Table of Contents Table of Contents
Previous Page  17 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 17 / 72 Next Page
Page Background

på småbarnsavdelinga, og får halde fram

med den som tre- og fireåringar. Når

den pedagogiske leiaren går gjennom

orda igjen, er det fleire barn som seier

dei høgt saman med henne. Velledalen

Naturbarnehage i Sykkylven på Sunn-

møre er ein av 250 barnehagar i Norge og

Danmark sombrukar Bravo-leken under

samlingane sine.

FYRST I NORGE

_Ungane gler seg til denne stunda, seier

dagleg leiar Torild Hole. Ho var blant

dei fyrste i Norge som gjekk på kurs for

å lære segmetoden. Etter å ha prøvd seg

fram, landa barnehagen på å kombinere

Bravo-leken med Snakkepakken, eit

anna pedagogisk språkverkty, der ein

synleggjer forteljingar, songar og reglar.

– Vi planlegg det slik at orda i Bravo-

leken samsvarar med tematikken i

Snakkepakken. Vi pøsar på med ord og

omgrep, somvi ofte lar barna erfare inn-

haldet av, gjennombruk av både sansane

og fysisk utfalding. Når vi har ordet surt,

får dei til dømes smake, lukte, kjenne på

og sjå ein sitron. Håpet er at innsatsen

fører til ei god språkforståing, gir barna

ein fin start og hindrar lærevanskar,

seier Hole.

første steg nr

1

|

2016

|

17