Table of Contents Table of Contents
Previous Page  16 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 16 / 100 Next Page
Page Background

Evalueringsrapportar

Til støtte for kravet om meir binding av lærarane

si arbeidstid til arbeidsplassen viste KS til fire rap-

portar frå evalueringar av forsøk i skulen. Sterkast

vektlagd blant desse vart

Tid til en kollektiv og

attraktiv skole

(Bungum mfl. 2002/2003), evalu-

eringa av «Sentralt initierte forsøk med alternative

arbeidstidsordninger i skoleverket». Av den grunn

er det dette forsøket og denne rapporten som får

den mest grundige omtalen nedanfor.

Fra Ny GIV til varig givende

Rapporten (Røhnebæk mfl. 2014) undersøkjer

samarbeidet mellom fylkeskommune og kom-

mune i det sentralt initierte Ny GIV-prosjektet,

regjeringa si satsing for å redusera fråfallet i vi-

daregåande skule. Rapporten vart tinga for å få

identifisert «flaskehalsar» som ville kunna skapa

problem i framtidige samarbeidsprosjekt.

I nyheitsbrevet av 27.08.2014 synte KS til ei ut-

segn frå ein av forfattarane, at lang avspaseringstid

på sommaren hadde vore ei utfordring når det

gjaldt vidareføring av sommaraktivitetar. Sjølve

rapporten gjev detaljane: at somme kommunar

hadde skapt administrativt kaos ved å lata kom-

munale Ny GIV-prosjektleiarar følgja skuleverket

sine avspaseringsordningar.

KS peikte vidare på at rapporten identifiserte

tid

som ein flaskehals når det gjaldt kunnskaps-

deling mellom lærarar. Det er rett, men rapporten

korkje påstår eller påviser at alternative arbeids-

tidsordningar ville ha skapt eit overskot av tid som

ville ha kunna bli nytta til kunnskapsdeling.

Mellom individuell og kollektiv praksis

Rapporten (Irgens 2009) er ei evaluering av «Pro-

sjekt lokale arbeidsavtaler» i Nord-Trøndelag.

Seks skular, tre kommunar og fylkeskommunen

deltok i prosjektet. Føremålet var å etablera eit

nettverkssamarbeid som skulle gjera det lettare å

innføra lokale arbeidsavtalar i skulane.

I rapporten vert det understreka at den kol-

lektive dimensjonen har mykje å seia for ei rekkje

faktorar i skulen, blant anna for arbeidssituasjonen

til lærarane og læringsutbytet til elevane. Samstun-

des vert det peikt på at det finst fleire fallgruver

på vegen frå ein individuelt orientert til ein kol-

lektivt orientert skule, til dømes «kollektiv indi-

vidualisme»: felles arbeidstid er bunden opp, og

lærarar og leiing er til stades på same tid, men dei

har lite meiningsfylt samarbeid.

10

Rapporten gjev

inga tilråding om meir pålagd felles arbeidstid for

lærarane eller om sterkare styringsrett for rektor.

En gavepakke til ungdomstrinnet?

Denne rapporten (Postholm mfl. 2013) evaluerer

piloten for prosjektet «Ungdomstrinn i utvik-

ling». Prosjektet representerer ei nasjonal satsing

for ungdomssteget i perioden 2012 – 2017, og gjev

tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klas-

seleiing, rekning, lesing og skriving. Det ligg føre

eit rammeverk utarbeidd av Utdanningsdirekto-

ratet, der mål og tiltak vert beskrivne.

11

Over 5 år

vil kostnaden vera over 500 millionar.

Med referanse til forskinga kring prosjektet

skreiv KS: «Solid forskning viser at [en mer kol-

lektiv samarbeidskultur] bidrar til bedre læring».

12

Resultat relaterte til KS sin påstand, henta frå

En

gavepakke til ungdomstrinnet?,

vert presenterte i

Tabell 1.

13

Tabell 1: Koeffisientar for korrelasjon mellom trekk ved

skulen og karakterar frå Skoleporten (skulenivå; N=20).

Tala frå Skoleporten er gjennomsnittstal, siste 5 åra.

Grunnskule-

poeng

Matematikk

stp.

Norsk

stp.

Aktiv, systematisk og dialogbasert

leiing

- 0,111

- 0,164 - 0,034

Læring mellom lærarar

- 0,201

- 0,376 - 0,152

Samarbeid og felles ansvar for

undervisning

- 0,075

- 0,095 0,030

Observasjon av og refleksjon kring

undervisning

- 0,280

- 0,242 - 0,152

Diskusjon av fagtekstar og

pensumlitteratur

- 0,326

- 0,385 - 0,152

Koeffisientane i Tabell 1 er jamt over negative og

syner såleis ein samanheng mellom grad av kollektiv

orientering og

fallande

elevprestasjonar – altså mot-

sett tendens av den KS hevda at solid forsking viser.

14

Bedre Skole nr. 3

2016

16