Table of Contents Table of Contents
Previous Page  52 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 52 / 72 Next Page
Page Background

SOGNDAL

Ofte vel ungdomsskuleelevar eit yrkesfag på eit for tynt grunnlag.

Samarbeidmellomskuleslaga i ulike kommunar for å rettleie elevane skjer

truleg for tilfeldig, meiner Ann Karin Sandal ved Høgskulen på Vestlandet.

TEKST

ARNE SOLLI / SCRIBEO

Rundt rekna ein tredel av yrkesfagele-

vane fell frå og fullfører dermed ikkje

opplæringa. Berre 40 prosent av eleva-

ne fullfører på normert tid. Ifølge Ann

Karin Sandal kan ei av årsakene vere at

ungdomsskuleelevane veit for lite om

yrkesfaga når dei skal inn i vidaregåande

opplæring. Dette forklarar ikkje alt, og

det er mange årsaker til fråfall frå yrkes-

faga. Sandal seier ungdomsskulelevane

ikkje alltid får god nok rettleiing om kva

som ventar dei i vidaregåande opplæring.

Sandal er førsteamanuensis ved

Institutt for lærarutdanning, Høgsku-

len på Vestlandet, campus Sogndal. I

2014 tok ho doktorgraden på temaet

Elevperspektiv på utdanningsval. Ho

har undersøkt grunnlaget for korleis

ungdomsskulelevar vel.

– Grunnen til at mange unge vel

eit yrkesfagleg utdanningsprogram, er

ofte at dei er leie av teorifag. Nokre tek

eit anna førsteval enn dei elles ville ha

gjort om dei må flytte på hybel, seier

Sandal til Yrke.

– Alle elevar vel oftast ut frå sine

fritidsinteresser, når vi ser på kva inter-

esser har å seie for valet deira, seier ho.

SOSIALE FORHOLDA

I tillegg er erfa-

ringar med eigne praktiske ferdighei-

ter, den enkeltes bevisstheit om eiga

meistring av kroppsleg og skapande

arbeid, og den enkeltes framtidsper-

spektiv på arbeidsmarknaden, med

på å bestemme kva slags vidaregåande

opplæring guten eller jenta søker seg

til. Men framleis vel dei utan å ha god

kjennskap til kva fag dei møter på yr-

kesfag, og utan å ha god kjennskap til

at dei skal arbeide vidare med mange

såkalla teorifag, det vil seie fellesfag.

– Ei undersøking viser at svært få

elevar relaterer faga i ungdomsskulen,

sommatematikk, naturfag, norsk eller

engelsk, med yrkesfaga i vidaregåande

opplæring, seier Sandal. – Dei få ele-

vane som faktisk ser nytta av faga i

ungdomsskulen for ei framtidig utdan-

ning i eit praktisk yrke eller handverk,

er også dei elevane som er bestemte

og tydelege i vala sine, ifølge den same

undersøkinga.

NEGATIVT VAL

For mange ungdoms-

skuleelevar blir valet av eit yrkesfag eit

negativt val i den forstand at det ikkje

er eit positivt, det vil seie eit ønska val

Ann Karin Sandal seier faget «utdannings-

val» treng meir differensiering, og elevane

må få betre moglegheiter til hospitering og

kontakt med arbeidslivet, enn kva som er

tilfelle i dag.

Foto: Tone Takvam Uglum / HVL

Førsteamanuensis:

— Elevane vel yrkesfag

på for tynt grunnlag

Foto: © fotolia.com

52

YRKE

1 • 2017 / 61. årgang

NYHETSREPORTASJE