Table of Contents Table of Contents
Previous Page  17 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 17 / 100 Next Page
Page Background

Tid til en kollektiv og attraktiv skole

Våren 2001 sende Utdannings- og forskingsdepar-

tementet ut rundskrivet «Sentralt initierte forsøk

med alternative arbeidstidsordninger i skolever-

ket», der skular, kommunar og fylkeskommunar

vart inviterte til å søkja om å få delta i dei plan-

lagde forsøka.

15

Den overordna målsetjinga for

«Sentralt initierte forsøk» var at dei skulle bidra

til betre kvalitet på undervisninga. Departementet

såg føre seg forsøk med:

endra arbeidstidsordningar

endra arbeidsmåtar som kunne stimulera

elevane til å ta ansvar for eiga læring

endra arbeidsorganiseringar

368 skular deltok i forsøket. Evalueringa,

Tid til en

kollektiv og attraktiv skole

frå SINTEF-IFIM, låg

føre ved årsskiftet 2002/2003. Ho vart godt motte-

ken. «Endret arbeidstid gir bedre undervisning»,

slo Utdannings- og forskingsdepartementet fast i si

pressemelding, og la til at statsråd Kristin Clemet

var svært nøgd med resultata. Pressemeldinga sa

frå om at forskingsresultata ville vera ein del av

grunnlaget for forhandlingane om ny arbeidstids-

avtale for undervisningspersonalet.

16

Som nemnt var det

Tid til en kollektiv og attrak-

tiv skole

som i fyrste rekkje utgjorde det faglege

grunnlaget for KS sin argumentasjon i forhand-

lingane med lærarorganisasjonane. KS meinte at

Sintef-rapporten var det mest grundige som var

gjort,

17

skreiv at «[rapporten gir] ganske entydige

signaler på at skoler med en god samarbeidskultur

… får bedre resultater»,

4

og omtalte han som «et

viktig premiss for arbeidet som ble satt i gang for

at flere skoler skulle organiseres med alternativ

arbeidstid».

4

Det var lite gjennomtenkt av KS å stø seg tungt

Tid til en kollektiv og attraktiv skole

i arbeids-

tidsforhandlingane. Rapporten er nemleg meto-

disk så problematisk at det er uråd å festa lit til

resultata. På punkt etter punkt ligg det føre avvik

frå «best practice» for evalueringar, slik desse vert

gjennomførte av til dømes NFER – the National

Foundation for Educational Research in England

and Wales. Eg går nærmare inn på to avvik:

1) «Best practice»-evalueringar krev representa-

tive utval. Departementet trekte skulane for delta-

king i «Sentralt initierte forsøk» på ein måte som

førte til at utvala måtte bli ikkje-representative.

Dei vart skipa gjennom sjølvvald påmelding –

noko som utan vidare gjev skeive utval

18

– på

følgjande vilkår: (a) rektor måtte ynskja forsøk,

og (b) det måtte vera lokal semje om deltaking

mellom partane.

19

Ved somme skular kunne læra-

rar som ikkje ynskte å delta, få fritak. Opptil 30 %

av 9100 lærarar kan ha blitt filtrerte bort på dette

viset.

20

Ved oppstart ynskte alle rektorane og 88 %

av lærarane å gå i gang med forsøk (6 % var imot,

5 % melde «veit ikkje»).

21

Departementet sin bruk av skeive utval la på

eine sida til rette for ei entusiastisk gjennomføring

av forsøka, nesten utan motkrefter, konfliktar og

utmattande diskusjonar. På hi sida førte bruken

til ei svekking av utsegnskrafta til den påfølgjande

evalueringa. Funn som har opphav i skeive utval

er nemleg ikkje generaliserbare; dei fortel lite om

kva som vil skje når ordningar tufta på funna vert

rulla ut som fullskalatiltak.

2) Det vart nytta einast inntrykksbaserte data for å

undersøkja læringsresultata, samla inn ved hjelp av

spørsmålet «Hvordan synes du at utviklingen av de

følgende forhold har vært som følge av forsøket?».

Figur 1 viser gjennomsnittleg svarfrekvens for dei

tre resultatorienterte forholda det vart spurt om

i spørjeskjemaet til rektorane, til lærarane og til

elevråda: læringsresultat generelt, læringsresultat

i norsk og læringsresultat i matematikk.

0

10

20

30

40

50

60

Rektorar

Lærarar

Elevråd

Positiv

Negativ

Figur 1: Gjennomsnittleg svarfrekvens (%) blant rektorar,

lærarar og elevråd for tre forhold knytte til fagleg læring:

læringsresultat generelt, læringsresultat i norsk og læ-

ringsresultat i matematikk.

Bedre Skole nr. 3

2016

17