Table of Contents Table of Contents
Previous Page  8 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 8 / 60 Next Page
Page Background

8 |

UTDANNING

nr. 20/25. november 2016

TEKST

KirstenRopeid

|kr@utdanningsnytt.no

Auken i rett til barnehageplass krev

fleire plassar. Dei 200 millionane

skal nyttast til å byggje desse

plassane, heiter det i budsjettet.

Vidare vil Arbeidarpartiet bruke

100 millionar på å framskunde regje-

ringa sine planar om bemannings-

norm i barnehagane.

– Kvifor har de så dårleg tid på

dette punktet?

– Vi må byggje oss opp til at

bemanningsnorma blir gjeldande

i 2020. Om vi ikkje førebur dette

betre enn det regjeringa legg opp

til, rekk vi det ikkje, seier nestleiar

i Arbeidarpartiet, Trond Giske, til

Utdanning.

For grunnskolen er det dyraste

tiltaket å føre inn att dei 600 lærar-

stillingane i ungdomsskolen som

regjeringa har kutta. Dette står

oppført med ein kostnad på 169,3

millionar i det alternative budsjettet

for 2017.

– Det er i praksis berre eit halv-

årsbudsjett. På årsbasis må vi doble,

seier Giske.

– I alt legg vi opp til å bruke ein

milliard kroner meir på lærarar enn

det regjeringa legg opp til, seier han.

Dessutan vil Arbeidarpartiet

bruke 104 millionar på ein lese,–

skrive òg reknegaranti.

Arbeidarpartiets alternative statsbudsjett

Vil ha fleire eittåringar i barnehagen

Aktuelt

Fagskolen

Studenter ønsker

løft for fagskolen

Organisasjon for norske fagskolestudenter

(ONF) vil fremme en nasjonal opptrappingsplan

for studieplasser i fagskolen for å møte framti-

dens behov for fagskoleutdannede. Studentene

mener det er behov for en selvstendig yrkesfaglig

høyere utdanning som baserer seg på erfarings-

kunnskap og utviklingsarbeid.

– Vi ønsker å styrke fagskolens egne yrkesfag-

lige kvaliteter og mener det best lar seg gjøre ved

å etablere fagskolen som et likeverdig studietil-

bud med annen høyere utdanning, sier ONF-leder

Silje Kjørholt etter landsmøtet 4.-6. november.

©NTB

Arbeidarpartiet vil ha

fleire eittåringar

i barnehagen. Det er det dyraste posten

på partiets alternative statsbudsjett.

ARKIVFOTO

ERIKM.SUNDT

– Nokon stor auke er det jo ikkje, seier Elling

Myren, leiar for opplæringskontoret i Nord-

Helgeland, om at Arbeidarpartiet vil bruke 175

millionar kronar meir på lærlingtilskot enn det

regjeringa legg opp til.

Arbeidarpartiet vil i alternativt statsbudsjett bruke

300 millionar kroner meir enn regjeringa på yrkesfag.

– Løyser ein mangelen på læreplassar med

høgare lærlingtilskot til verksemdene?

– Halvparten av verksemdene har meldt at

høgare tilskot er viktig for å ta inn lærlingar.

Vi trur òg at betre kontakt mellom skulane og

næringslivet kan gje fleire læreplassar. Det vil

styrke erkjenninga av at læreplassar er eit felles

samfunnsansvar. Difor ønskjer vi praksisplassar

i næringslivet for elevane også i åra før lære-

tida, og vi har sett av 20 millionar kronar til det,

seier stortingsrepresentant Martin Henriksen til

Utdanning.

Utdanning spør leiar for opplæringskontoret i

Nord-Helgeland, Elling Myren, om kva ein auke på

175 millionar kroner tyder. Han nyttar tal for Rana

kommune og grovreknar:

– Mellom 3000 og 3500 kroner per lærling per

år, svarar han.

– Skapar det fleire lærlingeplassar?

– Det inneber ei positiv utvikling, og alle moner

drar. Men stor auke er det ikkje. Lærlingtilskotet

per elev vil auke frå 141.566 til 145.066 kroner,

seier Myren, som gjentek at utrekninga hans er

grovrekning.

Vil auke lærlingtilskotet

Den største posten på Arbeidarpartiet sitt

alternative statsbudsjett er 200 millionar

kroner, som skal gi barnehageplass til

eittåringar fødde før nyttår.