Table of Contents Table of Contents
Previous Page  67 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 67 / 72 Next Page
Page Background

YRKE

4 • 2016 / 60. årgang

67

det gjerast ut frå ordensreglementet til den enkelte skulen,

som regulerer elevens rettigheiter og plikter på skulen. Ved

fare for standpunktkarakter NG eller LG skal elev og/eller

føresette varslast skrifteleg. Ved karaktersetting i orden og

åtferd kan ein ikkje stryke slik som i faglig kompetanse, men

det gir likevel eit utslag, kanskje i verste fall eit slags stempel

som «ein umulig elev»?

ELEVANES PERSONLEGE KOMPETANSE

Vidare vil eg drage

fram noko av det som står i teorien om personleg kompe-

tanse, sidan det er nettopp det som blir vurdert i orden og åt-

ferd. Skau skriv at personleg kompetanse omhandlar korleis

vi er som person, aleine eller i samspel med andre menneske.

Det handlar om våre grunnleggande verdiar, haldningar og

væremåte. Dette i samsvar med det som blir vurdert i orden

og åtferd. Ekelund skriv at viktigheita av denne personlege

kompetansen er vesentlege for yrkesutøvarar innan om-

sorgsyrker, nettopp fordi ein sjølv er den viktigaste brikka

i yrkesutøvinga.

Elevar på Vg1 helse- og oppvekstfag har alle valt ei ut-

danning som fører til yrker der ein arbeidar tett på andre

menneske, der dei er den viktigaste brikka som bidreg til

ein god kvardag for den enkelte gjennom yrkesutøvinga.

Personlig kompetanse er derfor ein viktig del av kompetan-

sen elevane bør inneha, eller utvikle gjennom utdanninga.

Men kva kvalifikasjonar består den personlege kompetansen

av? Ekelund skriv i si bok om nøkkelkvalifikasjonar. Desse

nøkkelkvalifikasjonane består av; «…evne til omsorg og

empati, respekt for menneskeverdet, samarbeidsferdigheter,

evne til kommunikasjon og etisk bevissthet». Her kan vi sjå

ein samanheng mellom Skau sin beskriving av personleg

kompetanse, og Ekelund sin beskriving av nøkkelkvalifika-

sjonar. Verdiar og haldningar er ein del av oss som ikkje er

så synlege, men dei kjem til syne gjennom dei mellommen-

neskelege relasjonane våre. Verdiane er nært knytt opp til vår

kultur, og i lys av dette er vi alle forskjellige. Væremåten mot

andre menneske gjenspeglar vår grad av omsorg, empati,

respekt, vilje til å kommunisere og samarbeide med andre.

SJØLVREGULERING

«Ludvigsen-utvalet» har sett nærmare

på om karakterane i orden og åtferd burde avskaffast etter at

forsking tyder på at det blir ein slags stempling av elevane,

i staden for stimulering for kompetanseutvikling. Rege tek

fram at i ungdomstida er evna til sjølvregulering i ei utfor-

drande fase for ungdommen sidan mange ikkje tenker på

konsekvensane, men lever i augeblikket. Sjølvregulering er

ein del av relasjonskompetansen til elevane, om korleis vi

samhandlar med menneska vi møter i vår yrkessamanheng.

Sjølvregulering handlar om at vi må vere villige til, og ha

evne til å skape vårt liv/identitet i samhandling med andre

og samfunnet rundt oss. Røkenes og Hanssen skriv at «Men-

nesket blir sett på som en aktiv medskaper til sitt eget liv».

Når ein ser slik på det er kanskje ikkje karakter i orden og

åtferd hensiktsmessig for ungdommen. Når eleven som skal

være aktiv, å skape sin identitet, men stadig blir trua med

nedsett orden eller åtferd på grunn av sine haldningar, ver-

diar eller væremåte kan det gi negative konsekvensar. Rege

viser også til at sjølvregulering er viktig for den faglige delen

i skulen. Så i ytterste konsekvens, om vi begrensar elevanes

sjølvregulering ved bruk av karaktersetting i orden og åtferd

kan det gi negativ verking også på den faglige delen. Dette

kjem i konflikt med vårt mål med vurderinga som er å gi

eleven noko å jobbe framover med, ikkje å begrense eleven.

Vygotsky sin proksimale utviklingssone beskriv dette ved

at vi gir eleven mål som er litt, men ikkje for langt utanfor

hans/hennar rekkevidde, og vi som lærarar skal vere der å

støtte dei mot målet.

FRAMTIDAS SKULE

Vidare kom det i «NOU 2015:8 Frem-

tidens skole» fram at karaktersetting i orden og åtferd kan

bli brukt som ein sanksjon, i staden for eit virkemiddel for å

støtte elevens utvikling. Vurdering i orden og åtferd handlar

om at lærar, og ofte eit utval ulike lærarar skal vurdere eleva-

nes personlege kompetanse og eigenskapar som er nemnde

ovanfor. Dette kan skape ujamnheiter både på grunn av tid-

ligare nemnt ungdomstid med lite sjølvregulering og lita

konsekvenstenking blant ungdommen. Men vi må også vere

bevisst vi som lærarar, og vår personlege kompetanse, våre

verdiar, haldningar og væremåtar kan påverke elevane, og

dermed gi utslag på deira væremåte. På grunn av dette kan

korleis vi vurdere orden og åtferd bli veldig ulikt når vi ikkje

har noko meir konkret og forhalde oss til. I «NOU 2015:8

Fremtidens skole» kjem det fram at ved fornying av lære-

planverket bør dialog om utvikling av orden og oppførsel

vurderast i ein samanheng med vurdering i faga.

EIN REFLEKSJON RUNDT VEKTLEGGING AV PERSONLEGE

EIGENSKAPAR

Vidare vil eg ta med ein tanke eg har gjort

meg sjølv, i ein prosess med jobbsøking. I dei aller fleste

stillingsannonser står det; «Personlege eigenskapar blir

vektlagde». Rundt dette har eg forsøkt å reflektere over kva

personlege eigenskapar som er viktig for ulike yrker. Søker

du på politihøgskulen står der ei lang liste med personlege

eigenskapar du må ha, men eg kan ikkje hugse å ha sett ei

slik liste for mi utdanning. Eg har heller ikkje sett ei slik liste

når eg har våre ute som lærarstudent, ei liste over person-

lege eigenskapar eg skal sjå etter hos elevane, fordi dei skal

vurderast i desse. Når ikkje noko slikt ligg til grunn, korleis

skal vi få til ei rettferdig vurdering med karakter G, NG, LG.

Er det merknadane for mobilbruk og banning i timen som

FAGARTIKKEL