Table of Contents Table of Contents
Previous Page  18 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 18 / 100 Next Page
Page Background

Figur 1 syner at medan 44 % av rektorane meinte

læringsresultata jamt over var blitt betre som føl-

gje av forsøka, var det berre 1 % som trudde dei

var blitt dårlegare.

22

Blant lærarane trudde 30 % at

elevane lærte meir, medan 5 % meinte å ha sett ei

negativ utvikling.

23

Blant elevråda var fordelinga

53 % positiv mot 13 % negativ.

24

Er det mogleg å

utfordra så eintydige funn? Tre studiar kan gje

svaret.

Så vidt eg veit ligg det berre føre éin norsk

studie som spesifikt undersøkjer truverdet til inn-

trykksbaserte målingar av læringsutbyte. I denne

studien fann forfattarane (Lunde og Skeiseid 2012)

eit ikkje-signifikant samband på 1,4 % mellom inn-

trykksbaserte og karakterbaserte målingar. Det

vart konkludert at dei inntrykksbaserte målingane

såg ut til å ha gjeve misvisande informasjon.

Det ovannemnde Ny GIV-prosjektet fekk dob-

belt evaluering, den eine inntrykksbasert (Lød-

ding og Holen 2013), den andre evidensbasert

med grunnlag i karakterar (Eielsen mfl. 2013). I

den inntrykksbaserte evalueringa vart lærarane

bedne om å ta standpunkt til utsegna «Elevene

presterer bedre i de fagene/ferdighetene de får

intensivopplæring i». 76 % av respondentane

svarte at utsegna stemde «svært godt» eller «gan-

ske godt».

25

Ei gruppe på 1,1 % av lærarane meinte

at utsegna stemde «svært dårlig». Det var denne

gruppa som fekk støtte frå forskarteamet som

gjennomførte den karakterbaserte evalueringa:

Eielsen mfl. fann nemleg ingen klåre teikn til at

elevane sine faglege prestasjonar var blitt påverka

av intensivopplæringa i Ny GIV.

26

Det er såleis påviseleg at det kan vera stor sprik

mellom inntrykksbaserte og karakterbaserte må-

lingar av læringsresultat. Nøyaktig kor stor sprik

forskarane frå SINTEF ville ha funne ved dobbelt

evaluering av «Sentralt initierte forsøk» er uvisst,

men me kan i det minste slå fast at KS er på ustø

grunn når Per Kristian Sundnes tolkar høg svarfre-

kvens for «lærer meir» som eit eintydig signal på

betre læring.

4

Det er ikkje tilfeldig at evalueringar

som fylgjer «best practice», styrer unna bruk av

inntrykksbaserte data for læringsresultat.

Ein sidemerknad: Bråk i klasserommet vert

gjerne sett på som eit trugsmål mot læring.

Elevråda rapporterte om ein auke i uro som fylgje

av «Sentralt initierte forsøk» (meir uro: 49 %;

mindre uro: 21 %).

27

Ved eitt høve lovar forfatta-

rane av

Tid til en kollektiv og attraktiv skole

å koma

inn på dette forholdet i seinare kapittel,

28

men

leiting gjev ingen funn. Gløymde forskarteamet

lovnaden sin?

Oppsummering og konklusjon

Ovanfor gjekk eg gjennom den forskinga det vart

vist til i KS sine nyheitsbrev våren og sommaren

2014, og fann at korkje Hargreaves & Fullan,

Viviane Robinson eller Knut Roald ordlegg seg

på måtar som gjev støtte til KS sine vurderingar

kring meir binding av lærarane si arbeidstid til

arbeidsplassen. Vidare undersøkte eg dei fire eva-

lueringsrapportane som KS synte til i nyheitsbreva

sine. To tek ikkje opp spørsmålet ommeir binding

av arbeidstida vil gje meir og betre læring for ele-

vane; ein peikar i motsett lei av det KS seier om

verdien av kollektiv orientering; ein syner så store

avvik frå «best practice» for evalueringar at funna

knapt kan nyttast som kjelde til kunnskap om kva-

liteten på den norske varianten av den kollektivt

orienterte skulen med meir bunden arbeidstid.

Sannsynlegvis ynskjer KS å føra omkampen om

lærarane sine arbeidstidsordningar med grunn-

lag i forskingsbasert argumentasjon kring det å

skapa rom for betre læring. Då må KS få parkert

forskinga og rapportane som det vart vist til i ny-

heitsbrev, debattinnlegg og intervju i 2014. Pilene

må snu for prosjektet «Ungdomstrinn i utvikling».

Og KS må leita fram – eventuelt sjølv planleggja

og gjennomføra – evidensbasert norsk «best

practice»-forsking som utvitydig syner ei årsak –

verknad-samanheng mellommykje bunden, felles

arbeidstid for lærarane og betre læring for elevane.

KS har ei krevjande tid framfor seg.

NOTAR

1

http://www.nrk.no/enighet-mellom-partene-i-strei-

ken-1.11908506

2

https://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tariff/

Streik%202014/Tariffrevisjonen%202014%20mellom%20

KS%20og%20Utdanningsforbundet%201_3%20.pdf

3 Nyheitsbrev frå KS, 24.01.2014. Nyheitsbreva frå KS i

2014 vedrørande forhandlingane om arbeidstidsordningar

synest ikkje lenger å vera tilgjengelege på KS sine

nettsider. Eg gjev opp datoane, men finn det lite

Bedre Skole nr. 3

2016

18