Table of Contents Table of Contents
Previous Page  46 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 46 / 68 Next Page
Page Background

46 |

UTDANNING

nr. 14/8. september 2017

Innspill

I ein 30-årsperiode

har trua på «testskulen»

vore rådande med sentrale stikkord som grunn-

leggjande ferdigheiter, nasjonale prøvar, sterke rop

om meir IKT og med eit PISA-regime som over-

skyggjande ris bak spegelen for å nemna nokre

grunndrag. Mykje tyder på at dette har represen-

tert eit blindspor. Den grovmaska analysen syner

at nasjonale og internasjonale testresultat endrar

seg lite, framleis kjenner mange på at dei er på

etterskot i digitaliseringa, vonde mobbehistorier

bryt seg jamt til overflata, mange elevar slit med

psykiske vanskar og droppar ut or skuleløpet, og

lærarar opplever energitapping gjennom doku-

mentasjonskrav og uønskt elevåtferd samstundes

som det reelle handlingsrommet deira snevrar seg

inn. Kva bør så vera den nye vegen?

Enkelt sagt, den som fører til oppfylling av

skulen sitt samfunnsmandat om å gjera elevane

til gagns menneske i heim og samfunn. No kan

det med rette hevdast at fleire vegar fører dit. I det

følgjande vil eg dela tankar om det eg meiner er

kjernepunkt i utviklinga av framtidsskulen, i før-

ste rekke med tanke på grunnskulen.

Først det å ta heile mennesket i bruk gjennom

undervisninga; aktivera elevane sine ibuande

evner og interesser og gjennom det skapa og sti-

mulera til livslyst og framtidstru. Det er oppfyl-

linga av den generelle læreplanen som har vore

garantisten for å få til dette. Difor er det urovek-

kjande å registrera den kraftige nedtoninga av dei

estetiske faga dei siste tiåra, der satsing på grunn-

leggjande ferdigheiter og det målbare har vunne

fram. I praksis er store delar av den stortingsved-

tekne generelle planen sett ut av kraft utan at nye

vedtak er fatta.

I staden har marknadsstyrte signal frå OECD tatt

over. Med tanke på det å skapa gagns menneske for

omskifteleg framtid, er det tvilsam og kortsiktig

satsing. Etter mitt syn er det betre resept å blank-

pussa det pedagogiske danningsidealet som legg

til grunn at born utviklar seg til gagns menneske

gjennom samhandling i arbeid med lærestoff og

oppgåver som utfordrar heile dei; som har vari-

erande miks av praktisk og teoretisk arbeid, som i

tillegg til innlæring av grunnleggjande ferdigheiter

gir stort rom for leik og oppleving i det litterære

landskapet, til eventyr og kreative utfordringar

med tre og leire. Det fordrar mellom anna større

andel praktisk arbeid i skulen som kan engasjera

fleire elevgrupper, ikkje minst i ungdomsskule-

løpet, og som vidare kan skapa meiningsfull veg

med gnist mot framtidig yrkesdeltaking. Den

tydelege teoridreiinga på 1990-talet som hadde

intensjon om kollektiv kunnskapsheving av

elevmassen, har derimot ført mange ut i teoretisk

ørkenvandring der skuledrop og Nav-kontor blei

endestasjon. Det er blitt nærast livsviktig å bryta

slike vonde sirklar. Me ser fram til ny læreplan og

revitalisering av den generelle delen.

Eit anna kjernepunkt knyter seg til teknologi.

Generelt er tida fylt av teknologioptimisme. I stor

grad gjeld det også for skulen. Digitalisering blir

boren fram av bølgje med tru på auka læring,

betra økonomi og effektivitet og opnar for uen-

delege moglegheiter; men fungerer ofte meir som

mål enn verdfullt verktøy. Med tanke på skule og

undervisning og utvikling til gagns menneske kan

det bli eit fleiregga sverd som lett kan maktstela

og pulverisera eit målretta undervisingsløp. Med

utgangspunkt i historier knytte til sosiale media

og digitale mørke rom, synest det vera viktigare

enn å ta inn over seg endelause moglegheiter det å

kunna avgrensa og klårgjera kva me har behov for

og ønskjer å bruka frå det digitale tilbodet.

Med tanke på menneskeleg kontakt, språk-

utvikling, og framsteg har dette så langt bygt

på følgjande tre hovuddrivarar: Munnleg kom-

munikasjon, skriftleg kommunikasjon og kom-

munisering ved hjelp av teknologi. Medan det

munnlege gjennom lang tid hadde forrang, tok

etter kvart skriftleg kontakt over. I dag opplever

me at teknologien tek over og påverkar språk og

samfunnsutvikling. Med tanke på å nå det spekta-

kulære og å få til god gjennomføring etter effektive

og økonomiske kriterium, ligg det fleire positive

gevinstar i denne potten. Men korleis stiller det

seg når perspektivet er å utvikla gagns menneske

der det i tillegg til å gjera gagnlege oppgåver også

i stor grad spørst om å vera medmenneske? Då er

neppe fulldigitalisering rette medisinen som fører

til eit samfunn med mindre mellommenneskeleg

kontakt.

Det tredje kjernepunktet handlar om lærarkom-

petanse. Med tanke på at skule i stor grad dreier

seg om den skulekvardagen som relaterer seg til

arbeid og kontakt mellom lærar og elev, blir det

naturleg å styrkja den praktiske biten av skule-

arbeidet. Lang erfaring viser at ein suksessfaktor

for læraren er å kunna «erobra» klasserommet og

vera dynamisk sjef der. Ut frå det bør lærarutdan-

ninga i større grad enn no leggja vekt på å styrkja

praksisfeltet. I eit slikt perspektiv framstår obliga-

torisk mastergrad som framhald på ei teoretisering

skulen bør sparast for.

«Me ser fram

til ny læreplan

og revitalisering

av den generelle

delen.»

Framtidsskulen

Lars Olav Fatland

pensjonert rektor

FOTO

PRIVAT

Kva slags spor skal framtidsskulen

utvikla seg langs? Dette aktuelle

spørsmålet har prega skule-

debatten det siste året.