Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  27 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 27 / 68 Next Page
Page Background

YRKE

MAI 2015 •

27

På Høgre sitt landsmøte var

styrking av yrkesfaga tema. Fleire

fylkeslag hadde sendt inn krav

om handling for å skaffe fleire

læreplassar og sikre rekruttering av

nok lærarar. Det er eit engasjement,

og ein vilje til å prioritere yrkesfaga

i det politiske landskapet.

På Høgre sitt landsmøte var styrking

av yrkesfaga tema. Fleire fylkeslag

hadde sendt inn krav om handling

for å skaffe fleire læreplassar og sikre

rekruttering av nok lærarar. Det

er eit engasjement, og ein vilje til å

prioritere yrkesfaga i det politiske

landskapet. Skal vi tru SSB, vil vi

innan 2030 kome til å mangle 13

0000 fagarbeidarar. Ein av Høgre

sine medlemmar i KUF-komiteen

på Stortinget, Kent Gudmundsen,

meiner at Høgre sitt landsmøte no

tar eit «kraftig grep» og «fornyar

yrkesfagløftet». Eit av tiltaka er å

stille strengare krav til det offentlege,

slik at dei legg til rette for fleire

læreplassar. Så får vi håpe at dei

private følgjer opp.

Det er ikkje lenge sidan

Arbeiderpartiet fremja eit forslag på

Stortinget som også handla om eit

løft for yrkesfaga. Ikkje mindre enn

33 tiltak låg i dette forslaget. Felles

for mange av desse er at dei «ber

regjeringa om å styrke…» «leggje til

rette for…» eller «leggje fram ei sak

om» noko. Til å vera eit dokument

med 33 kulepunkt, er forslaget særs

utydeleg – men det osar av gode

intensjonar og god vilje.

Samstundes held vi på med å

implementere Stortingsmelding 22

På rett vei som eit samla Storting

slutta seg til. Mange av dei tiltaka

som er skissert her, er gode tiltak

som eg har stor tru på kan medverke

til å vidareutvikle fagopplæringa.

At så mange politiske parti også

støttar eit løft, er løfterikt for valet til

hausten.

Slik er altså situasjonen: Medan

dei politiska rammene blir lagde

nasjonalt, er det i kommunane

og i dette tilfellet, særskilt i

fylkeskommunane at den nasjonale

politiske viljen skal omsetjast til

praksis. Det er politikarane på

fylkesnivået som skal målbæra dei

nasjonale ambisjonane for yrkesfaga.

Eg vonar at dei vil snakka opp

yrkesfaga, og at dei vil kome med

forpliktande løfter om kva dei faktisk

skal gjere. Vi har i lang tid jobba for

å ruste opp skulane med utstyr og

kompetanse, og her ligg også noko

av svaret på korleis vi skal løfte

fagopplæringa. Medan byråkratane

undersøker korleis situasjonen

er rundt om, veit vi frå vår eiga

medlemsundersøking at 4 av 10

yrkesfaglærarar ikkje har det utstyret

kompetansemåla krev. Mange

manglar også formell kompetanse for

å undervise på yrkesfag.

Korleis kan vi gjere dette til viktige

spørsmål i fylkestingvalkampen?

Vi treng at medlemar og tillitsvalte

snakkar høgt om behovet for å rusta

opp dei vidaregåande skulene. Vi må

krevje at det blir høve til å ta etter- og

vidareutdanninga. Vi treng innlegg i

lokalavisar, at det blir stilt spørsmål

på valmøta og at ein utfordrar

politikarene på kva dei faktisk skal

gjere for å oppfylle løfta sine.

Det er de, medlemmene og

tillitsvalde på yrkesfag, som eig

fagkunnskapen og veit kva som

trengs. De er de som kan fortelje

kvardagshistoriene om korleis

elevane opplever skulen i dag og kva

behova for morgondagen er. Det er

desse historiene som kan gjere ein

politisk forskjell når det gjeld i kva

grad nasjonale politiske ambisjonar

for yrkesfaga blir realisert.

Godt val!

YRKESFAG TEMA I VALKAMPEN

FORBUNDS

KOMMENTAREN

Ragnhild Lied

er leder av Utdanningsforbundet