Table of Contents Table of Contents
Previous Page  66 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 66 / 72 Next Page
Page Background

66

YRKE

4 • 2016 / 60. årgang

«Det er viktigmed god orden og åtferd for vidare utdanning», «framtidig arbeidsgivar vil sjå

på din orden og åtferd», kjende sitat for mange elevar frå lærarar og foreldre. Men kor viktig er

orden og åtferd eigentleg når alt kjem til alt? Og omdet er så viktig, burde det ikkje då hameir

fokus i skulen?

AV

YVONNE SJÅSTAD

yrkesfaglærer på helse- og oppvekstfag

KVA STÅR I LOVA? FAGLIG KOMPETANSE

Til og byrja med

skal vi sjå på kva som står om vurdering i «Forskrift til opp-

læringslova». I skulen er ein god vurderingspraksis i fag eit

fokus. Frå åttande klasse blir elevane vurdert med talkarakter

i ulike fag, i form av formativ og summativ vurdering. Talka-

rakter settast med karakter 1-6, der karakter 1 uttrykker svært

låg kompetanse i faget, medan karakter 6 uttrykker at eleven

har, som forskrifta beskriv; «…framifrå kompetanse i faget».

ORDEN OG ÅTFERD

Samtidig som elevanes kompetanse i

faget blir vurdert, skal ein i dag også vurdere orden og åtferd.

Tilbake da eg gjekk på ungdomskule fekk vi høyre at god or-

den og åtferd var viktig for vidare utdanningsløp og på vida-

regåande var det viktig med god orden og åtferd med tanke

på vegen vidare i arbeidslivet. Dette tolkar eg var fordi orden

og åtferd sei noko om oss som menneske, våre eigenskapar

og kvalitetar, kanskje nesten i større grad enn karakterane? I

«Forskrift til opplæringslova» står det at vurdering av orden

hos eleven er knytt til om han/ho er forberedt til under-

visinga, har med det han/ho treng, er punktleg, har gode

arbeidsvanar og god arbeidsinnsatsen. Vurdering i åtferd blir

målt opp mot korleis eleven ter seg ovanfor medelevar, læra-

rar og andre tilsette. Det blir ikkje gitt talkarakter i orden og

åtferd, men karakterane; god (G), nokså godt (NG) eller lite

godt (LG). Når eleven skal vurderast i orden og åtferd skal

Kor viktig er vurdering av orden og åtferd?

Burde det ha meir eller

mindre plass i skulen?

Illustrasjonsfoto: fotolia.com

FAGARTIKKEL