Table of Contents Table of Contents
Previous Page  14 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 14 / 100 Next Page
Page Background

■■

av gunvald

skeiseid

KS har ikkje gitt opp ambisjonane om å binda meir av arbeidstida til lærarane, ut

frå ein argumentasjon om at elevane vil læra meir på denne måten. Men det kan

bli ei utfordring å dokumentera ein samanheng mellom meir bunden arbeidstid og

læringsresultat. Det KS har lagt fram til no, er ikkje godt nok.

KS fekk ikkje gjennomslag for kravet ommeir bin-

ding av lærarane si arbeidstid til arbeidsplassen, i

avtalen som vart forhandla frammed lærarorgani-

sasjonane etter lærarstreiken sommaren 2014. KS

stod likevel på sitt: «Vi mener fortsatt at lærernes

tilstedeværelse på skolen er et viktig punkt for å

skape et godt læringsmiljø», sa styreleiaren i

KS etter at avtalen var underskriven.

1

Forhand-

lingane skulle halda fram og relevant kunnskap

og forsking hentast inn, ifølgje protokollen, som

forplikta partane til å greia ut framtidig organise-

ring av arbeidstida i skuleverket innan utgangen

av 2017.

2

Siste ord er ikkje sagt om lærarane sine

arbeidstidsordningar.

KS sin argumentasjon for meir binding av ar-

beidstida blei presentert i debattinnlegg, intervju

og ein serie nyheitsbrev i tida november 2013 til og

med august 2014. Ein gjennomgang av materialet

syner at organisasjonen framfor alt var oppteken av

læringsresultata til elevane. Slik argumenterte KS:

1. Dei norske PISA-resultata viser at norsk skule

ikkje er god nok.

3

Noko må gjerast.

2. Solid forsking og mange evalueringsrapportar

syner at kollektiv orientering – god leiing,

Binding av lærartidog elevresultat

Illustrasjonsfoto:

fotolia.com

Bedre Skole nr. 3

2016

14