Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  49 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 49 / 68 Next Page
Page Background

49 |

UTDANNING

nr. 2/23. januar 2015

Nynorsk vekke frå regjeringa sine nettsider

Språk

Regjeringa har fått seg nye nett-

sider. Der ein tidlegare lett kunne

finne synleg nynorsk, er denne no

forsvunnen. Før kunne ein vitje

nettstaden regjeringa.no, no blir ein

automatisk sendt vidare til regje-

ringen.no. Tidlegare kunne ein velje

å lese sidene på nynorsk, no kan ein

berre velje mellom norsk, samisk og

engelsk. I praksis vil det å velje norsk

seie å velje bokmål.

Oppussinga av nettsidene vart

gjort så grundig at ein pussa vekk

nynorsken i same slengen. Det er

ein språkleg arroganse som ikkje er

ei regjering for eit tospråkleg land

verdig.

Regjeringa tok styringa for eit

Noreg med to jamstilte språk og

kom ut som ei bokmålsregjering.

Sjølv skriv dei på sidene sine at dei

i staden for å ha ein eigen nynorsk

versjon av nettsida, skal dei no

veksle mellom bokmål og nynorsk på

nettsida. Det er ikkje Noregs Mållag

motstandar av, men då må nett-

sidene samstundes stå fram som

tospråklege, og nynorsknamnet må

vere godt synleg. Det er det ikkje no.

Noregs Mållag reknar med at dette

blir ordna opp i så snart det lèt seg

gjere.

Marit AakreTennø

|

Leiar i Noregs

Mållag

I Noreg har vi mange dialektar, som avspeglar mangfaldet av norske iden-

titetar og kulturar. Ein slik rik språkarv bør vi som samfunn vere flinke til

å syne fram. Her meiner vi at dei store samfunnsaktørane har eit særleg

ansvar. Dette gjeld ikkje minst dei som gir informasjon over høgtalaranlegg.

Kvart år reiser meir enn 40 millionar nordmenn med toga til NSB. Etter-

som togføretaket når ut til så mange, i så mange delar av landet, har dei eit

glimrande høve til å spegle dialektmangfaldet blant kundane sine. Dette

kunne dei gjort ved å ta i bruk fleire dialektar i dei førehandsinnspelte høg-

talarmeldingane sine.

I august gav Norsk Målungdom skryt til Widerøe for at dei brukar ulike

dialektar i standardmeldingane sine. Widerøe går føre som eit godt for-

bilde, og NSB og andre kan lære av dei. Kvifor kan ikkje ein med Gjøvik-

dialekt spele inn meldingane til Gjøvik-banen, ein frå Stavanger spele

inn til Stavanger-banen, og nokon frå Bodø eller Helgeland spele inn til

Nordlandsbanen?

Dersom NSB har vilje og lyst til å gjennomføre eit slikt dialekttiltak, er

vi i Norsk Målungdom sikre på at dei får det til. Teknologien burde i alle fall

ikkje vere noko hinder. Dersom NSB hadde teke fleire dialektar i bruk, ville

dei vist meir respekt for kundane, for nedervd uttale og ikkje minst det nor-

ske språkmangfaldet. Det kan vere eit fint nyttårsforsett for NSB.

Kristofer Olai Ravn Stavseng

|

Nestleiar i NorskMålungdom

Regjeringa har blitt

til regjeringen

Oppmodar NSB til å syne

fram dialektmangfaldet

Åpent brev til Utdanningsforbundet

I Dagsavisen 15. april og Utdanning 09/2014

har Utdanningsforbundet et utspill om å fjerne

elever som er skeptiske til menneskeskapte

klimaendringer. I Dagsavisen står det: «Mange

elever går ut av skolen som klimaskeptikere.

Det må det bli en slutt på, mener Utdan-

ningsforbundet»: dagsavisen.no/samfunn/

gar-ut-av-skolen-som-klimaskeptikere/

Denne saken har jeg omtalt i Dagsavisen 25.

april, og Utdanning 11/2014. Jeg oppfattet denne

saken som så graverende at jeg henvendte meg

til Kunnskapsdepartementet, med spørsmål om

hvordan de så på dette utspillet fra Utdannings-

forbundet. Her er svaret:

http://www.climome-

trics.org/14kdutda.jpg

Det er altså ingen tvil: Utdanningsforbundet

bryter formålsparagrafen i norsk skole, når de vil

fjerne elever som er skeptiske til klimaendrin-

gene, slik de fremstilles i norsk skole.

Stikk i strid med formålsparagrafen, der det

heter:

« … skolen har en viktig oppgave i å bidra til at

elevene utvikler sin evne til å vurdere, drøfte og

reflektere over informasjon fra ulike kilder. Slik

praksis er i tråd med skolens formålsparagraf,

hvor det står: «Elevane og lærlingane skal lære å

tenkja kritisk, og handle etisk og miljøbevisst».

Dette er også fulgt opp i skolens læreplaner …»

ønsker Utdanningsforbundet elever som blir

passive tilskuere til samfunnsspørsmål og sam-

funnsutviklingen. Forbundet ønsker å bli kvitt

selvstendige elever, som tar stilling til sakene,

basert på egne vurderinger av ulike kilder. Slike

elever vil Utdanningsforbundet sette en stopper

for!

Mine spørsmål til Utdanningsforbundet:

Hvordan har dere tenkt å oppfylle formålspa-

ragrafen, og samtidig fjerne skeptiske elever i

skolen? Basert på forbundets utspill i Dagsavisen

og Utdanning, hva slags elever er det dere ser for

dere i fremtidens samfunn?

Er det virkelig riktig at dere foretrekker pas-

sive tilskuere, elever som ikke er i stand til å tenke

selv, og som er avhengig av at skolen og læreren

forteller hva de skal tenke og mene?

Dette brevet er sendt Utdanningsforbundet.

Erik Bye

|

dr. philos. i kjemi

Utdanningsforbundet bryter formålsparagrafen

i norsk skole!

Der ein tidlegare

lett kunne finne synleg

nynorsk på regjeringas nettstad, er denne

no forsvunnen. Noregs Mållag reknar med

at dette blir ordna opp i snarleg.

ILL.:

SKJERMDUMPAVREGJERINGEN.NO

Har dumykje på hjartet?

Det er du ikkje åleine om. Utdanning tek imot store mengder kortare og lengre debatt-

innlegg, innspel og kronikkar. Men det er trongt om plassen. Difor går det ofte lang tid

før tekstane kjem på trykk, nokre gonger så lang tid at dei vert uaktuelle. Vårt tips er:

Skriv kort! Held du debattinnlegget ditt på under 2500 teikn (inklusive mellomrom), er

sjansen større for å få plass. Redaksjonen set retten til å kutte i innlegga som vilkår.

For innlegg på innspelplass er lengda 3000–10.000 teikn, og kronikkar kan ha ei lengd

på mellom 12.000 og 17.000 teikn.

Redaksjonen tek imot debattstoff på denne adressa:

debatt@utdanningsnytt.no