Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  8 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 8 / 76 Next Page
Page Background

– Eg trur ikkje det er mange kom-

munar der lokalpolitikarane gjer slike

vedtak, seier Urdal. – Det er vel van-

legare mange stader at politikarane vil

presse inn så mange barn som mogleg

per vaksen.

For tida har barnehagen to pedagogar

per avdeling, men det skuldast òg at tre

avdelingar for ei tid tilbake blei til to.

Talet på barnehagelærarar utgjer knapt

50 prosent av dei tilsette, og det veks.

Samstundes ønskjer formannskap og

administrasjon ei vridningmotmeir fag-

kompetanse i barnehagen, ifølgjeUrdal.

Talet veks fordi barnehagen har to

barne- og ungdomsfagarbeidarar som

er i gangmed å ta barnehagelærarutdan-

ning. Begge tek utdanningmed romsleg

økonomisk støtte frå kommunen.

– Dei får lønna praksis, og stipend

til kjøp av bøker, til reiser, og så vidare.

Sjølv fekk eg støtte til å ta dennasjonale

styrarutdanninga, seier Urdal.

Kommunen har ei stipendordning til

ungdom i vidaregåande opplæring.

– Eg veit ikkje kor unikt dette er i

Kommune-Norge, men det er i alle høve

eit svært godt tilbod – vi er ein kvalitets-

bevisst kommune, slår ho fast.

Urdal er òg barnehagefagleg ansvar-

leg i kommunen; ho representerer

kommunen i det interkommunale

barnehagesamarbeidet, mellom anna i

kursregionen i Nordhordland.

– Det å vere ein del av kursregionen

gir oss store fordeler. Kommunen har jo

berre ein barnehage, vi har ingen annan

barnehage å samarbeide og diskutere

med.

BEVISST SATSING

Dei tilsette i Modalen barnehage har

vanleg tariffløn, men foreldresatsane

er subsidierte. Ingen betaler makspris,

og snittprisen per plass er ca. 1940

kroner. Foreldra kan velge mellom tre-

dagars- eller femdagarsplassar. Barna

får frokost og lunsj i barnehagen i form

av smøremat/brødskiver, og for det beta-

ler foreldra 265 kroner per månad. Det

same gjeld forresten på skulen litt lenger

ned i bygda, skulen har kantine.

– Det er brødmat med sunt og godt

pålegg. Matpakkar heimefrå med

Nugatti-skiver vil vi ikkje ha noko av,

seier Urdal. – Vi har vald kostregime ut

frå eit tydelig definert folkehelseper-

spektiv, og vi veit da også at tannhelsa

til barna i kommunen er svært bra.

Det er slik både innbyggjarane og

politikarane vil ha det. Ingen av dei

representerer nokre av dei tradisjonelle

politiske partia; i Modalen har dei to

parti: Samlingslista og Solrenningslista.

Dei er nok så like når det gjeld politikken.

–Mange på dei to listene er sjølvsagt

foreldre, og i småmiljø somher er det lett

å oppnå stor politisk semje omtilbod til

barn og unge, også gjennombarnehage-

tilbod. I tillegg kjem skolefritidstilbod,

lag og organisasjoner, idrettsarbeid, og

mykje anna. Vi treng jo innbyggjarar,

seier Urdal.

Dei gode vilkåra gjer at barnehagen

kan gle seg over eit stabilt personale.

Samstundes kan det vere vanskeleg å

rekruttere folk også, mange kvier seg for

å busettje seg i en grisgrendt kommune

somModalen.

–Det er ikkjemeir enn ein og ein halv

time i bil til Bergen, vi tykkjer ikkje det

er så ille, seier Urdal.

Modalen barnehage har det bra

økonomisk, men som Urdal seier: – Vi

arbeider heile tida med å utnyttje kvar

krone best mogleg. Vi diskuterer heile

tida pengebruken nøye.

REFORMTRUAR

Og no truarHøgres kommunesamanslå-

ingsreform. I dag kan rundt 390 innbyg-

gjarar dele på dei høge kraftkommunale

inntektene – jo, det kan vere bra å vere

liten.

– Ja, seier Urdal. – Vi har jo snakka

omat dersomvi blir slått samanmed en

annan og større kommune, vil det vere

ein illusjon å tru at vi blir sittande igjen

med dei romslege rammene vi har i dag.

Lokalavisa Vaksdalsposten skriv 23.

april at formannskapet i grannekommu-

Kulturbygget

Bryggjeslottet

er eit viktig bygg i

ei lita bygd. Her er det teatersal/fleirbrukshall,

bibliotek, symjehall, bowling, trimrom, m.m.

Bryggjeslottet er bygdas viktigaste felles

arena.

Bak sprinklane ligg dei små og søv. Opphavleg

var det ikkje sprinklar der, men personalet

oppdaga at kattar klatra inn og pissa i

barnevognene. Da blei teknisk avdeling i

kommunen kontakta, og berre timar etterpå var

arbeidet med å få på plass sprinklane i gong.

Gratis for barnehagen, utan ventetid og utan

søknader på skjema i fleire eksemplar.

8

|

første steg nr

2

|

2015