satsinga på Bravo-leken som ligg hjartet
mitt nærast. Når det gjeld den bedrifts-
messige biten av det heile, er vi framleis
avhengige av stønadar for å kunne drive
selskapet, seier Aabrekk.
– Bravo-leken har blitt kritisert for
å kunne føre til prestasjonspress blant
barn allereie før dei er fylt tre år. Er det
fare for det
?
– Det finst ikkje prestasjonskrav i
Bravo-leken, og tilbakemeldingane vi får
frå barnehagane er at det er stor inter-
esse blant dei små omå veremed. Det er
snakk omå brukemellom10 og 15minutt
på dette kvar dag, og barna har framleis
mykje rom for fri leik, seier Aabrekk.
MÅEVALUERE
Pedagogikkprofessor ved Høgskolen i
Hedmark, Thomas Nordahl, seier det
er fullt mogleg at Bravo-leken kan ha
ein effekt.
–Opplegget ser veldig systematisk ut,
og det er bra når det gjeld språkstimule-
ring. Utfordringa er at det finst mange
gode intensjonar, og dermed ogsåmange
tiltak ein kan veljemellomoverfor barna.
Difor er det viktig at vi får gode evalu-
eringar av desse tiltaka, slik at vi vel rett,
seier Nordahl.
Pedagogisk leiar Anita Nakken køyrer Bravo-leken for dei mellom 0–3 år ved Velledalen Naturbarnehage, og det er særskilt i denne aldersgruppa
potensialet for læring er stort.
om bravo-leken
• Selskapet Intempo AS, med base i Sandane
i Sogn og Fjordane, står bak Bravo-leken.
• Spesialpedagog og gründer, Heidi Aabrekk,
omtalar selskapet som ein sosial
entreprenør, som koordinerer kunnskap
om barn si tidlege hjerneutvikling.
• Intempo AS sittmål er å jobbe for ein
heilskapleg pedagogisk innovasjon for
barn mellom0-3 år.
• Gjennom bruk av ord-, bokstav-, bilete- og
faktakort, søkjer ein å stimulere dei minste
si språkutvikling. Sanseopplevingar og
fysiske aktivitetar skal og brukast for å gi
ord og setningar innhald.
• Verktyet skal fremje språkutviklinga blant
dei minste gjennom å auke ordforrådet,
betre forståinga for kva orda betyr, auke
språkleg medvit og gi barna motoriske
utfordringar.
• Poengtert at ekstra tidleg og heilskapleg
innsats kan førebyggje lese- og
skrivevanskar.
Kjelder:
bravoleken.no, Heidi Aabrekk
Gründer av Bravo-leken
og spesialpedagog Heidi
Aabrekk seier forsking
viser at tidleg læring gir
betre læring.
Foto: Ellen Lande Gossner
første steg nr
1
|
2016
|
19