Utdanning nr 12-2014 - page 54

54 |
UTDANNING
nr. 12/20. juni 2014
Kronikk
ungdommer og unge voksne i arbeidet med å fore-
bygge voldtekt.» (3, s. 10)
Straffelova paragraf 192 gjer greie for det juri-
diske grunnlaget for at valdtekt er kriminelt, og
det er heilt avgjerande at oppfatninga i samfunnet
samsvarar med dette. Haldningane til seksuelle
overgrep vil både ha konsekvensar for omfang
av brotsverket og for i kor stor grad slike overgrep
blir politimeldt. Straffelova rammar alle valdtek-
ter, uavhengig av om kvinna og mannen kjenner
kvarandre og uavhengig av samanhengen der vald-
tekta finn stad. Både lova og førearbeidet til lova
understrekar at det ikkje skal gjerast noko skilje
mellom «verdige» og «uverdige» offer. Fleire
undersøkingar viser likevel at det finst ei haldning
i samfunnet om at ikkje alle valdtektsoffer er like
«verdige». Ei undersøking frå 2007 ommenn sine
haldningar til valdtekt (3, s. 12), viste at 30 prosent
av dei spurte meinte at ei kvinne som er rusa, heilt
eller delvis er ansvarleg om ho blir utsett for sek-
suelle overgrep. Halvparten av dei spurte mennene
meinte at ei kvinne som flørta openlyst, heilt eller
delvis er ansvarleg dersom ho blir utsett for over-
grep. Kvar femte av dei spurte mennene meinte at
ei kvinne heilt eller delvis er ansvarleg for overgre-
pet dersom ho er kjent for å ha hatt fleire partnarar.
27 prosent av dei spurte i undersøkinga meinte at
ei rusa kvinne måtte «dele skyld» dersom ho vart
valdteken etter å ha vorte med ein person ho ikkje
kjenner heim frå byen. (3, s. 12)
I ein studie om valdsutsette barn og unge i Oslo
frå 2009 blir det konkludert med at dei alvorle-
gaste tilfelle av seksuelle krenkingar og overgrep
skjer i kjærastrelasjonar. Studiar av i kor stor grad
seksuelle overgrep blir politimeldt, viser at sjansen
for at valdtekt blir politimeldt, minkar di nærare
relasjonen mellom offer og overgripar er. (3, s. 12)
Ei undersøking frå Dixi ressurssenter viser at over
80 prosent følte seg skamfulle etter valdtekta og
65 prosent følte at det var deira eiga skyld. Hand-
lingsplanen mot valdtekt oppsummerer dette slik:
«Følelsen av skam og skyld må antas å være
nøye knyttet sammen med holdninger til voldtekt.
Det synliggjør behovet for å kommunisere klart og
tydelig om den grove krenkelsen og uretten et sek-
suelt overgrep er. Det synliggjør også behovet for
å understreke at voldtekt er en straffbar handling
og at det kun er overgriper som har skyld i over-
grepet». (3, s. 12)
Kvinner og menn har ulik posisjon
Forsking på seksualisert vald og valdtekt syner
at dette feltet har ein kjønna karakter. Kvinner
og menn har ein ulik posisjon, og forståinga av
denne ulike posisjonen vil etter mitt syn vere
heilt avgjerande for å kunne gjere eit godt førebyg-
gande arbeid. Denne forståinga kjem klårt fram i
handlingsplan mot valdtekt. Om det haldnings-
skapande arbeidet står det mellom anna:
«Foreldre og foresatte har i denne forbindelse et
ansvar for å lære de unge å ha respekt for egne og
andres grenser, både kroppslige og psykiske. Det
er særlig viktig å bevisstgjøre unge gutter om dette,
i og med at voldtekter også blant ungdom har en
klar overvekt av mannlige gjerningspersoner og
kvinnelige utsatte.» (3, s. 17)
Seksualisert vald og valdtekt er alvorleg krimi-
nalitet, og det faktum at denne form for krimina-
litet i så stor grad blir utført av menn mot kvinner,
rammar myten om likestillingslandet Noreg hardt.
Når så haldningane til slik kriminalitet syner så
store kjønnsmessige skilnader ved at menn i så
stor grad som tidlegare vist, har ein tendens til å
påleggje kvinnene ansvar for overgrepet, sam-
stundes som kvinnene opplever skyld og skam,
så skjønar vi at vi har ei stor utfordring, både i
likestillingsarbeidet og i førebygginga av vald mot
kvinner. Det kan vere utfordrande å ta inn over
seg samanhengen mellom likestillingsarbeidet og
kampen mot valdtekt. Men frå ein statistisk stå-
stad er det tydeleg at problemstillinga er kjønna,
og frå ein rettsleg ståstad er det klart at samfunnet
har plikt til å hindre valdtekt. Har då barnehage og
skole ei oppgåve?
Innsats i barnehage og skole
I «Handlingsplan mot voldtekt», blir innsats i bar-
nehage og skole, sterkt understreka. Barna skal
ifølgje «Rammeplan for barnehagens innhold og
oppgaver» utvikle forståing og respekt for eigen
og andre sin kropp, og personalet skal leggje til
rette for eit leike- og læringsmiljø som mellom
anna stimulerer til trygg og utfordrande kropps-
leg leik og aktivitet for alle, uavhengig av kjønn
og andre fysiske og psykiske føresetnader. (4) Dei
minste barna gjev uttrykk for sine opplevingar og
sine kjensler i hovudsak gjennom kroppsspråk,
mimikk og samhandlingsformer. Dei må bli teke
på alvor og møtt med grunnleggjande respekt og
med omsorg for det enkelte barn sin integritet.
Der barna si sjølvkjensle blir krenkja, der kan og
kimen til å finne seg i overgrep, eller utvikle mob-
beåtferd og manglande empati, bli lagt.
I skolefellesskapet blir relasjonane mellom gutar
og jenter utvikla og stadfesta. Dei haldningane
som blir kommuniserte her, vil dei unge ha med
seg seinare i livet. Handlingsplan mot valdtekt slår
fast at skolen er ein viktig arena for langsiktig og
førebyggande arbeid. Førebygging av valdtekt skal
heimlast i opplæringslova og i den generelle delen
av læreplanen. Det skal knytast opp mot kompe-
tansemåla i ulike trinn og fag. (3, s. 15) Førebygging
av valdtekt blir dermed ein vesentleg del av skolen
sitt arbeid for likestilling og likeverd mellom gutar
og jenter. Men korleis står det til med likestillings-
arbeidet i skolen? «Handlingsplan for likestilling
i barnehage og grunnopplæring 2008-2010» har
vorte evaluert. Rapporten fekk den treffande tit-
telen «Likestilling er jo ikke lenger det helt store..»
Rapporten syner at skolane ikkje jobbar etter ned-
felte, skriftlege målsetjingar for likestilling og dette
arbeidet når ikkje opp i prioriteringa av kva det
skal jobbast systematisk med i skolekvardagen.
(6) Same tendens syner seg i ei undersøking om
kjønnsrelatert mobbing mellom barn og unge.
Kjønnsrelatert mobbing er vanleg i ungdomsmiljø,
men lærarane og skolane har lite fokus på dette. (2)
Handlingsplanen for likestilling hadde ei tids-
«Undersøkingar tyder òg
på at slike opplevingar gir
auka risiko for å utvikle
rusproblem og for å bli
utsett for nye overgrep.»
1...,44,45,46,47,48,49,50,51,52,53 55,56,57,58,59,60,61,62,63,64,...68
Powered by FlippingBook