Table of Contents Table of Contents
Previous Page  18 / 72 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 18 / 72 Next Page
Page Background

Ved denne barnehagen går dei også gjennom namna til alle barna under samlinga,

og mange kjenner att bokstavane både i sine eigne og andre sine namn.

AKTUELT

SPRÅKKORT

–Kan de peike på konkrete resultat av

å bruke Bravo-leken?

– Vi ser ein auke i talet på barn som

kan å lese allereie i barnehagen, men

kan ikkje svare på om det skuldast inn-

sats i heimen, i barnehagen eller i ein

kombinasjon av desse. Men det vi veit,

er at interessa for bokstavar og ord har

blittmykje større. I tillegg ser vi at barna

kosar seg, seierHole og pedagogisk leiar

Renate Martha Skjortnes.

LESTE SOMTREÅRING

Det er spesialpedagog Heidi Aabrekk

som står bak Bravo-leken. Ho fortel at

det førebels ikkje finst konkrete studiar

som kan dokumentere effekten av den.

–Men i Andøy kommune såg vi redusert

behov for spesialpedagogikk i 1.- og 2.

klasse, etter tre år med ekstra tidleg

innsats i barnehagane. Bravo-leken var

eitt av fleire grep kommunen tok, seier

Aabrekk. Leiar for PPT i Andøy, Dag Erik

Hovlund, stadfestar dette.

– Vi kan ikkje vite konkret kva ned-

gangen i behovet for spesialpedagogikk

skuldast, men Bravo-leken er eitt av

mange tiltak somvi trur har hatt positiv

innverknad, seier Hovlund.

No harmetoden hamna på forskarane

sine pultar.

–Bravo ermed i eit treårig forskings-

prosjekt gjennom Høgskulen i Sogn og

Fjordane, der ein ser på effekten av

Bravo-leken opp mot andre verkty for

tidleg innsats, seier Aabrekk.

Ho oppdaga sjølv denne pedagogiske

tilnærminga i USA, etter at ho fekk ein

son fødd med alvorleg hjerneskade.

– Legane i Norge sa det ikkje var håp

om at han kunne lære å kommunisere,

men allereie som treåring kunne han

lese. Forskinga viser oss at det er fram

til treårsalderen dei fleste koplingane

i hjernen blir laga. Det er då lærings-

potensialet er størst, og her bør vi ha

ei aktiv tilnærming, ikkje ein vente og

sjå-taktikk, seier Aabrekk.

PRESS ELLEREI?

–Både foreldre og barnehagane har sterke

ønske om at barna skal klare seg så godt

sommogleg når dei skal over i skulen. Har

de her bygd opp eit pedagogisk program

somspelar på desse intense ønska, for slik

å tene pengar på det?

– Vi er sosiale entreprenørar som

ønskjer å fremje læring. Vi byggjer

arbeidet vårt på den kunnskapen vi har

om hjernen. Som spesialpedagog er det

Ved Velledalen Naturbarnehage har dei gjennom

Bravo-leken også knytt til seg ekspertise innan

matlaging, og når dei skal ete lunsj i det fri,

lagar Renate Martha Skjortnes (t.v) og Kristine

Lovise Eliassen blomkålsuppe frå grunnen av.

Dagleg leiar i Velledalen Naturbarnehage, Torild Hole, er nøgd

med Bravo-leken, og seier dei vil halde fram med å vise desse

korta til barna, som eit ledd i å fremje språkforståinga deira.

18

|

første steg nr

1

|

2016