Table of Contents Table of Contents
Previous Page  53 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 53 / 72 Next Page
Page Background

– igjen fordi elevane ikkje veit kva dei

vil, og ikkje får god nok rettleiing. Dei

treng å vite meir om yrkesfaga, men dei

veit at dei ikke vil gå på studieforbere-

dande.

– Fagleg sterke elevar vurderer både

studieforberedende og yrkesfaglege

utdanningsprogram i vidaregåande,

medan dei fagleg svake ikkje ser andre

moglegheiter enn ei yrkesfagleg utdan-

ning, seier Sandal. Ho meiner at for dei

fagleg svake ligg det her eit grunnlag for

nederlag i vidaregåande skule.

Det blir ofte ytre-motiverte val.

Guten vel det same som kameraten,

eller fordi det er dette dei næraste vi-

daregåande skulane kan tilby. Eller mor

og far seier nei til eit val som inneber eit

liv på hybel. Det blir ikkje så ofte indre-

motiverte val, det vil seie val ut frå ei

genuin interesse for faget. Her er det

ifølge Sandal ikkje samsvar mellom det

ho kallar rasjonaliteten i skulesystemet,

med ei tenking prega av det lineære, og

ein ungdomsalder prega av usikkerheit,

søking og utprøving.

UTDANNINGSVAL

Ungdomsskulen

fekk faget «utdanningsval» i 2008. Fa-

get er meint å hjelpe elevane til å velje

betre ved overgangen til vidaregåande

skule. I 2012 kom Rapport 28/2012: Ut-

danningsvalg som fag og utfordring på

ungdomstrinnet frå Nordisk institutt

for studier av innovasjon, forskning og

utdanning (NIFU). Rapporten viser at

Vg1-/10. trinn-elevar med lågt karakter-

gjennomsnitt og Vg1-elevar med mino-

ritetsbakgrunn er mest fornøgde med

faget «utdanningsval».

Men rapporten viser også at faget

framstår som uklart og diffust for

mange elevar, som til dømes ikkje ser

samanhengane i avsnitt som «Om egne

valg» og «Min framtid».

Ungdomsskulelærarane er også kri-

tiske til faget, dei meiner blant anna at

det krev for mykje sjølvrefleksjon som

elevane ikkje er modne nok for.

Sandal peikar på det rapporten seier

om blant anna manglande kompetanse

i skulen: – Eg trur mykje av grunnlaget

for utfordringar i overgangen mellom

ungdomsskule og vidaregåande opplæ-

ring, og svakt grunnlag for å velje, ligg

der. Lærarane kan fortsatt for lite om

yrkesfag og om ulike yrke.

–Faget «utdanningsval»

inne-

ber å

gi elevane relevant rettleiing.

Skjer dette?

– Ut frå det eg høyrer rundt om i

mitt fylke og nabofylka (vestlandsfylka,

journ.s merk.), ser det ut til at skulane

samarbeider meir no om overgangen

enn tidlegare. Men det verkar òg som

at det er forskjellar mellom kommunar

og ulike ungdomsskular sin kontakt

med vidaregåande skule, så det kan

tyde på at arbeidet kan hende er lite

systematisert. Det dreiar seg meir om

lokale avtalar mellom skular.

Sandal seier ho har tru på faget, men

ho meiner kompetansen til dei som

skal formidle faget må aukast, i tillegg

treng faget meir differensiering for å

fange opp ulike behov hos elevane, og

det trengs meir hospitering og kontakt

med arbeidslivet enn i dag.

– Det siste er kanskje det mest ver-

difulle for elevane, samstundes som det

per i dag er minst utvikla, seier Sandal.

Ønsker strammare retningslinjer

MOLDE

– Faget «utdanningsval» blir praktisert ulikt frå skule

til skule og frå kommune til kommune, sier RoseMari Skarset,

seksjonsleiar i utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal

fylkeskommune.

Ho seier likevel at såkalla karriererett-

leiing i grunnskulen er eit satsingsom-

råde i fylket.

Ho skulle gjerne sett at retningslin-

jene for faget var strammare enn dei er

i dag, blant anna med timeplanfesting

og med strengare kompetansekrav til

lærarane som skal bruke faget.

Når dei kjem til vidaregåande skule,

er yrkesfagelevane ifølge Skarset like-

vel godt fornøgde med den rettleiinga

dei får, og meir fornøgde enn elevane

på studieforberedande utdannings-

program.

Fleire fullfører

SOGNDAL

– Fleire enn før fullfører

den vidaregåande opplæringa, også

innan yrkesfaga, enn før, seier team-

leiar i skule, Kenth Rune TeigenMå-

ren, i opplæringsavdelinga i Sogn og

Fjordane fylkeskommune.

Men har faget «utdanningsval» æra for

det? Han er usikker på kva grunnsku-

lar og kommunar fyller faget med, og

derfor usikker på om ein høgare gjen-

nomføringsprosent i vidaregåande

opplæring kjem takka vere faget. Tei-

gen Måren seier til Yrke at fylkeskom-

munen har gjennomført ei rekke tiltak

for å betre gjennomføringa blant yrkes-

fagselevane, som nettverkssamarbeid

mellom skulane og det lokale nærings-

livet, dialogmøte med kommunane om

grunnopplæringa, og tett oppfølging

av skulane og praksis i klasserommet.

YRKE

1 • 2017 / 61. årgang

53

NYHETSREPORTASJE