Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  30 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 30 / 68 Next Page
Page Background

30 |

UTDANNING

nr. 6/20. mars 2015

Reportasje

mobbar, får ikkje vere trivselsleiar. Det er heller

ikkje berre dei populære som blir valde. Læra-

ren kan ta inn dei som treng det, som treng å bli

verdsett. Det er spesielt viktig at førsteklassingane

får vite at det er ein trivselsleiar i storefri, og stas

når ein trivselsleiar kjemmed bøtter og spade for

å hjelpe dei med sandkassebygginga. Nokre av

dei minste vil gjerne halde dei i handa. Ikkje alle

elevar vil vere ute og springe: Til dømes på ung-

domsskulen vil nokre spele sjakk eller teikne. Det

må vi akseptere, seier Haugsdal.

– Kva når skular melder seg av fordi dei må spare og

satsar på å drive aktivitetane vidare sjølv?

– Dei får gjerne problem når eldsjelene for-

svinn. Då er det fare for at aktivitetane døyr ut. Vi

sørgjer for påfyll gjennom nettverkssamlingar og

kurs, seier Haugsdal.

– Vil hjelpe dei som går åleine

I Haukelandshallen er elevane i gang med dei fem

første leikane. Det er ikkje alltid trivselsleiar-spi-

rene får med seg instruksjonane når dei lågmælte

instruksjonane druknar i lyd frå hallen. Resultatet

viser seg i «svensk stikkball»: I staden for å setje

seg ned når dei har kasta ein ball som ikkje blir

gripen, blir mange ståande. Men mykje blir retta

opp av vertane undervegs.

Fem elevar frå Damsgård har samla seg rundt

matpakka før siste leikeøkt. Dei fire jentene har

alle vore trivselsleiarar før, men alle fem veit kvi-

for dei vil vere trivselsleiar: Audun Åre Østenstad

legg vekt på at det er gøy å sette i gang aktivitetar

for andre, medan Elin Sveindal Haugland blir mest

motivert av å hjelpe dei som går åleine. Får dei

nei, kvir dei seg til å spørje igjen neste dag, seier

jentene. Men alle har opplevd at dei fleste som går

åleine, vil vere med om dei blir spurd fleire gongar.

Aktivitet = mindre konflikt

Lene Hundvin er trivselsansvarleg for 1.–4. trinn

på Kjøkkelvik skole og koordinator for skulane i

Fyllingsdalen/Laksevåg bydel. Der er til saman 15

av 17 skular med i Trivselsprogrammet. Ho opp-

lever veldig få problemmed trivselsprogrammet:

– Lærarane har lenge ønska meir styrte akti-

vitetar i friminutta, utan at vi blir så bundne opp

med å styre og drive aktivitetane. Eg ser at dei etter

kvart blir veldig sjølvdrivne og veldig opptekne av

å få med seg dei som står åleine. Berre i starten må

vi vaksne trå meir til. Dei andre elevane er merk-

same på at det er trivselsleiarane som styrer og vel

leik og utstyr, seier Hundvin, som ser at det gjerne

er førsteklassingane som strevar mest med å følgje

reglar. Men det kjem seg etter kvart som dei får

meir trening i å gå på skule.

Hundvin og ser stor skilnad på før og etter triv-

selsprogrammet kom til skulen:

– Før var det mykje meir konfliktar å nøste opp

i etter friminutta. Når elevane blir aktivisert, blir

det mindre konflikt. I pausar mellom trivselsleia-

rar blir elevane meir rastlause og vi opplev fleire

konfliktar. Då kjemmange elevar og masar på oss:

«Kor tid skal vi starte opp igjen?»

Amøben:

Leikevertane frå Olsvik skole, Sofie Gjertsen Langhelle og Stefan L. Minde,

viser dei nye trivselsleiarane korleis dei skal leike «amøben». I bakgrunnen: Lærar Robin

Swensen og treningsleiaransvarleg Mari N. Bolstad frå Nygårdslien skole.

Gøy med stressball:

Jørgen A. Lamo, Damsgård skole (nærast) har klart å ta imot ballen

utan at skulekamerat Sayma Haque fekk tak i han. I motsett retning går ein annan

«stressball».

Stein, saks og papir:

Kristoffer Andreassen frå Nygårdslien skole (t.v.) møter Shaun C.

Hausvik frå Kjøkkelvik til duell.

– Om det blir mindre mobbing,

er vanskeleg å måle. Men eg ser mindre henging i fri-

minutta og fleire sunne aktivitetar, seier lærar Kjell Arne Nygård frå Rolland skole.

Saman med assistent Randi Hamre og elevane Morten Losnedahl fremst t.v.).

Christoper Dincan, Nicolas Stenestø Berge og Emil Kleiveland Nordanger.