Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  38 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 38 / 60 Next Page
Page Background

38 |

UTDANNING

nr. 16/2. oktober 2015

Innspill

Det måtte ein svenske til

Olav H. Aarrestad

tidlegare lektor

FOTO

PRIVAT

Det er vanskeleg å hiva PC-en ut

av klasserommet når skuleleiinga

framleis trur at PC er eit framifrå

læringsinstrument.

Lenge var alt

såre vel i norsk skule. Ingen stad

i verda hadde elevane det så triveleg som her.

Dei hadde høgare sosial kompetanse og var meir

demokratisk innstilte enn i land «det var naturleg

å samanlikna med». Kva meir kunne ein krevja?

Nokre norske lærarar ymta om at kunnskapsni-

vået kan henda ikkje var høgt nok og at mange

elevar var underytarar. Dei talte for dauve øyro.

Så kom PISA, frå utlandet, og ein byrja med eitt å

interessera seg for tileigning av kunnskap og tame.

På same tid kom den individuelle datamaskina inn

i skulen, i alle fag og i alle timar – nær sagt på alle

skulesteg. Og skuleleiinga gjekk i bresjen: PC var

alfa og omega. Alt skulle gå via han; notatskriving,

prøver og lekser – eit ord som framleis ikkje var

heilt comme il faut. Lenge var einaste fagkurs ein

skarve norsklærar kunne oppdriva frå fylkeskom-

munen, kurs i bruk av datamaskin til dette og hint.

Ingen peika på dei negative verknadene. Om ein

tala spakt om dei, fekk ein til svar at elevane må

læra seg å bruka instrumentet. Når dei kjem ut i

arbeidslivet, vil dei møta det over alt. At det skulle

vera naudsynt å bruka monsteret i alle timar for

å læra å bruka det, verka litt underleg når elevar

akkurat i det stykket er snøggare på labben enn

mang ein lærar.

Så skreiv ein røynd svensk lærar i vidaregåande

skule, Håkan Danielsson, ein kronikk i Dagens

Nyheter (29.4.2015), og vips vart innhaldet slått

opp i den største norske nettavisa, VG Nett. «Kast

PC-en ut av klasserommet» var overskrifta.

Danielsson er lærar i historie og samfunns-

kunnskap ved Katedralskolan i Lund. Han er

koordinator for Historieprogrammet, ein av Sve-

riges nitten «spetsutbildningar». Saman med his-

torikar Bengt Liljegren har han skrive læreboka

«Att undervisa i historia». I samandrag skriv den

svenske læraren:

«Etter at elevane

fekk PC-ar, har det vorte van-

skelegare for dei å følgje med. For meg er det inn-

lysande at PC-en er kontraproduktiv i vanlege

timar der læraren underviser eller er i dialog /

samtalar med elevane.

I meir enn to tiår har politikarane sett innfø-

ring av PC-ar som eit avgjerande tiltak for å betre

skolens resultat. Eitt argument som går igjen, er at

ein vil gje alle elevar, uansett heimens økonomi,

tilgang til same arbeidsreiskap. Noko direkte peda-

gogisk argument vert sjeldan framført.

Ein direkte, og kanskje utilsikta følgje av dette,

er at elevar i dag brukar PC-en ikkje berre i situa-

sjonar der den mogleggjer nye arbeidsmetodar

eller ny pedagogikk, men òg som erstatning for

blyant og papir. PC-en fungerer katastrofalt dårleg

som notatblokk. Den forverrar elevane sine pre-

stasjonar kraftig og leier dessutan til at dei held

på med heilt irrelevante ting i undervisningstida.

Ei undersøking i Psychological Science 2014

(Mueller/Oppenheimer frå Princeton respektive

UCLA) viser at den som skriv for hand, tvingar

hjernen til å arbeide med informasjonen, noko

som gjer innlæringa meir effektiv.

I denne studien hadde studentane som brukte

PC, ikkje tilgang til Internett eller andre PC-pro-

gram. Eit interessant spørsmål blir difor korleis

freistinga til med PC-ens hjelp å halde på med

noko heilt anna enn kva undervisningstimen legg

opp til, verkar på resultatet.

I ei studie 2013 let ein forskar (Sovern ved

Columbia University) observatørar undersøkje

kva studentar brukte PC-ane sine til i undervis-

ningstida til fleire ulike collegekurs. Det viste seg

at 60 prosent brukte meir enn halvparten av tida

til å gjere ting heilt utan kopling til undervisninga

på PC-ane sine.

Eit syn som kan hevdast her, er at det bør vere

elevane sitt eige ansvar å notere på det viset som

passar dei best. Den eleven som bruker Facebook,

ser på film eller surfar på nettet i timen, får sjølv

bere konsekvensane, men diverre blir òg omgjev-

naden ramma. Òg den som sat nærast ein slik

elev og kunne sjå aktiviteten på nabostudenten

sin skjerm, presterte lågare resultat: 17 prosent

dårlegare.

Dei seinare åra har eg merka at talet på elevar

som har vanskeleg for å følgje med i eit resonne-

ment, har auka. No i ettertid ser eg at det finst eit

sterkt tidsmessig samanfall med at politikarane

i min kommune vedtok at alle elevar skulle ha

kvar sin PC, ikkje for å forbetre resultata, men for

å «auke variasjonen».

Ein dag denne hausten

trassa eg ideen om den

saliggjerande PC-en. Eg instruerte elevane om å

la PC-en vere igjen i skolesekken, bortsett frå dei

gongene eg spesifikt bad dei om å ta PC-ane fram.

Effekten var nesten momentan. Ro og studiefred

breidde seg i klassen. Eit resultat som stemte vel

med undersøkingar som er presenterte i den sei-

nare tida.

Min konklusjon er sjølvsagt at PC-en skal ut av

klasserommet. Eg er ikkje nokon teknologipes-

simist, og eg kan sjå at det finst situasjonar der

PC-en kan gje elevane kunnskapar på nye vis.

Men for vanlege undervisningstimar, når læraren

underviser eller er i samtaler med elevane, er han

kontraproduktiv.

Ei slik endring skulle på ein blunk kunne betre

elevanes resultat med opptil 20 prosent, spare

pengar og dessutan la seg innføre straks. Dei

positive effektane skulle etter alt å døme vise seg

allereie i neste PISA-undersøking.»

Frå eiga røynsle

veit eg at det er vanskeleg å gå

mot straumen og hiva PC-en ut av klasserommet

når skuleleiinga framleis trur at PC er eit framifrå

læringsinstrument. Eit argument om at notering

på papir og dinest innføring på PC heime er nyttig

læringsarbeid, bit berre på eit fåtal elevar. Dei vil

ha den fridomen PC-en gjev til å gjera heilt andre

ting i timane. Med datamaskina oppslått er ein

ikkje garantert at elevar flest tek notatar, og berre

eit fåtal ser på notatane sidan.

Ein må likevel ikkje tru at det å delvis kvitta seg

med PC-en er eit columbi egg for norsk skule. Det

«Eit første steg (…) når det

gjeld å auka seriøsiteten og

eigeninnsatsen hjå elevane,

vore nok å kvitta seg med

datamaskina i dei fleste

timane.»

PC-bruk i skulen: