenk-
ingar ser egpå somviktig informasjonog
dermed ein måte barn kan medverke på
– Det må vere lov
å vere sint
Barnehagebarn som tvingast til å undertrykkje sinnet
sitt, kan slitemed å takle konfliktar seinare i livet,
meiner barnehageforskar Liv Torunn Grindheim.
tekst
ARNE SOLLI
frilansjournalist, Scribeco
arne19olli@gmail.comVi må ikkje sjå på sinne og
aggresjon som to sider av same
sak, meiner barnehageforskar
Liv Torunn Grindheim. Da kan
bodskapen barnet forsøker
å formidle, om at noko er
urettferdig eller krenkjande,
stå i fare for ikkje å nå fram
Illustrasjonfoto:
Fotolia.com.
26
|
første steg nr
4
|
2016