Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  7 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 7 / 76 Next Page
Page Background

Smått er godt

KraftkommunenModalen i Nordhordland bruker pengane

på gode oppvekstkår for barn og unge, og ikkjeminst satsar

bygda på barnehagen sin. Politikarane har vedtektsfesta

at det skal vere fembarn per vaksen i Modalen barnehage.

Men velstanden i Modalen kan bli trua av regjeringas

kommunereform.

Ifølgje KOSTRA brukte Modalen kom-

mune med ca. 390 innbyggjarar knapt

310 000 kroner per barn i barnehage i

2014. Barnehagestyrar Grete Urdal er

samd i at rammevilkåra for barnehagen,

som for tida har 25 barn, er svært gode,

men homeiner likevel at KOSTRA-tala

pyntar aldri så lite på verkelegheita.

– KOSTRA-tala er fordelte på alle

innbyggjarar i alderen ett til femår, seier

ho. – Dei tek likevel ikkje omsyn til at i

Modalen barnehage går det ikkje berre

barn som er innbyggjarar i Modalen

kommune, i barnehagen går det òg barn

frå andre kommunar.

–DersomKOSTRA-tala forModalen

hadde teke omsyn til at vi tek hand om

barn fråandrekommunar også, haddedei

sett annerledes ut, trurUrdal. – I fjor var

det tale omåtte barnmed bustad utanfor

Modalen kommune; seks fråVaksdal og

to frå Lindås. KOSTRA-tala er rekna ut

ut frå dei barna som bur i Modalen, og

ikkje ut frå dei eitt- til femåringane som

faktisk går i Modalen barnehage.

Urdal seier at tala sjølvsagt varierer

frå år til år, men at Modalen barnehage

har teke imot barn frå utanfor kommu-

nen i alle fall i ti år. Ho kjenner ikkje til

omdet er rekna på korleisKOSTRA-tala

forModalen skulle sett ut i verkelegheita.

– Men Modalen barnehage nyt i alle

høve godt av gode rammer, det er ei

kjensgjerning, seier ho.

LOKAL BEMANNINGSNORM

Hovudkostnaden for drifta av barne-

hagen ligg i den lokale bemannings-

norma. Kommunestyret har vedteke at

for kvar vaksen skal det vere fem barn.

I tillegg kjem styraren, og ein kjøken-

assistent som er der fem timar per dag.

Styrar Grete Urdal i Modalen barnehage

er glad for at kommunepolitikarane har

vedtektsfesta at det ikkje skal vere meir

enn fem barn per vaksen i barnehagen.

Dessutan er nær halvparten av dei vaksne

barnehagelærarar, og Urdal vektlegg at høg

pedagogtettleik er viktig for å sikre god

kvalitet.

første steg nr

2

|

2015

|

7