41 |
UTDANNING
nr. 1/9. januar 2015
Har dumykje på hjartet?
Det er du ikkje åleine om. Utdanning tek imot store mengder kortare og lengre debatt-
innlegg, innspel og kronikkar. Men det er trongt om plassen. Difor går det ofte lang tid
før tekstane kjem på trykk, nokre gonger så lang tid at dei vert uaktuelle. Vårt tips er:
Skriv kort! Held du debattinnlegget ditt på under 2500 teikn (inklusive mellomrom), er
sjansen større for å få plass. Redaksjonen set retten til å kutte i innlegga som vilkår.
For innlegg på innspelplass er lengda 3000–10.000 teikn, og kronikkar kan ha ei lengd
på mellom 12.000 og 17.000 teikn.
Redaksjonen tek imot debattstoff på denne adressa:
debatt@utdanningsnytt.noMatematikkfaget
Norske elevar har dårleg mate-
matikk-kunnskap, blir det hevda.
Dersom dette er sant, må det ha
ein grunn. Kan grunnen liggje i dei
læreplanane som skulen jobbar
etter? Kva seier så Kunnskapsløftet
om faget matematikk? Læreplana
listar opp ei mengde kompetanse-
mål. I tillegg er det snakk om fem
«grunnleggende ferdigheter» i
matematikkfaget: «Å kunne uttrykke
seg munnleg i matematikk, å kunne
uttrykke seg skriftleg i matematikk,
å kunne lese i matematikk, å kunne
rekne i matematikk, å kunne bruke
digitale verktøy i matematikk.» For
1. og 2. årstrinn er kompetansemåla
delt inn i følgjande kapittel: Tal, geo-
metri, måling og statistikk. Her føl-
gjer sitat frå Kunnskapsløftet under
kapittelet «Tal» for 1. og 2.-årstrinn:
«telje til 100, dele opp og byggje
mengder opp til 10, setje saman og
dele opp tiargrupper, bruke tallinja
til berekningar og til å vise talstor-
leikar, gjere overslag over mengder,
telje opp, samanlikne tal og uttrykkje
talstorleikar på varierte måtar, utvi-
kle og bruke varierte reknestrategiar
for addisjon og subtraksjon av tosi-
fra tal, doble og halvere, kjenne att,
samtale om og vidareføre struktur i
enkle talmønster.»
På same vis blir det ramsa opp
kompetansemål under dei andre
kapitla «geometri», «måling» og
«statistikk». Talet på mål er veldig
stort. Spørsmålet blir om ei slik liste
er meir eigna til å skape frustrasjon
enn pågangsmot og læringslyst? Vil
alle desse måla gi elevar eit godt
grunnlag og tilstrekkeleg motiva-
sjon til å tileigne seg og forstå
matematikk? Eventuell mangel på
matematikkferdigheit som dagens
grunnskuleelevar har, tyder på at
elevane ikkje klarer å gape over og
fordøye alle kompetansemåla. Ele-
vane maktar ikkje å lære seg skik-
keleg innhaldet i det eine kapittelet
i læreboka før det kjem eit nytt. Å
følgje læreboka er for mange læra-
rar den einaste måten å overleve på
i ein hektisk skulekvardag. Dermed
er det stor fare for at mange elevar
i røynda må starte på eit nytt emne
utan å ha fått med seg innhaldet i det
førre. For å kunne «kome gjennom
pensum», blir redninga å fare med
harelabb over mange tema, i staden
for å lære nokre få tema grundig.
Sjølve grunnmuren for å kunne til-
eigne seg matematikk seinare i livet
blir for spinkel. Middels og svake
elevar ramlar meir eller mindre
umerkeleg av lasset med dagens
læreplan. Kunnskapsløftet ser ut til å
vere skapt for dei skuleflinke. Hadde
det kanskje vore like lurt å bruke dei
to-tre første skuleåra på å drille dei
For mange kompetansemål i læreplanen
Dei mange ulike
kompetansemåla i læreplanen er mest eigna til å forvirre elevane,
meiner innsendaren.
ILL.FOTO
INGERSTENVOLL
Lærernes tidsbruk
Tidstyvene II har konkludert. Jan Erik Grindheim
avslutter prosjektet med å støtte oppfattelsen av
at Utdanningsforbundet og lærere ytrer behov for
mer tid til å undervise. Jeg håper Utdanningsfor-
bundet og fagbladet Utdanning kan bruke litt mer
tid på å følge opp dette utsagnet. Hvis sitatet er
rett, eller vårt fagblad har oppfattet det slik, bør
utsagnet utdypes. I kjølvannet av vårens arbeids-
tidskonflikt finner jeg det pussig, eller er det en
pussig forenkling? Mer tid til å undervise kan lyde
som a) flere undervisningstimer b) mer direkte
samvær med elevene, men i mine ører lyder det
ikke som c) mer tid til undervisningsrelatert for- og
etterarbeid d) mer tid til faglig samarbeid og vide-
reutvikling, eller e) mer tid til å følge opp pålagte
administrative rutiner og delta i administrative
møter. Mer tid til hver elev er noe annet enn mer tid
til å undervise. Jeg håper inderlig at kunnskapsmi-
nisteren og KS-lederen er klar over det.
Arne O. Walbye
Mer tid til ...
fire rekneartane? Drill av multipli-
kasjonstabellen og mykje jobbing
med dei fire rekneartane, samt med
tier-overgang og mykje hovudrek-
ning ville kanskje ha gitt elevane eit
godt grunnlag for å kunne lære seg
matematikk seinare i skuleløpet.
Den hærskaren av kompetansemål
som no finst, er mest eigna til å gjere
elevar forvirra ved stadig å hoppe
frå emne til emne i ein rasande fart.
Målstyringsfanatismen står truleg i
vegen for kunnskapsinnlæring.
Kristoffer Moen