for at det skal kunne bli meir rettferd og
færre krenkingar i barnehagen, seier ho.
Grindheimslår fast at vimå sjå barns
sinne som ein måte å kommunisere på,
og ikkje «berre» som kjensleutbrot.
–Når barn blir sinte, seier dei ofte fra
omnoko somer viktig for dei. Det kan gi
personalet kunnskap som kan brukast
positivt i barnehagen, seier Grindheim.
KANBRUKASTPEDAGOGISK
Personalet kan bruke barns sinne i det
pedagogiske arbeidet, seier Grindheim.
– Om sinne blir sett som ein del av
kommunikasjonen, kan sinne gi infor-
masjon om at her skjer noko som er
viktig for barna. Sinne kan vise invol-
verte og engasjerte barn. Forskaren
påpeikar at barn har rett til å medverke
i barnehagen.
– Men kva som er viktig og engasje-
rande for ein barneborgar, kan vere noko
anna enn for ein vaksenborgar. Tar vi
barns rett til medverknad på alvor, treng
vi informasjon omkva somdet er viktig å
medverke i, frå barns perspektiv. Åfinne
ut kva som triggar det sinte barnet kan
vise negative ordningar og sosialemøn-
ster som fremmar urett i barnehagen.
Det er sentral kunnskap for at personalet
skal kunne skape vilkår for rettferdige
og likeverdige fellesskap av ulike men-
neske, seier ho.
TRENING I KONFLIKTLØYSING
Grindheim seier at sjølv om barn seier
dei ikkje leikar med sinte barn, eller at
dei går vekk når dei sjølve er sinte, er
leiken så viktig at barna heller finn ei
løysing på konflikten enn å gå ut av han.
– Sjølve leiken gir ei ramme for å bli i
leiken og finne ut av saka, sjølv ombåde
ein sjølv eller andre blir sinte. Erfaringar
med å løyse konfliktar ser eg somviktige
både i eit her-og-no-perspektiv og i eit
framtidsperspektiv, seier ho.
ÅREGULEREKJENSLER
Lene Chatrin Hansen er einig med
Grindheim.
–Vi vaksne er likbarnapådet punktet.
Når vi kjenner oss urettvist behandla,
kan vi reageremed sinne og frustrasjon.
Det er heilt normalt, seier Hansen, som
er assisterande styrar, fagbokforfattar,
bloggar og føredragshaldar.
–Når det same skjermed barn, treng
dei kloke rettleiarar til å hjelpe seg til å
regulere kjenslene sine, og det er vår jobb
sombarnehagelærarar å hjelpe dei med
det, seier Hansen.
Liv Torunn Grindheim er førsteamanuensis og
barnehageforskar ved Høgskulen i Bergen
Foto: Dag Ove Vareberg
Nå er det over
2400
som liker
Første steg
på Facebook.
Bli med og følg oss du også!
Foto: Fotolia
Her får du nyheter,
forskning og
debatter innen
barnehagefeltet,
mens du venter på
neste utgave av
tidsskriftet.
Vi tilbyr to videreutdanninger i pedagogisk veiledning: – Pedagogisk veiledning i utdanning og yrke for lærere i barnehage og skole, emne 1 (15 studiepoeng). Du velger fokusområde veiledning av nyutdannede eller veiledning av studenter i praksis. Mer om utdanningen: hioa.no/ped-veil-1 – Pedagogisk veiledning for praksislærere i barnehagelærerutdanning (15 studiepoeng). Mer om utdanningen: hioa.no/ped-veil-bhg Studiene er samlingsbaserte og går over to semestre. Begge studier gir formell kompetanse i veiledning, som gjør deg kvalifisert for å være praksislærer. Det er også mulig å bygge på med emne 2 i pedagogisk veiledning. Søknadsfrist: 1. mars 2017 Ønsker du formell kompetanse som praksislærer i barnehage, eller som veileder for nyutdannede i barnehage? Videreutdanning: Pedagogisk veiledningførste steg nr
4
|
2016
|
27