Table of Contents Table of Contents
Previous Page  15 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 15 / 100 Next Page
Page Background

samspel mellom leiing og lærarar, tett samar-

beid lærarane imellom – fører til betre læring.

3. Samarbeid og god leiing kan ikkje verta ein

realitet med mindre lærarane

samtidig

er

tilgjengelege for leiinga og for kvarandre.

4. Forsøk med lokalt avtalte ordningar har ikkje

gjeve ynskt resultat; over tid er det blitt færre,

ikkje fleire, kollektivt orienterte skular.

4

5. Løysinga finst: Meir bunden felles arbeidstid

for lærarane vil gje rom for god leiing, for

tettare lærarsamarbeid, for kollektiv oriente-

ring og organisering, til beste for elevane og

deira læring.

I denne artikkelen går eg gjennom KS sin pre-

sentasjon av den forskinga og dei evaluerings-

rapportane som organisasjonen la til grunn for

standpunkta sine, og jamfører presentasjonen med

det som faktisk står i dei omtalte publikasjonane.

Rapporten som KS stødde seg tyngst på, vert un-

dersøkt med tanke på fagleg gehalt.

Forsking

Andy Hargreaves og Michael Fullan

I nyheitsbrev av 03.07. 2014 synte KS til Andy

Hargreaves og Michael Fullan einast ved namn.

Eg finn det rimeleg å gå ut frå at det var den mest

kjende felles publikasjonen til dei to forskarane

det vart referert til, den prislønte

Professional

Capital: Transforming Teaching in Every School

(Hargreaves & Fullan 2012). Til denne skreiv

forfattarane utfyllande Book Notes (Fullan &

Hargreaves 2013). Der blir det understreka, som

av KS, at lærarsamarbeid, kollektivt ansvar og god

leiing bidrar til ein god skule. Men Fullan og Harg-

reaves rår frå pålagd felles planleggingstid – slikt

ville innebera altfor sterk styring av tidsbruken til

lærarane («overmanaging the specifics of colle-

gial time»).

5

Dessutan: å styra gjennom pålegg og

byråkratisk standardisering er kontraproduktivt;

å leia ved å gje lærarane tillit og syna dei respekt

gjev den gode skulen.

Viviane Robinson

Utan referanse til publikasjonar viste KS til «Vi-

vian Robinson» i nyheitsbrevet av 03.07.2014. Eg

finn det rimeleg å gå ut frå at det var den førebels

siste boka til Viviane Robinson det vart referert til,

Student-Centered Leadership

(2011), der Robinson

reiser spørsmålet om reorganisering av timepla-

nen for å skapa tid til samarbeid mellom lærarane.

Ho avviser ikkje tiltaket, men rår heller ikkje til:

problemet er ikkje tid, det er å læra å leggja data

inn i den eksisterande avgjerdsprosessen («[t]he

problem is not time but learning how to insert

data into the current decision-making process»).

6

Knut Roald

Omtalen av Knut Roald si doktoravhandling

Kvali-

tetsvurdering som organisasjonslæring mellom skole

og skoleeigar

(2010) hadde overskriftene «Tidsty-

ver, eller…?» og «Tilstedeværelse er en forutset-

ning». KS skreiv at medan kvalitetsarbeid ofte

hadde fått eit negativt stempel og var blitt omtalt

som tidstjuveri, så synte Roald korleis kommunar

kunne arbeida produktivt med kvalitetsvurdering

og kvalitetsutvikling. KS konkluderte at meir

bunden arbeidstid ville gje lærarane betre høve

til å bidra med sin kunnskap i desse prosessane,

slik at «politikerne settes i stand til å gjøre gode

vedtak».

7

Knut Roald ser det som naturleg at lærarane

vert trekte inn som aktive deltakarar i arbeidet

med kvalitetsvurdering, men han synest vera lite

oppteken av formelle vedtak: «Tradisjonelle mø-

teformer med saksførebuing, diskusjon og vedtak

høver dårleg for arbeid med kvalitetsspørsmål».

8

Uttrykket «gode vedtak», sentralt i KS si forstå-

ing av doktoravhandlinga, er ikkje henta frå Knut

Roald sin tekst. Heller ikkje «tilstedeværelse er en

forutsetning» har opphav i avhandlinga.

KS siterte Knut Roald på korleis kvalitetsvur-

dering kan gagna skulen – «… kommunane [kan]

innrette seg slik at kvalitetsvurdering stimulerer

til ein kunnskapsutviklande dynamikk som gir eit

auka lokalt handlingsrom» – men gav ikkje att

denne modererande utsegna: «Det er ei utfor-

dring for dei politiske, administrative og faglege

ledda i skolen at ei omfattande satsing på kvalitets-

vurdering gjennomgåande ikkje har gitt framgang

i elevane sine læringsresultat».

9

Bedre Skole nr. 3

2016

15