Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  28 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 28 / 68 Next Page
Page Background

28 |

UTDANNING

nr. 6/20. mars 2015

Alle

får vere

med i leiken!

Trivselsleiarar med effektiv mobbemedisin:

Reportasje

Trivselsprogrammet skal fremje auka og meir

variert aktivitet i langfriminutta, legge til rette for

at elevar skal kunne bygge gode venskap, redusere

konfliktar og fremje inkludering, vennskap og

respekt.

Programmet dekker 4.–10. trinn.

Skular i 160 kommunar er med.

Trivselsleiarane får opplæring i regi av

Trivselsprogrammet.

Trivselsprogrammet vert drive etter ein nett-

verksmodell der skular som ligg nær kvarandre,

er i samme nettverket.

Kjelde: Trivselsprogrammet

Trivselsprogrammet

Skulemiljøet vert betre når elevar

passar på at ingen vert haldne

utanfor.

TEKSTOGFOTO

IngebjørgJensen

«Ka var det dokkar ikkje skjønte?»

Sofie

Gjertsen Langhelle, elev ved 7. trinn på Olsvik

skole i Bergen, vil sikre seg at alle har forstått. Ho

har vore ein av «vertane» på Trivselsprogrammets

leikekurs denne vinteren. Og tilhøyrarane, dei vil

alle bli trivselsleiarar på sin skule.

250 ivrige trivselsleiarar frå åtte barneskular er

samla i Haukelandshallen i Bergen denne dagen.

På nokre formiddagstimar skal dei få prøve ut ti

leikar med enkelt utstyr – leikar som dei sjølv kan

sette medelevane i gang med når dei kjem tilbake

til skulen sin. Der har dei ansvar for utstyret, orga-

nisering av leikane, og ikkje minst, sørgje for at

også elevar som elles står åleine, får røre på seg

eller gjere noko saman med andre i storefri.

Rundt 66 skular i byen er no med i programmet.

Då programmet starta i 2010, var 27 skular i Bergen

med. To år etter var dei 48. No er Trivselsprogram-

met også på veg inn i barnehagane.

Mindre mobbing

Sjølv om den kvalitative suksessen til programmet

er vanskelegare å måle, finst det klare teikn på at

trivselsprogrammet har ein god biverknad: Min-

dre mobbing og utestenging. 92 prosent av triv-

selskontaktane på 423 trivselsskular (48 prosent

av alle), svara. Dei er samde eller svært samde i

at trivselsprogrammet har redusert mobbinga på

Danseglade gutar:

Frå venstre Jon Berisha, Ole–Kristian Bildøy, Benjamin H. Breisnes og Oliver K. Herdlevær frå

Loddefjord skole.