Table of Contents Table of Contents
Previous Page  11 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 11 / 60 Next Page
Page Background

11 |

UTDANNING

nr. 7/15. april 2016

Aktuelt

navn

Blir du mållagsleiaren sommå sjå at talet på

nynorskkommunar svinn som snø i vårsol når

små nynorskkommunar slår seg saman med

store bokmålskommunar?

Eg får ansvaret for å leie arbeidet for å hindre ei slik

utvikling, ja. Og eg trur jo at det finst fornuftige folk

både i dei store og dei små kommunane.

Kan norsklektoren forklare kvifor de i

Fredrikstad seier «stenane», altså riksmåls-

stamme og nynorskbøying, ikkje «steinane»

eller «stenene»?

Det er av di dialektane i Østfold følgjer same dia-

lektgrammatikk som andre norske dialektar. Da blir

det «-ane» i bestemt form hankjønn. Og nærlei-

ken til Sverige gjer at vi i ytre strøk ikkje brukar

«ei», men berre seier «e». Vi har, som svenskane,

det som blir kalla diftongforenkling. Da blir det

«stenane».

Barnehagane har vore det viktigaste satsings-

området for arbeidet med skolemål i Mållaget

dei siste åra. Kvifor?

Vi har sett at barnehagen har vore den første plas-

sen for å «avdialektisere» ungane. Difor blir eg glad

når eg hentar barnebarn i barnehagen og høyrer at

Fredrikstad-dialekt er i bruk der. Eg gler meg også

over at sidemålsstilen lever godt under den blå-blå

regjeringa.

Du får halde ein skoletime for det norske folk.

Kva skal timen handle om?

Eg ville snakka om det spesielle med at vi i vårt

land har eit skriftspråk, altså nynorsk, som byggjer

på talemålet til småbønder og fiskarar landet rundt,

ikkje på talespråket til eliten i hovudstaden. Det ligg

ei stor rettferd i dette. Nynorsken har modernisert

seg opp gjennom åra slik at dette skriftspråket i dag

er gangbart også for oss med dialektar sommin.

Kva for ein kjend person ville du hatt som lærar?

Tenk om eg hadde fått treft Ivar Aasen! Da hadde eg

spurt kva han hadde brukt av Jacob Nicolaj Wilse,

sokneprest i Spydeberg, som døydde i 1801. Wilse

ga ut «Norsk Ordbog», ei samling av dialektuttrykk

og ord frå «den Østre-Kant af Norge».

Kven ville du gitt straffelekse?

Desse som okkar seg over at norsk kultur er i fare

og gjev innvandrarar skulda, men som vil ha nynor-

sken ut av skolen.

Kva for ei bok har du ikkje fått tid til å lese?

«Språk i skolen: grammatikk, retorikk, didaktikk»

av Ingvild Brügger Budal, med bidrag av Rolf Theil,

Bernt Ø. Thorvaldsen og Ingebjørg Tonne. Eg ventar

at den boka vil gi eit godt oversyn over språksitua-

sjonen i landet.

Har du ein favorittpolitikar?

Eg har beundra Berge Furre for evna han hadde til

å bere fram det folkelege saman med politikarrolla.

Kva gjer du for å redde verda?

Eg trur at om du kan fleire språk, vil det hjelpe

deg til å forstå folk som i utgangspunktet ser litt

annleis på verda enn det du gjer sjølv. Og skal vi

redde verda, må vi forstå kvarandre. Difor er det

viktig å undervise i språk og å arbeide for språkleg

mangfald.

Magne

Aasbrenn

(60)

Hvem

Lektor ved Frederik II

videregående skole i

Fredrikstad

Aktuell

Er innstilt som ny leiar

i Noregs Mållag.

Blir første mållagsleiar

frå Østfold.

Skal sikre nynorsken

plass i dei nye

storkommunane

«Eg blir glad når eg

hentar barnebarn i

barnehagen og høyrer

at Fredrikstad-dialekt

er i bruk der.»

Magne Aasbrenn prekær om«stenane», blir nymållagsleiar og gler seg

over at sidemålsstilen lever godt under blå-blå regjering.

TEKST

KirstenRopeid |

kr@utdanningsnytt.no

FOTO

HegeLothe,NoregsMållag