Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  30 / 64 Next Page
Basic version Information
Show Menu
Previous Page 30 / 64 Next Page
Page Background

30

YRKE

DESEMBER 2014

For meg er profesjonsetikk først og

fremst noko vi lærarar treng å arbeide

med for å kunne gjere ein best muleg

jobb. Vår jobb handlar om å vere tett

på når barn og ungdom skal skape sine

personlege livsprosjekt. Den danske

teologen og filosofen Knud E. Løgstrup

seier at «du har aldri noe med eit anna

menneske å gjere utan at du samstundes

held noko av livet til den andre i dine

hender». Det gjeld i særleg grad for

lærarar. Og det er ikkje overraskande

at når godt vaksne menneske skal

fortelje om lærarar dei sette pris på,

så løftar dei nesten alle som ein fram

opplevinga av å ha blitt sett og å ha

møtt forventningar og tillit direkte retta

mot seg sjølv. Det neste dei nemner, er

å ha møtt ein modell, ein begeistra og

kunnskapsrik formidlar og inspirator.

Akkurat dette gjer læraryrket både

givande og utfordrande. Det finst ingen

fasit på korleis jobben skal gjerast.

Ansvaret den enkelte lærar dagleg

kjenner på, er naturleg nok svært stort.

I boka Profesjonsstudier

(Molander

og Terum) fann eg ein god definisjon

på lærarprofesjonen. Her er eit utdrag:

Til grunn for retten (til å være profes­

jonsutøver) ligger en anerkjennelse

av arbeidsoppgavenes samfunnsmes­

sige betydning og av deres karakter

av det vi har kalt «praksis», d.v.s. at

det handler om tjenesteyting overfor

klienter, med endringsorientering, at

det anvendes systematisert kunnskap,

men likevel brukes skjønn. Det politiske

fellesskapet har tillit til(…) at pro­

fesjonen som en sammenslutning vil

kunne garantere at disse oppgavene

blir utført i henhold til standarder for

god yrkesutøvelse.

Eg les dette slik at lærarane har fått

sitt oppdrag delegert fordi det handlar

om noe som må løysast ved bruk av

skjønn,

sjølv om det både ligg føre og

vert brukt systematisert kunnskap

.

Den systematiserte kunnskapen om

pedagogisk arbeid verken er eller kan

bli av ein slik karakter at den på eit

kontor eller i eit direktorat kan formast

om til allmenngyldige manualar for godt

lærararbeid. Lærarprofesjonen vil aldri

kunne byggje på eit vitskapelig funda­

ment som kan

erstatte

, eller

oppheve

behovet for

, det kloke og situasjons­

orienterte profesjonelle skjønn.

Samfunnet har behov

for ein

kollektiv danningsarena, der det

store prosjektet med å vidareføre vår

sivilisasjon er hovudoppdraget. Det

skal skje gjennom lærarprofesjonens

fortolking og realisering av oppdraget,

slik det er nedfelt i lover og planverk.

Mykje kan gå galt.

Skal dette da være reint lotteri? Nei,

fordi

«profesjonen

som en sammen­

slutning

vil kunne garantere at disse

oppgavene blir utført i henhold til

standarder for god yrkesutøvelse»

.

Dette skal samfunnet kunne forvente.

Dette skal profesjonen kunne gjere

greie for, både i styringslina, overfor

elevar og foreldre og overfor samfun­

net generelt. Den plassen der vi lærarar

opptrer

som ei samanslutning

, er i

profesjonskollektivet. Når lærarar

snakkar om tillitskrise, er det etter mi

meining erfaringar frå den arenaen dei

siktar til. Lærarane kan ikkje

forlange

tillit i befolkninga. Dei veit utmerka

godt at dei må gjere seg fortente til

den. Men dei kan og bør forlange å

bli møtt med tillit i styringslina. Det

betyr at dei må oppleve å få vere tunge

premissleggjarar for det som skal gå

føre seg på dei kollektive arenaene.

Ein lærar kan berre vere profesjon­

ell dersom ho får høve til å bruke

profesjonskollektivet som arena for

å forvisse seg om at eigen og andres

praksis fell inn under ei felles kvalitets­

forståing. Når Utdanningsforbundet

har utvikla ein profesjonsetisk platt­

form, er det nettopp i erkjenninga av

dette. Å vere formelt kvalifisert til å

arbeide som lærar er

ikkje

en garanti

for klok skjønnsutøving. Nettopp fordi

vi ikkje kan løyse vårt store oppdrag

gjennom evidensbaserte standardgrep,

må vi bruke profesjonskollektivet til eit

vedvarande arbeid med å etterprøve og

utvikle vår eiga yrkesutøving.

DET FINST INGEN FASIT

FORBUNDS

KOMMENTAREN

Ragnhild Lied

er leder av Utdanningsforbundet