Table of Contents Table of Contents
Previous Page  44 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 44 / 60 Next Page
Page Background

44 |

UTDANNING

nr. 11/6. juni 2017

Språk

Skal det berre vere slik i det uendelege at norske

utdanningsinstitusjonar får gi blaffen i norsk lov?

Bakgrunnen for reaksjonen er at ingen norske uni-

versitet eller høgskolar oppfyller mållova i 2016.

Dette går fram av ein artikkel i nettavisa Khrono.

Mållova seier at i alt publikumsretta, skriftleg

tilfang som sentrale statsorgan lagar, skal begge

målformene vere representerte med minst 25

prosent. Dette gjeld òg på heimesider, i sosiale

medium og andre tekstar som institusjonane

publiserer. Språkrådet har tilsyn med denne ord-

ninga og skal få rapportar frå institusjonane om

målbruken.

Her er tala utruleg nedslåande. For det første er

det slik at mange institusjonar ikkje ein gong gidd

å rapportere. Fristen i år var 31. januar, og enno

er det minst ni institusjonar som ikkje har gidda å

svare. For det andre er det ingen av institusjonane

som oppfyller krava når først rapporten ligg føre.

Kva er dette for ei unnasluntring? Har høgskole-

og universitetssystemet funne fram til deira heilt

eigen del av lovverket som er frivillig.

Noreg no bør sjå til Quebec. Dersom institusjo-

nar i Quebec bryt mållova der, begynner bøtene på

1500 dollar og går opp til 20.000. Slike tiltak kan

bli naudsynte også i Noreg. Ekstra grovt blir det jo

når desse lovbrota blir gjorde i fullt dagslys av dei

i landet som har ansvar for utdanning og kultur.

Khrono trekker fram Høgskolen i Oslo og Akers-

hus som eit eksempel. Der viser rapporteringa

at berre 3,2 prosent av sakene på

hioa.no

er på

nynorsk, 5,9 prosent av meldingane i sosiale

medium, og berre 4 av 153 skjema ligg føre på

begge målformer.

I brevet til høgskolen viser òg Språkrådet til at

det ikkje har skjedd noka betring av språkbruken,

sjølv om det har vore mykje og jamleg kontakt

mellom høgskolen og Språkrådet, og at Språkrå-

det har halde kurs i nynorsk for høgskolen.

Nå må leiinga ved denne høgskolen og alle dei

andre institusjonane straks følgje eksempelet til

direktøren ved Universitetet i Oslo, Gunn Elin Aa.

Bjørneboe, som har sendt brev til alle einingane

ved UiO og bede om at kvar fjerde sak på nettsi-

Debatt

Trur universitet og høgskular

at mållova er ei tullelov?

Meiningar

på nettet

Redaksjonen i Utdanning tek imot langt fleire

innlegg enn det er plass til i bladet. Men dei

fleste vert publiserte i nettutgåva vår, Utdan-

ningsnytt.no

. Her følgjer presentasjon av nokre

meiningsytringar:

Miljøterapeutisk kompetanse

sikrer bedre kvalitet i skolen

Fellesorganisasjonen (FO) Nordland viser til at

vernepleiere, sosionomer og barnevernspedagoger

innehar en særskilt kompetanse på miljøterapeutisk

arbeid som sikrer en bedre kvalitet i skolen. Disse

profesjonene må inn i skolen, heter det i et vedtak

fra representantskapet Fellesorganisasjonen (FO)

Nordland. [04.04.]

Til norsklærere som er imot dagens sidemål i skolen

Jeg har i mange år etterlyst i aviser og på sosiale

medier skolefaglige, norskfaglige, pedagogiske eller

fagdidaktiske holdbare argumenter for den obliga-

toriske skriftlige dobbeltopplæringa i morsmålet

med standpunkt og eksamen. Men det er helt tomt i

innkurven, skriver Knut Michelsen. [22.05.]

Arbeidslivsfag er en gave til skolen

I ungdomsskolen har vi samlet landets fremtid. Ung-

dommer med masse ressurser til å kunne være med

å utvikle Norge videre. Søknadstallene til de videre-

gående utdanningsprogrammene viser at ungdom-

mene søker i takt med trendene i arbeidsmarkedet,

skriver Per Gunnar Hamnøy. [18.05.]

Hvor ble det av naturskolene i Norge?

Fortsatt har vi entusiastiske lærere i norsk skole

som praktiserer deler av naturundervisningen ute,

og fortsatt har vi, dessverre, svært få naturskoler i

Norge, skriver Knut Monssen. [18.05.]

Kvar fjerde artikkel

frå Universitetet i Oslo på nettsidene og på sosiale medium skal vere på nynorsk ifølgje eit brev

frå universitetsdirektøren. Andre universitet og høgskular må no følgje dette eksempelet, meiner leiaren i Noregs

Mållag.

ARKIVFOTO

LENAOPSETH

dene og kvar fjerde melding som går ut i sosiale

medium somTwitter og Facebook, skal vere på

nynorsk.

Når utdanningsinstitusjonane så tydeleg ignore-

rer pliktene dei har andsynes Språkrådet, styrker

det uroa Noregs Mållag kjenner no når det er

aktuelt å flytte Språkrådet ut av Oslo. Språkrådet

må vere nær makta. Ei ny språklov har vore varsla

lenge. Når ho kjem, må ho gi Språkrådet tydelege

tilsyns- og sanksjonsoppgåver overfor offentlege

institusjonar som høgskolar og universitet.

Magne Aasbrenn

leiar i Noregs Mållag